Loen sokn - Loen - Antunsbruket (Antonbruket) - Ola Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Olsen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 11.4 Ola Olson Loen (1877 - 1911)

Ola, bror til Anders, var ein stillfarande mann som ikkje stakk seg fram. Han likna sikkert mykje på mor si. Då han var 20 år for han til Amerika. I den tida var Amerika det vissaste for dei som ikkje hadde noko visst å gå til heime. Broren var det som skulle ha garden, men då han døde hausten 1898, og foreldra bad han om å kome heim, gjorde han seg strakst ferdig og reiste heim. Ei jente som han var saman med før han for, hadde og fått ein gut som han var far til, og no gifte han seg med henne: Brite Steffensdotter Heggen (1879 - 1918). Dei tok no til på Antunsbruket.

Han hadde sett at folk bruka meir maskiner då han var i Amerika, og det vart han som kjøpte den første slåmaskina i Loen i 1901. Etter utskiftninga fekk Antunsane no eit stort arbeid med å fløtte ut frå det gamle tunet. Dei fekk jorda si i eit stykke frå Teigane og inn til Hagedalen, og dei bygde dei nye husa sine på Bjørkevollen. Han Ola var ein ordensmann i alt arbeid han tok seg for, og hendig i arbeid. Skøyte på garden fekk han først i 1910, og alt året etter i 1911 døde han av tuberkulose, 33 år gamal. Brita, kona hans livde igjen med mange små barn. Den eldste var 13 år og den yngste berre 2 år. Borna var: Johannes, han døde ung av tuberkulose, Oskar, Simon, Lina, Alfred og Jenny. Brita gifte seg på nytt med Henrik Bertelson Viken frå Jølster, og han vart då styrar på garden. Men også Brita fekk tuberkulose og ho døde i 1918. Dei hadde desse borna: Olga, Ellen og Borgny. Sidan gifte Henrik seg med Brita Vilhelmsdotter Yri. Dei hadde sonen Bård. Då Oskar overtok bruket i 1928, flytte Henrik med huslyden bort, og dei for sidan til Espeland i Hordaland.

11.4.1 Oskar Olson Loen (1900 - 1973).

Oskar hadde alt fått skøyte i 1912. Men etter at han vart konfirmert var han borte som tenestegut, serleg i Lodalen, og han var i snikkarlære. Han kom heim og overtok garden i 1928. Han var då gift med Kari Jonsdotter Eide (1897 -1937). Foreldra hennar hadde kjøpt seg gard i á�árskog på Sunnmøre, men dei selde den garden og fløtte til Antunsbruket til svigersonen og var der så lenge dei livde. Oskar og Kari fekk 3 born: Ei jente som døde som barn, Bergit og Palma. Oskar var som far sin flink i arbeid. Då demma i Lofossen vart riva bort i Loenulukka i 1936, vart han arbeidsformann og bygde opp att demma slik ho står den dag i dag. Han miste tidleg kona. Ho døde 40 år gamal i 1937 medan begge jentene var små. Sidan gifte han seg med Ingeborg Karolusdotter Kolset (1901) og dei fekk gutane OLa og Kåre. Ola (1944 - 1957) var berre 13 år gamal då han døde brått frå dei. Guten var kvik og evnerik, og det var eit tungt slag for foreldra. Oskar vart tidleg stiv i lemene, og det gjorde han etter kvart arbeidsufør. Det ser ut som det kan vere ein veikskap i slekta. Oskar var vel 72 år gamal då han døde i 1973. Oskar var arbeidskunning og kunne sjøl gjere alt som trengdest på garden av vedlikehald.

11.4.1.1 Kåre Oskarson Loen (1946)

Kåre vart brukar på Antunsbruket og fekk skøyte i 1973. Før han overtok garden hadde han teke til som rørleggjar hjå Kr. A. Vik i Stryn, og han heldt fram med det arbeidet. Heimebøen leigde han bort til hausting, og beitefeltet på sørsida av elva vart teke til byggjefelt. Han er gift med Brit Bonsaksen (1950) frå Sandvær på Helgeland. Dei har 3 born : Ann Karin (1969), Odd Ivar (1970) og Ronny (1971). Kåre har bygt nytt bustadhus ved sida av det gamle bustadhuset på garden.

11.4.1.2 Bergit Oskardotter Loen Hatlenes

Bergit (1929) var eldste dottera til Oskar og Kari på Antunsbruket. Ho er gift med byggmeistar Anders Berhart Hatlenes. Han har arbeidt på Grønland og i Haugesund, og no har dei bygt og bur på farsgarden Hatlenes i Selje. Dei har desse borna: Kari, Inge Olav, Ove Jan og Anders Ståle.

Kari (1951) er gift med fysioterapaut Geir Osnes. Dei har bygt hus og bur på Karmøy. Dei har desse borna: Rune (1973), Frode (1976) og Bente (1977).

Inge Olav (1954) er utdana til fysioterapaut og driv no det yrket i Trøndelag

Ove Jan Hatlenes (1959) arbeider som bygningsmann saman med faren.

Anders Ståle Hatlenes (1971) er den yngste sonen til Bergit og Anders Hatlenes.

11.4.1.3 Palma Oskarsdotter Loen Andersen (1933).

Palma er den andre dottera til Oskar og Kari på Antunsbruket. Då ho var vaksa, tok ho til i yrkeslivet. Ho var i mange år på tekstilfabrikken i Indre Arna. Ho er gift med Otto Andersen og dei bur no i Askim. Otto Andersen er industriarbeidar. Dei har sonen Kjell Magne (1973)