Loen sokn - Loen - Antunsbruket (Antonbruket) - Jacob Anthoniussen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Jacob Anthoniussen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 11.1 Antunsbruket. bruk nr 4 I Loen

I Bygdeboka for Innvik og Stryn av Jacob Aaland finn vi ikkjenoko om Antunsbruket før kring 1700. Men det er truleg at det var utskilt som eige bruk tidlegare. Den første brukaren vi høyrer om er Jon Jokumson "Nigard". Dette namnet Nigard kunne gje oss tru på at dette var eldste bruket nedan for kyrkja. Ovan for kyrkja veit vi at der var Innigard bnr. 14, Utigard bnr 1 og Framigard bnr 8. Då kunne vi tenkje oss at det var eit bruk nedan for kyrkja som heitte "Nigard. Det kan og vere frå den tid tunet vart delt med bruk både ovan for kyrkja og nedan for. Det er lenge sidan. Vi har eit diplom frå 1367 der det vert fortalt om eit makebyte som gjekk for seg i Loen i øvre tunet ovan for kyrkja. (Bygdeboka bind 1 side 615). Alt då var garden delt i to tun, og nemninga Oppigard og Nigard har vore brukt like til våre dagar.

Korleid denne Jon Jokumson hadde vorte brukar av bruk nr 4 vart det ikkje fortalt noko om, og vi finn ikkje noko om han i manntalet for Loen i 1701. I Bygdeboka står det at han hadde vore i kongens teneste i København, og at han hadde eit pass frå 1701 . Han var gift med Kari Vilhelmsdotter Bødal. Ho var frå bruk nr. 5 i Bødal. Denne Jon Jokumson var brukar i 1711, men han må ha dødt ung, for alt i 1717 er kona hans gift på nytt med Jon Steffenson Bødal som då er oppgjeven som brukar. Vi finn ikkje far til Jon Steffenson i ættetavlene i Bødal, så det er vel noko uvisst om han var frå Bødal.

Vi høyrer ikkje om at der var søner i desse ekteskapa. Har dei hatt søner som vart vaksne, så kan dei ha fare bort. Det var ofte i denne tida at vaksne gutar reiste til koparverket i Røros for å tene pengar, og det var mange som slo seg til der for godt. No får vi høyre om ei dotter, Dorte Jokumsdtr. Loen som vert gift med Jakob Abrahamson, og han vert no brukar på bruket. Han kom kanskje frå bruk nr. 1 og var son til Abraham Byrgeson. Jakob vart brukar i 1741, og truleg var det same året han gifte seg med Dorte, for året etter i 1742 høyrer vi at jordeguten Abraham er fødd. 25 år gamal får Abraham skøyte på bruket, med di han då kjøper bruket av H.P. Finde for 90 riksdalarar, og han vert den første sjølveigaren på bruket. Men alt 3 år etter i 1770 døyr han 28 år gamal. Då han ikkje var gift og hadde nokon livsarvingar, er det søstera Kari som overtek bruket. Ho gifte seg med Anton Larsen, og han var truleg frå bruk nr. 14 i Loen. Han er det bruket har fått namn etter. (I Bygdeboka og i manuskriptet etter Olav A Loen var det skrive Antonsbruket. I denne slektsboka har vi skrive Antunsbruket slik det vert uttala i dag) Om bruket tidlegare heitte Nigard etter den første brukaren vi høyrer om, veit vi ikkje, men kvart bruk hadde nok sitt serskilde namn tidlegare og.

Sonen Jakob Antonson fekk skøyte på bruket i 1801. Han gifte seg med Helga Jørgensdotter Sæten frå Jørnbruket nr 7, og ho er frå dei eldste slektene på Sæten. Frå ei av døtrene deira, Siri Jakobsdotter, har vi på Sjurebruket ei plaggøskje frå 1860. Sonen Anton fekk skøyte i 1833 og han vart gift med Kristi Olsdotter Bødal frå Gjerstunbruket nr. 4. Dette er ei evnerik slekt som er spreidd vidt ut over i Nordfjord og vidare med. Borna deira var Helga som var den eldste, Ola og Olina.