Personer - Olga Knutsdatter LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Olga Knutsdatter Loen

Diverse_offisielt_gamalt 17. Skrivefør kokke frå Loen

«Fjordingen julenummer 2009

Av Aslaug Grimsen

Olga Loen , eller tante Olga, var fødd i Loen, nærare bestemt i det gamle Lotunet 5. september 1896. Ho var den yngste av fire søsken. Alle var jenter, fortel Aslaug Grimsen som har sendt oss songen som tanta skreiv til skotårsfest i Nordfjordlaget i Bergen. Foreldra til Olga var bonde Knut Loen og kona Marie f. Loøren. Faren døydde i juni om sommaren litt før Olga var ni år. Han var knapt 44 år gammal.

Diverre veit eg lite om Tante Olga sin oppvekst, men eg er sikker på at ho måtte ta sin tørn når det galdt arbeid både i huset og på garden.

På slutten av 1800 talet blei det oppsving med turisme i Loen. Lokalbefolkninga spedde på gardsinntekta med skyssing av turistar frå turistbåtane til Kjenndalsbreen. Ettersom det var berre jenter i søskenflokken dreiv dei to eldste jentene med det. Det var elles rekna for mannfolkarbeid. Som vaksen var ho kokk på restauranten i Kjenndalen før ho flytte til Bergen, fortel ho.

Det eg hugsar, var at ho var kjøkkensjef på dåverande Diakonisseklinikken i Bergen, som under krigen emigrerte til Storetveit i Fana. Der gjorde Olga ein stor innsats mellom anna for Telavåg folket som blei innkvartert på sjukehuset, som vart omgjort til fangeleir. Der fekk ho eit namn i historia i boka «Télavåg», skrive av Konrad Birkhaug. Sitat: « Den første søndagsmiddagen som ble servert i fangeleiren bestod av oksestek med erter og poteter. Syltede plommer til dessert. Denne sjeldne fangekosten ble tilberedt på Storetveit Hospital av den enestående kokken frøken Olga Loen. På en mirakuløs måte fikk hun hospitalets rasjonerte varer til å strekke til også for Telavåg fangene i den første tiden av fangeoppholdet, før matforsyningen fra kretsfengselet ble regulert.»

Aslaug Grimsen fortel at tanta var litt av ei dame ! Raus og gåvmild!

Då eg vaks opp, var det to dagar i året som skilde seg ut. Det var når tante Olga kom på ferie, og juleafta med presangane frå henne. Når ho kom på ferie, hadde ho sin faste stasjon i barndomsheimen i Loen. Når vi visste at ho skulle kome til oss,var vi sprekkeferdige av forventning når bussen skulle kome, og ho skulle stige ut med koffert i den eine handa og grammofon i den andre. Kofferten var full av spanande presangar og godteri av finaste slag, som vi fekk berre den eine gongen i året. Grammofonen gjekk utan stans. Vi kunne liksom aldri få nok. Musikk var ikkje for vanlege folk i dei dagar. « Ved Rondane», «Solveigs sang», «På solen jeg ser> og mange andre fine melodiar som eg forbind med tante Olga den dag i dag.

Olga Loen var ekte Loenpatriot.Ein kunne berre våge å nemne noko negativt om Loen. Det skulle ikkje så mykje til å gå over streken. Dei siste 40 åra budde ho i Oslo, men ho var bestemt på at ho ville gå til den siste kvile i sitt kjære Loen. Det skjedde ein fin aprildag i 1986. Aldri har eg sett Lobygda så fin, med strålande sol, blå fjord, snøkransa fjelltoppar og enger som var byrja å grønskast. Flagga var heiste på halv stong. Det danna liksom ein hestesko i landskapet. Det var heilt fantastisk. Tante Olga blei nesten 90 år. Eit strevsamt og engasjert liv var slutt, fortel ho.

----

Olga Loen i arbeid ved grytene

----

*** sang ***

----