Personer - Anders Olsen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Anders Olsen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 7. Samtalelag og ungdomslag i Loen (1880)

17. mai, ungsomslaget og Antuns-Anders

Lærar Lars Loen for strakst bort frå bygda. Han vart lærar og klokkar i Olden og budde der. Han hadde vore den sjølskrivne leiaren for dette laget, og då han for bort var det ikkje så lenge det vart gåande. Han bodde ikkje lenger borte enn at han ofte hadde kontakt med heimbygda. og i 1886 var det han som fekk til den første feiringa av den 17. mai i Loen. Vi veit ikkje så mykje om kva dei hadde til program, men dei hadde sikkert det reine norske flagget, som vi veit vart nytta i Olden på den første 17. mai som han skipa til der. Dei samlast ved Tiendebuda, der gardsvegen gjekk frå sjøen og fram i Lotunet. Der låg det ein stein som dei kalla klovsteinen. Han hadde før stade oppreist og var rekna for ein bautastein frå gamal tid. No låg han på skakke og mest nedvelt.

Til denne steinen knyter det seg ei segn om Lokjempa og Dalekjempa. Dei låg stødt i strid, og då dei møttest kløyvde dei kvar sin stein med sverdet. Då dei skulle syne styrken med å setje dei saman att greidde Lokjempa det så godt at det synte berre merke etter der han var kløyvd, og denne steinen vart ståande som ein bautastein. Dalekjempa var uheldig og det brotna frå eit stort stykke, og den steinen vart liggande der. I 1880 åra vart han teken og nytta til muren i Kvamme hotellet. (Etter A.O. Loen si bok "Fra Nordfjord" Eget forlag. Nordfjordeid 1893. Oppat prenta i "Årbok for Nordfjord" 1951.)

På denne første 17. mai som dei feira i Loen, fekk Lars Loen folket med seg og reise opp igjen den gamle bautasteinen, og han vart avduka med stor fest og tale av Lars Loen, der han sa at folkeminna var ein arv frå federne som ein måtte ta vel vare på. Der var oppmøtt ein 12 år gamal gut som høyrde på med stor interesse, og han gjorde seg sjøl den lovnaden at han ville gjere det han kunne for å verne om den dyre arven frå federne våre. Det var Anders Olson Loen frå Antunsbruket. Han var brorson til mor åt Lars Loen, så dei to var søskenborn. Og mor hans Anders var Janikke Andersdotter frå Sjurebruket.

I 1893, då han var 19 år, hadde han samla så mange segner frå Loen og Lodalen, og bygdene i Nordfjord at han gav ut ei bok på eige forlag. Boka heitte: "Fra Nordfjord. Bygdesagn, folketro, skrøner, etc. af A.O. Loen. Eget forlag. Nordfjordeid i.o. Olsens bogtrykkeri 1893". Segnene hadde han skreve på bokmål, men der var med nokre prøver på sjølstendig dikting og dei var på ei dialektfarga Nynorsk. Denne boka er oppat prenta i "Årbok for Nordfjord 1951". Der er segnene omsette til nynorsk, og der er eit stykke om A.O. Loen.

I same boka er der ei av segnene som er merkt med H.L. Det er Helge Loen, han vart gift med søster til Lars Loen, og han var søskenbarn til far åt A.O. Loen. Også den er omsett og med i årboka. Det er ei segn om Store-Knut Anders Bødal.

I 1895 fekk Anders Loen ungdomane med seg og tok opp igjen tankane frå samtalelaget og skipa Loen Ungdomslag, han var sjøl første formannen og den drivande krafta i laget. Laget hadde møta og festane i kring i stovene, og dei dreiv med foredrag, opplesing og diskusjon. Dei hadde og eit handskreve blad, som Anders gav namnet "Kometen", og det namnet har det hatt sidan. Rasmus Sande, frå Vasenden, som ofte var bladstyrar, sa at Anders var den flittigaste å skrive i bladet, og der var stor interesse for bladet. Rasmus var sjøl ein ivrig ungdomslagsmann i lang tid, og han var første formann då dei fekk laget i gong på nytt i 1901, og han var formann då dei bygde ungdomshuset "Heimtun" i 1915. Han vart seinare heiderslagslem i Loen ungdomslag.

I dette første laget tok dei og til å øve inn "Ervingen" av Ivar Aasen. Men der var mange i bygda serleg av dei eldre som såg med uvilje på lagsarbeidet. Og skodespel meinte dei var av det vonde. Somme av dei ungdomane som skulle vere med i spelet, vart av foreldra forbodne å vere med. Spelet vart såleis innøvt, men ikkje framsynt.

Firda ungdomslag vart skipa i Stryn i 1896. Og om sommaren vart den første Firdastemna halda på Skåre i Oppstryn. Anders saman med fleire av lagslemene var på denne stemna, og han melde laget inn i Firda ungdomslag. Dei hadde og utsendingar til Firda ungdomslag året etter, og Elias Hogrenneng vart varemann til fylkesstyret.

Anders hadde mange interesser, og han skreiv i "Firda og Sygnafylkets avis" som Mons Litlere gav ut i Bergen. Han var og interessert med i skyttarlaget, og han var til Elverum på eit instruksjonskurs. Han hadde fleire medaljer og skytarpremiar.

Han las "Fedreheimen" og var svert oppteken av dei nye tankane i tida, og han vart skulda for å vere fritenkjar, og det var mange av dei eldre som var mot arbeidet hans i laget. Andre motgangar kom og til. Det fortelst at han ville ha borgarleg vigsle, og ei jente slo då opp med han. Orsaka veit vi ikkje, men i 1898 enda han sine dagar for eiga hand.

Etter det gjekk ungdomslaget han hadde fått i gang i stå, men tanken hadde fengt så sterkt hjå ungdomen så dei tok til med nytt ungdomslag i 1901. Og det fekk då ei rik blomstringstid. Meir om dette ungdomslagsarbeidet seinare.