Personer - Simon Olsen Detalj - Bilde - Kilde - Tekst

Simon Olsen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 11.4.2 Simon Olsen si slekt i Amerika

Simon Olsen (1902) var son til Ola og Brita på Antunsbruket. Etter at han vart vaksen var han tenestegut, serleg var han oppe i Lodalen, men i 1921 for han over til Amerika. Han tok til med ymse arbeid. Han var og i dei store skogane på tømmerhogst. Men det vart liksom ikkje den vinninga som han hadde venta å få i Amerika. Etter nokre år gifte han seg med søskenbarnet sitt Emma Gimmestad (1910 - 1961), og no tok dei saman til å leggje planar for framtida. Dei budde i Montevideo i Minnesota. Det var ein by i god utvikling. Dei hadde no bruk for buss til å køyre borna til skulen, og Simon Olsen, som han kalla seg etter at han kom til Amerika, fekk denne jobben. Det var i 1933. Han var då nygift familiemann og hadde fått første barnet, Rosella (1927). Sidan fekk han Stanley (1932 - 1935) som døde tidleg til stor sorg for foreldra. Men på arbeidsplassen hadde dei framgang, og det vart stadig utviding med nye skulebussar. Både Emma og Simon køyrde kvar sine bussar, og elles tok Emma seg av rekneskap og bokføring, og det var eit godt samarbeid mellom dei to. Etter som arbeidet auka, måtte nye folk tilsetjast. Dette var eit yrke som Simon høvde vel til, han hadde nett det rolege og vinnande laget til å vere sjåfør. Han tok til med 4H og anna turkøyring i sommarhalvåret i tillegg til skulekøyringa. Det vart lange turar på fleire dagar, og ofte til mange av dei andre statane. Simon var akkurat den sjåføren alle ville ha. No har han 14 bussar, men no har han nått den alderen at sjølv om helsa er god vil han helst trappe ned. Emma, kona hans, døde frå han i 1961. Då var eit godt kompaniskap slutt som han aldri gløymer.

Simon Olsen var ein god norgesven. To gonger var han til heimbygda Loen medan kona livde og var med han, og no kjem han kvar sommar, han er like viss som fløttfuglane, og han har i alt vore her 14 gonger.

11.4.2.1 Rosella M. Olsen Macziewski (1927).

Rosella var einaste dottera til Emma og Simon Olsen, og ho gjekk straks ho var vaksen inn i arbeidet i Buscervice, og har overteke mykje av leiinga i verksemda. Ho er gift med Elroy W Macziewski (1921). Han er farmar. Dei har desse borna: Judi L (1946) Eugene E (1951), David L (1953) og Lanny A. (1966). Judi er gift med Alvin Gronewold (1945) og har to born: Jeffery L. (1963) og Brian L. (1971). Eugen har gått universitetet i Mineapolis. Han er gift med Diana Lee (1951) Dei har desse borna: Scott E. (1975) og Sara L. (1978). David er gift med Sandy Negan (1955). Dei har eitt barn: Joshua. D. (1976).