Personer - Gjertrud Ivarsdotter DaleDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Gjertrud Ivarsdotter Dale

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 11.4. Daleslekta.

På Dale, gr.nr. 51, kan ein følgje slekta så langt attende som Ivar Kleiva: Gulen i gamal og ny tid, bind 2 går (side 185-188 og 200-205). Vi får først følgje slekta på br.nr. 1. Den første brukaren Knut er nemnd i 1612-13. Sonen hans er Per, og han har ei dotter, Synneve, som gifter seg med Hans Ivarsson og dei tek over bruket. Kvar han kom frå er ikkje fortalt. Han har bruket til 1720, då sonen Hans Hansson tek bruket etter han og i 1740 får han auksjonsskøyte på bruket, og han er såleis den første som løyser bruket og vert sjøleigar. Han var gift med Kari Jakobsdotter. Sonen deira Hans Hansen fekk skøyte i 1746, og hans Bumerke er det truleg vi finn i Gulen boka bind 3 (side 559) (bumerke)Hans gifte seg med Sygni Hansdotter Dale, frå granne-garden. Ho døydde utan at dei fekk born, og Hans gifte seg for andre gong med Kari Mattisdotter Nappen. Yngste dotter deira, Kari (fødd 1765) gifter seg med Hans Iverson Dale (fødd 1762) og slekta held då fram på br.nr. 4.

På bruk nr. 4 hadde også ei gamal slekt halde fram sidan 1610. Den siste på bruket av den slekta var Marte Olsdotter som i 1745 gifte seg med Ivar Jørgensson Kjellby (Lang-Ivar). Han var visstnok husmannsson frå Kjellby. Dei fekk 4 born, men alle dei gifte seg bort frå garden,.og fekk seg gardar andre stader i Gulen. Ivar Jørgensson gifte seg andre gongen med Lisbet Hansdotter frå br.nr. 1 (fødd 1726). Dei fekk tre born, Mari, Hans og Ivar. Denne sonen, Hans Ivarson, er det som no får bruket nr. 4, og får skøyte på det. Såleis sluttar den gamle slekta på br.nr. 4, og ættlingar frå dei held fram andre stader. Hans gifter seg med søskenbarnet sitt på br.nr. 1, Kari Hansdotter (1765). og no er namnet Hans og Ivar kome inn på bruket og held fram frå far til son i ca. 200 år. Son deira, Ivar Hansson (fødd i 1799) fekk skøyte i 1815, men faren dreiv bruket til 1824, då gifte Ivar seg med Ingeborg Olsdotter Floli (fødd 1801). Ho vaks opp på Slengsol. Medan desse to hadde styringa ser det ut til at medelen auka på bruket, i 1826 var bruket sett til 220 spd. 2 pd. 6 mk. 7 skl. smør, som Ivar åtte fritt. Garden må då ha vore i sverande god stand.

Sonen deira, Hans Ivarson (fødd 1828) gifte seg med Gjertrud Nilsdotter Slengsol (fødd 1829). Dei vart med i den syrjelege båtulukka som hende 22. mars 1863. Det var gardbrukar Endre Olsson på Dale og kona Kari Klausdotter fødd Lund som skulle til kyrkje og døype yngste barnet sitt. Dei for med båt frå Dalsøyra ut fjorden og skulle til kyrkja i Eivindvik, på den turen gjekk båten full og dei fleste av dei som var med sette livet til. Der var 12 menneske i båten med kristnarbarnet. 3 av dei vart berga, men 9 sette livet til. Mellom dei var barnet og far og mor til det, dei og tre andre vart funne døde og gravlagde på kyrkjegarden i Eivindvik. Men 3 vart ikkje funne og mellom dei var Hans Ivarsson og kona Gjertrud Nilsdotter, frå br.nr.4 som var med på denne båten og skulle til kyrkje.

Heime hadde dei 4 born. Den eldste, Ingeborg, var 8 år, Ivar 6 år, Nils 3 år og Ole 1 år. Alle var born som var så små at dei ikkje kunne hjelpe seg sjøl, og besteforeldra var gamle og uføre til arbeid. Då var det at Jakob Ivarsson (fødd 1842), bror til Hans, som då var vel 20 år gamal, tok på seg styringa av br.nr. 4, til borna vart vaksne. Dei som gjekk bort var velstandsfolk, i skifte etter Hans synte det seg at han hadde 1140 spd. 40 skl. Det var rekna for stor velstand i dei dagar. I 1860 hadde dei hatt utskiftning på heimebøen med utflytting og husebyggjing. No vart det Jakob som måtte gjere husebyggjinga i stand. Han stelte garden vel, og vart sidan alltid av dei 4 borna rekna for å ha vore som ein far for dei. I 1885 let han bruket over til Ivar Hansson, og Jakob og kona, Olina Nilsdotter Kjellby, kjøpte seg ein gard på Svardal, gr.nr. 66, br.nr. 4. Han fekk kåret omgjort i pengar då han fløtté dit.

Ivar tok styringa i 1885, og han gifte seg med Johanne Nilsdotter Dale. Ho var koma frå br.nr. 3, og mor hennar Gjertrud Jørgensdotter kom frå Midttun, gr.nr. 20. Ho var søster til Lasse Jørgensson Midttun, og ein av sønene hans var Jørgen Lassesson Midttun som vart lærar i Hordaland, og ein av sønene hans var kringkastingssjef og professor Olav Midttun. Han var såleis tremening til borna åt Johanne og Ivar. Desse to på Dale var interesserte bondefolk og det vart dyrka mykje ny jord og i 1908 kjøpte dei slåmaskin på garden.

Dei hadde desse 6 borna:

Hans (fødd 1881) var den elste. Han gjekk Holmøy arbeidskule i Nordfjord, og var ei tid telefonarbeidar. Han var og til Island og var med og bygde telefonliner der. Han kom heim og overtok garden i 1909, og gifte seg med Ragna Hansine Sjursdotter (fødd 1886) og var ifrå br.nr. 1 på Dale. Hans heldt fram med å dyrke opp jorda, og han fekk mange komunale tillitsyrke. Hans og Ragna var barnlause.

Elste dottera Gjertrud (fødd 1882) vart gift med Andreas Bertelson Undertun, gr.nr. 22, br.nr. 3, og fløtte der til.

Gjertine Oline (fødd 1885) vart gift med Hans Jonsson Kjellevoll, og dei busette seg i Odda.

Berte Johanne (fødd 1899) vart gift med Ole Sjurdsson Dale, dei busette seg i Odda.

Josefine Olea (fødd 1893) var gift med Alfred Langeland og budde i Hosanger.

Ingeborg Bergitte (fødd 1894) døydde ung.