Loen sokn - Tjugen - Johansbruket - Kristian Tjugen Detalj - Bilde - Kilde - Tekst

Kristian Tjugen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 12. Tjugenslekta på Johansbruket.

12.11 Konrad Knutson Tjugen (1909-1972).

Han gjekk i snikkarlære med Elling Bø i Stryn. Styrde eit stort hønseri til oberst Mjøen i Gjøvik. Styrde ein gard i Nord Odal, arbeidde på trevareverksemda til Langmoen i Brumundal. Konrad var gift med Magnhild Ruttenborg (1914) frå Kapp på Toten. Born: Laila.

Laila Tjugen Johansen (1950) har gått handelsskule og arbeider i Den Norske Kreditbank i Brumundal. Ho er gift med Leif Johansen. Han arbeider på Moelven Bruk i Hedmark