Personer - Kristina Klemetsdatter OppheimDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Kristina Klemetsdatter Oppheim

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 6.3 Borna til Kristina og Ola S Rake

I tillegg til Sverre som overtok Kolbeinsbruket, hadde Kristina og Ola desse borna som reiste ut: Ruth, Erna, Solfrid, Kristi, Kåre og Bergit.

Ruth Olsdtr. Rake (1926)

Ruth er gift med Knut Edvardson Brynestad (1924). Knut er gardbrukar på Knutebruket, bnr. 6 på Brynestad, og han har bygt nytt stovehus på bruket. Han driv eit stort grustak der dei leverar grus og støypesand. Han har maskinar til arbeidet og køyrer med to varebilar. Ruth er husmor og har vore interessert med i fleire organisasjonar i bygda. Knut har vore formann i Olden Ungdomslag og leikleiar i Firda Ungdomslag