Personer - Gjertrud Ivarsdotter DaleDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Gjertrud Ivarsdotter Dale

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 11.5. Undertun.

Andreas Bertelsson og Gjertrud Ivarsdotter vart det som forsette på Undertun etter at dei vart gifte i 1909. Husa var ikkje i god stand og dei måtte strakst gå til vøling og ombyggjing. Stovehuset tok dei først og bygde større og sette det godt i stand i 1914. Han dreiv og sterkt med nydyrking. Då krigen kom i 1914 vart Andreas vaktsjef på Kjerringfjellet, og måtte halde fram med det til i 1918. Dei var 4 mann om arbeidet. Han fekk og mange kommunale gjeremål, i 1912 fekk han arbeidet med Gulen trygdekasse. I den stillinga vart det stor utvikling etter kvart og han heldt fram i stillinga til han nådde aldersgrensa i 1950. Han heldt og fram i faren sin tradisjon som direktør i Gulen Sparebank og var med i direksjonen i mange år. Denne tradisjonen har og halde fram i 3. generasjon, meddi sonen hans, Asbjørn, har vore formann i styret for banken i mange år. Andreas var og med i heradstyret og hadde mange andre ombod.

Når han var så mykje oppteken med gjeremål utan om heimen skjøna vi at Gjertrud fekk tyngste taket på garden og i heimen, og ho er av alle kjend som ei overlag trufast og dugande husmor. Ho såg etter at alt vart gjort og var velstelt på garden. Andreas fekk oppdyrka heile garden, og han fekk planta ut eit stort fredskogsfelt i Åsen, og i 1932 fekk han rydda opp eit stort kulturbeite. Gjertrud døde i 1962 og Andreas i 1964.

Dei hadde desse borna.

  • Aslaug (fødd 1910) gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid i 1927 og Husstellskulen i Stryn 1928. I 1929 kom ho til Loen til Hotel Alexandra og var der i tre turistsesongar. I 1932 gifte ho seg med Olav Andreasson Loen.
  • Ingrid Johanne (fødd 1912) gjekk Firda landsgymnas og tok eksamen i 1933. Ho arbeider i Rikstrygdeverket . Gift med sivilingeniør Holger Olsen som arbeider i Norges Vassdrags og Elektrisitetsvæsen. Dei bor i Oslo. Dei har 2 born.
  • Brynhild Orlaug (fødd 1915) gift med Erling Johansson Wevling frå Kinn. Dei kjøpte av br.nr. 3, br.nr. 5 på Undertun,Tilje,og bygde seg bustadhus, og dreiv trevareverkstad i kjellaren. Ei tid saman med Martin Opdal. Erling døde i 1971. Brynhild arbeider på telefonen i Eivindvik. Dei har 2 born.
  • Asbjørn (fødd 1922) han gjekk Fjordane Fylkesskule på Nordfjordeid og Mo Jordbruksskule og tok mot skøyta på garden br.nr. 3 i 1943. Gift i 1954 med Solveig Hansdotter Lien frå Solund. Han har dreve med grønsakdyrking og bærdyrking og har auka saueflokken til over 100 vinterfødde. Han driv det stort med høner og eggproduksjon og har nytt moderne hønsehus til 2-3000 høns. Dei har 6 born.
  • Gunnar (fødd 1924) gjekk gymnaset på Nordfjordeid, og handelsgymnas, og arbeidde på Drammens mek. verksted. Vart tilsett i vekebladet Hjemmet si tekniske avdeling og var sekretær til den tekniske sjefen Wisløv, er i dag direktør for denne avdelinga. Gift rned Anne Diarie Kollum frå Oslo. Dei har 4 born.