Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Årbok for Nordfjord 1951. A. O. Loen - Ein av dei første folkeminnesamlarane i Nordfjord

Av Olav A. Loen

I Nerdfjord som andre stader levde segn og soga, eventyr og risper, ordtøke og gåter på folkemunnen i eldre tid. Det høyrde til folketru og kulturliv på bygdene, og det er for oss som lever idag ein open veg inn til bygdesed og tenkjemåte åt fedrene våre. Men den munnlege tradisjon held på og døyr ut, og vi i Nordfjord har ikkje vore så flinke som mange andre til å få dette nedskreve og verna frå gløymsla. Mykje av det som høyrde til i desse bygdene er, visseleg gått i grav med dei gamle, som både trudde og livde i det dei fortalde. Så mykje meir kjært må det då vera for oss å leita fram og ta vare på det som endå kan bergast frå å gå tapt. Og i den siste tid er her mange som har fått augo opp for å samla og skriva ned folkeminne. Og gledeleg er det at vi kan få auka folkeminnelitteraturen, som frå før er heller liten her i Nordfjord.

Ein av dei første som samla folkeminne, var den unge A. 0. Loen, som knapt 20 år gamal på eige forlag sende ut ei bok med folkeminne, «Fra Nordfjord». Han seier sjøl at då han var 12 år gamal, var han til stades då lærar Lars Kr. M. Loen ein 17. mai heldt tale eg avduka ein bautastein. Då gjorde han den lovnaden at han ville vera med og verna og vyrdsla om våre gamle folkeminne. Det var såleis alt tidleg i barneåra han vart vekt for dette, det var det nok som gjorde at han så ung gav ut den første boka med folkeminne her ifrå.

Anders 0. Loen er fedd i Loen 30. mai 1874. Far hans, Ole Antonson og mora, Janikke Andersdotter, var begge gjæve bondefolk og etter måten velhaldne., Han Antons-Ola, som faren var kalla, hadde eit utifrå godt minne. Og lærar Arne Loen seier at han var så vel heime i geografi at han kunne setja fast skulelærde folk.


Loen, - fødestaden til A. O. Loen.Eit bilete frå før hundreårsskiftet, mala av kunstmålar Orheim.

Han var og interessert i å stella hagen og pota og sette inn nye kvister i epletrea sine.

Han var ikkje av mange ord, men i samkomer og lag var han ordhag og ville gjerne røda. Han hadde gode krefter, men sleit seg tidleg ut i tungt arbeid. Føtene slo feil, men han var svært hand-sterk.

Det fortelst at i eit bryllaupslag var det ein som gjerne ville prøva kreftene sine då det leid noko ut i laget. Han Ola tok tak i han i trøyekragen og buksebaken og lyfte han over seg på strake armar, der hekk han og sprella til han Ola hivde han frå seg og sa: «Slike rotter kallar vi for myser.» Den andre hadde fått nok og lysta ikkje etter å prøva kreftene sine meir i det laget.

Han var ein av dei gode gamle, og om ho Janikka, kona hans, har folk berre vel å seia. Ho var stillfarande og strevsam, og ho fekk i sitt lange liv mange, tunge slag, som ho bar med tolugt mod.

Han Anders var eldste sonen, og som vi skynav var han ein gløgg og vaken gut som tidleg fann oppgåver for seg.

Etter folkeskulen gjekk han truleg ein kveldsskule i Olden, anna skulegongs hadde han ikkje. Men etter det vi kan skyna, så fylgde han med og lås aviser og bøker. «Fedraheimen» var det kanskje som gjorde han til målmann, for i folkeskulen hadde han berre lært riksmål. Han har og kjent Olaus Fjørtoft og rørsla hans, og han vart radikal i sitt livssyn, av dei som i dei tider vart rekna for fritenkjarar på bygdene. Det seiest såleis at han og kjærasten vart usamde om kyrkjeleg eller borgarleg vigsle. Det vart sutt mellom dei, men vi veit ikkje om dette var årsaka til det.

At slike spursmål var aktuelle mellom ungdomen på bygdene i dei tider, syner at på den fyrste frilynde ungdomsstemna, som var halde på Nordfjordeid i 1894, innleidde Jon Fridtun til ordskifte om «Kyrkjeleg eller borgarleg vigsle». Serleg om dette emne vart det eit langt og kvast ordskifte.. Folk som var med på stemna, hugsar endå kor aktuelt dette var mellom ungdomen den gongen.

I desse åra var det den frilynde rørsla voks fram, og han Anders skipa ungdomslag i Loen i 1895. Han fekk til eit handskrive blad med namnet «Kometen». Det namnet har det handskrivne bladet endå. Det var han sjøl som skreiv mest i bladet, og Rasmus Sande, som av og til var bladstyrar, hugsar endå ordrett fleire setningar frå stykka han skreiv, det syner at dette var noko nytt som fengde dei unge.

Han tok og til med skodespelet «Ervingen». Men det var mange i bygda som såg alt frilyndt arbeid som skadeleg, og dei nekta sume av dei som var med å gje seg av med slikt. Spelet vart innøvd, men det vart ikkje framsynt.

Ordskifte var det og ofte i laget, men der og var dei frie tankane stempla for å vera av det vonde, og han Anders kom på kant med eldre folk i bygda. Såleis kom han ein gong i sterk ordstrid med læraren.

Til fyrste Firda-stemna som var halde på Skåre i Oppstryn i 1896, var Anders utsending, og han vart der vald til varamann i fylkesstyret.

I 1897 hadde også Loen Ungdomslag utsendingar til Firda-stemna. Seinare høyrer vi ikkje om laget, så Anders hadde kanskje då vorte så vonbroten, over vanskane han møtte at han gav opp.

Det ser i det heile ut til at desse ungdomsåra fram til 1897 var rike år for han, med mange arbeidsoppgåver og idear.

Det var i desse åra at han samla inn segner og gåter. Han skreiv og ymse ting til avisene, såleis i «Firda», som Mons Litlere gav ut i Bergen. Det seiest og at han skreiv til «Verdens Gang», som 0. Tommesen den gongen styrde.

Skyttarsaka var han og sers interessert i, og han var ein tur til Elverum på eit instruksjonskurs, og der skaut han seg til ei medalje. Han skaut og ein gong til gullmedalje i laget heime.

Etter 1897 er det som noko har brotna saman i den unge guten. Han søkte nokre gonger trøyst i flaska, og han er som utbrend for nye idear. Kva som gjorde at han så tidleg kjende seg ferdig med livet, veit vi ikkje. Han hadde kanskje eit veikt og sårnemt huglynde, og det er vel mange ting som kan ha brote livsnodet ned som ikkje vi kjenner til.

Han skulle no taka ved farsgarden, og han hadde mange idear om betringar og nye arbeidsmåtar som han ville taka i bruk. Han var og ein interessert fiskar, og mang ein fin rugg, serleg sjøaure, tok han med seg heim frå Loelva.

Det var likevel ikkje noko av dette som heldt han att, og ein haustmorgon den 13. november 1898 enda han sine dagar. Han var då berre vel 24 år gamal.

Så ung han var hadde han likevel vore talsmann for nye tankar i bygda, skipa det fyrste ungdomslaget, og kanskje det verdfullaste var den boka med folkeminne han gav ut.

Denne boka har eg no skrive om til nynorsk og sender ho ut på nytt i «Årbok for Nordfjord». I boka si har han teke med nokre Småstykke frå andre bøker og blad,- det har inga interesse og eg har ikkje teke det med. Ei av segnene er merkt med H. L. Det er sikkert Helge Loen, og den segna kjem med på ein annan stad i denne årboka. Sist i boka har han nokre stykke som er ein freistnad på sjølstendig dikting på nynorsk, og nokre av dei tek eg med i den form dei hadde.

Samlinga ber nok merke av at han som skreiv det ned var svært ung, men det meste av det er slike ting som vel fortener å verte teke vare på.

Anders 0. Loen var ein av dei som prøvde å få rom for nye og frie tankar i bygda si, og som skyna verde av å berga dei gamle sitt livssyn og tenkjemåte som no var vorte soge og ikkje levande liv lenger. Vi vil minnast han i takksemd for det.