Loen sokn - Loen - Monsbruket - Anders M Loen Detalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders M Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 15.2 Olina Olsdotter Loen (1867-1921).

Olina frå Sjurebruket gifte seg med Mons Anderson Loen (1877 - 1948) og kom dermed inn i Monsslekta. Mons var elste sonen til Anders og Anne på Monsbruket. Han var berre 13 år då faren døde, og då mora gifte seg opp igjen, var det skifte og Mons fekk skøyte på bruket i 1882. Han var stor og sterk og måtte tidleg gå med i arbidslivet på garden. Før han var 20 år, var både stykfaren og mor hans døde. Han var då den einaste vaksne saman med den gamle bestemora, og hadde andsvaret både for garden og søskena sine som enno ikkje var vaksne. Samstundes vart det og utskiftning på garden Loen i 1897, med overskjønn i 1898. Då vart Monsbruket pålagd å fløtte ut av det gamle tunet, og byggje opp igjen husa på den nye teigen dei hadde fått. Ho Olina frå Sjurebruket var eldre enn han Mons, og ho var stor og mandomsam. Då han Mons og ho Olina gifte seg vart dei to om alle plikter og tunge tak. Dei var både sterke og strevsame, og det var etter kvart god framgang på garden. Og dei sett si ære i at alt skulle vere velstelt. Det første dei gjorde etter at ho var koma som husmor, var at dei bygde nye hus på den nye teigen, både stovehus og labygning med fjøsane og lada under eitt tak. Mons var ein trottug arbeidsmann og hjelpsam med hjelp til andre når dei hadde bruk for det. Ho Olina var sterk og eit arbeidsmenneske både inne og ute. Ho døydde vel femti år gamal, men då var alle borna vaksne. Han Mons hadde stor interesse for dyr, og han var ein god heste skjønar. Dei hadde 3 born: Anna, Olga og Anders. Anna døde i konfirmasjonsalderen av tuberkulose. Olga for til Amerika, og Anders overtok Monsbruket.

15.2.1 Anders Monsson Loen (1903)

Anders fekk skøyte på garden i 1934. Han har dyrka opp og planert mykje av garden for maskinbruk. Han har hatt store ominnreidingar både på stovehuset og ladebygningen. Det var han som stod i brodden for skiping av Loen elveigarlag, og det laget var med Bergens sportsfiskerlag og bygde laksetroppa i Lofossen i 1950 åra. Bergen Sportsfiskerlag har sidan vore leigarar av fiske i Loelva. Etter at laksetrappa var bygd, gjekk laksen også opp i den øvre elva og der og skipa dei eit elveigarlag. Dei to laga er no saman om å leige ut elva. Han Anders har og vore med i kommunestyret i Stryn og sameleis i skulestyret og andre kommunale nemnder. Han gifte seg med Ingeborg Jørgensdotter Glomnes (1898). Ho har heile tida vore ei påpasseleg og omsorgsfull husmor, og har vore med i arbeidet på garden både ute og inne. Dei bor no i gamlestova, og han Anders har som kårmann vore med i alt arbeidet på garden. Dei har 4 born: Magne, Olaug, Jørgen og Klara.

Magne Anderson Loen (1931) har gått Langvin Jordbruksskule og eit kurs i rekneskapsføring

Olaug Andersdotter Loen (1932) har gått eit sykurs. Ho har sidan gått inn i arbeidslivet som ysterske på Nordfjord meieri i Stryn.

Jørgen Andersson Loen (1935) har gått framhaldsskule og Holmøy arbeidsskule. Han fekk skøyte på bruket i 1973. Han arbeider på Stryn Møbel og styrer garden saman med kona. Han er gift med Liv Asborg Bernhardsdotter Rake (1945). Dei har 4 born: Asle (1971), Inger Martha (1972), Vigdis (1977) og Berit (1979).

Klara Andersdotter Loen (1937)har gått husstell skulen i Stryn. Ho er gift med Sverre Olson Rake og dei driv Kolbeinsbruket. Dei har 4 born: Ola (1959), Alf (1961), Kristi (1963) og Inge (1969) (Sjå elles under Kolbeinsbruket på Rake)