Anders Olsen Loen
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 14. Sjuresslekta i Amerika. del 2.
Borna til Ola Andersson Loen og Oline Antonsdotter
14.1 Kristine Olsdotter Loen (1870-1960)
Kristine var den første av borna til Sjur-Ola som for til Amerika. Det var kring 1890 ho reiste til farbror Rasmus i Benson i Minnesota. Ho vart gift med Elias Olson i 1892. Elias Olson (1867 - 1928) var frå Ola-bruket på Tjugen, og hadde ein farm i Brimsmade i Nord Dakota på 360 acres. Dei hadde ikkje born, og då dei var heime i Noreg i 1903 tok dei med seg søstersonen til Elias, Ole I Loen , og han vaks opp med dei som deira eigen. Han var 9 år då han kom til Amerika. I den første tida dei var i Brimsmade, kom to av søskena til Kristine, Andrine og Anders, der til dei. Andrine gifte seg seg med Rasmus Løken som hadde kjøpt farm i Brimsmade, og Anders kjøpte seg ein farm i nærleiken. Desse tre søskena med familiar budde så nær saman at dei ofte kunne finnast og vere i lag. Søndagane om sommaren møttest dei i hagen til Elias og drakk kaffi, og andre tider kunne dei samlast hjå dei andre. Utan om å tale om ver og årsvoner, kunne di samrøde om nytt og gamalt heimanfrå.
Ei tid pakta Elias Olson bort farmen i Brimsmade, og dei for til Tacoma i Washington ved Stillehavet. Der kjøpte dei ein fruktfarm på 40 acres. Etter nokre år fløtte dei attende til Brimsmade. Søsterdotter til Kristine, Olga Monsdotter Loen, hadde kome til dei i 1922, og ho gifte seg med Frank V. Samuelson. Dei fekk 20 acres av fruktfarmen til Elias. Resten av farmen selde dei til Harold Haaland (Sjå om Olga og slekta hennar i Amerika i bolken om Monsslekta i Loen)
|