Personer - Truls Rasmussen SandeDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Truls Rasmussen Sande

Årbok for Nordfjord 1971. Truls Rasmussen Loen - ein pioner i elektrisitetsutbygginga

Eg skal her fortelje om første elektrisitetsverket i Nordfjord og om mannen som bygde det for snart 80 år sidan. Det var ikkje berre det første i Nordfjord, men vel det første i fylket og eit av dei første på landsbygda i heile landet.

Vi tykkjer alt går fort i våre dagar, det vert gjort så mange oppfinningar at det er ikkje råd å følgje med. Likevel meinte dei for hundre år sidan at så store omskifte som det nett då var, hadde det aldri vore og kom det aldri til å bli.

Fram til 1860-åra var det lysekola, tyrispika og talgeljoset som var ljoskjelda på bygdene, og så den opne elden frå åre, peis eller røykomn. Det same var det i byane, men her hadde dei i tillegg gassbluss. Når dei skulle tenne ljosa, var det å slå gneiste med stål mot flint og få det til å fate i knusk, som var lett å tenne.

Først kom fyrstikka og løyste av eldstål og flint, og så i 1862 kom den første petroleumslasta til landet, og med eitt vart det slutt med tranlampe og tyrispika.

Nokre få år rådde så petroleumslampa grunnen på landsbygda, og saman med gasslampar også i byane. Kring 1880 kom så dei første elektriske lampane i bruk. I femtiårsskriftet til Norske Elektrisitetsverkers Forening står cit bilete frå heimen til direktøren for Fana Spinneri, der det var installert elektrisk ljos. Biletet er frå 1883. Det var altså då berre 21 år sidan første petroleumslasta kom til landet.

Denne innleiinga har eg teke med for å få forteljinga om pionéren Truls Rasmussen inn i rette tidsbiletet.

Truls vart fødd på ein bygsleplass på Vassenden i nedre enden av Lodalsvatnet i 1847. Å livberge seg på ein liten plass, var ikkje lett i dei dagar. Truls miste faren sin då han var 7 år gamal, og det gjorde det sjølvsagt endå verre. Då han var 15 år, reiste så denne guten til Bergen med ei Nordfjordjekt som gjekk med varer til byen. Det var altså det året petroleumslasta kom til landet. Endå det var lang arbeidsdag, gjekk han kveldsskule og lærte å teikne og arbeide etter teikning. Og 19 år gamal vart han modellsnikkar på Laksevåg Mekaniske verkstad. Der var han i tre år, men så fekk utferdshugen overtaket. Han reiste over til Newvastle, og der heldt han så fram med arbeidet.

På den tid var det at arbeidet med å bruke elektrisiteten som ljoskjelde hadde kome i gjenge. I Amerika var det Thomas Alva Edison som var den første, og det er han som er mest kjend av dei som gjorde oppfinningar på området, men også i Europa var det folk som dreiv mned dette. Ingen hadde utdaning som elektrikar den gongen; dei var berre amatørart på dette området. I England var det ein farmasøyt og fotograf Swan i Newcastle som sysla mykje med slikt, han var på mange område komen like langt som Edison. Då Carslberg Bryggeri i København la inn elsktrisk ljos som ei av dei første verksemdene i Danmark, brukte dei Swan sine lamper fordi dei fann dei best då.

Denne Swan hadde kjøpt ein dynamo i Frankrike, og så ville han prøve å kople saman fleire bogelampar i serie. Til dette trong han eit koplingsbord, og han gjekk til ein urmakar og ville få han til å lage det. Swan hadde teikna bordet, så det skulle lagast etter teikninga. Urmakaren sa at han kunne ikkje gjere det, men han kjende ein som han trudde ville greie det - nordmannen Truls Rasmussen. Truls fekk teikningane, og no fekk han bruk for at han hadde lært å arbeide etter teikning. Etter to dagar og ei natt, var bordet ferdig, og han sette det opp hjå Swan. Denne samla dei som var interesserte i slikt, og så skulle han demonstrere seriekopling. Då han skulle setje på ljoset, kom det ikkje. Dei leita, men kunne ikkje finne feilen, og så sende dei bod etter Truls. Han leita først på koplingsbordet, deretter la han seg inn under dynamoen. Her såg han at børsta på eine sida ikkje tok bort i plata. Han skrua på ein skrue, og då lyste det frå lampane. Swan hadde gløymt å slå av, så det vart ein nordmann som først slo på ljos som var seriekopla.

Som ventande var, vart Swan forundra over at denne mannen kunne reparere ein dynamo, og ville vite kvar han hadde lært det. Truls fortalde kva han hadde gjort, men sa som sant var, at han elles ikkje hadde noko greie på elektrisitet. Etter dette baud Swan han arbeid,og han var hjå han i to og eit halvt år, og kunne vel då meir om elektrisitet enn dei fleste nordmenn.


Truls Rasmussen. Bilete som vart teke då han var i Johannesburg

Slik høyrde eg denne soga då eg sjølv var smågut. Det var morbror min, patentførar i DNT, Rasmus Myrhaug, som fortalde henne. Han hadde vore hjå Truls og fått han til å fortelje om sitt omflakkande liv. Myrhaug skreiv mykje i blada, og han hadde tenkt å skrive ein lang artikkel om Truls, men folk rådde han ifrå det, for Truls var mykje imot all publisitet. Rasmus Myrhaug kom bort i Lodalsulukka i 1936 - og det han hadde skrive og.

Det kom til strid mellom Swan og Edison om ei oppfinning som dei hadde gjort om lag samstundes. Denne striden løyste dei med å skipe Edison Swan Company med hovudkontor i London. Swan ville ha Truls Rasmussen til London og arbeide der då, men han hadde gifta seg i Newcastle og ville ikkje reise. Han kom så i arbeid hjå ein kvekar som heitte Holmes; denne hadde teke til med fabrikasjon av elektrisk materiell i Newcastle. Medan han arbeidde hjå han,vart han send til ymse stader for å demonstrere. Han var i Noreg fleire gonger i slikt oppdrag, og eine gongen monterte han elektrisk ljos på den gamle arbeidsplassen sin - Laksevåg Mekaniske Verksted.

Dette som her er opplyst, er slikt som han sjølv har fortalt, mest til systersonen sin, Rasmus Sande. Sande har skrive det ned og mellom anna late Svein Sindre bruke det til emne for hovudstilen sin då han tok artium. Det Sindre då skreiv, er prenta i julenummeret til "Fjordabladet" for 1954. Dette er det einaste eg veit som er på prent om Truls.

I 1893 kom så Truls Rasmussen heim til Loen med kone og ni born for å slå seg ned der. Han bygde ei høgd på Losaga i Lofossen og dreiv ein verkstad der, to av sønene var vaksne og arbeidde saman med faren. Her bygde han så dette første elektrisitetsverket i Nordfjord, og endå no i sommar snakka eg med mange eldre folk som hugsa det. Rasmus Sande har fortalt at han bygde dynamoen sjølv, og Rasmus hugsa godt at han sjølv såg at Truls dreiv med dette. Dynamoen ga kraft til 10-12 lampar, men eg har høyrt fortalt at han streva fælt før han fekk dynamoen til å gå jamt. Truls baud i denne tida til å skaffe elektrisk ljos til heile Loen dersom dei ville. Det var ikkje mange stader på landsbygda det låg så godt til rette for det som her. I Loen budde då, utanom han sjølv, 16 huslydar i same tunet, og det låg berre 3-400 meter frå Lofossen. Det vart ikkje noko av denne utbygginga, som ventande var. Gardbrukarane i Loen var ikkje innstilte på å bruke pengar til slikt. Dei hadde nyleg kjøpt seg parafinlampar, og det fekk no vere måte på alt.

Då dei kom heim frå England og slo seg ned i Loen, fekk dei leige ei nystove i Lotunet, og her budde dei desse åra. Kona heitte Marie og var svært pen, har eg høyrt. Ei av døtrene var og svært pen, fortalde ein gamal mann i Loen i sommar; han hugsa henne godt.

Denne reisa til Noreg vart nok cit stort vonbrot for Truls. Det var vanskeleg å få arbeid på verkstaden som var såpass løna at han og huslyden kunne leve av det. Elles kom han ut for eit par leie hendingar, m. a. braut han eit bein som grodde feil saman, så han vart halt sidan. Eit ljospunkt var det at Nordfjord Telefonselskap vart skipa desse åra, og han var med og bygde lina frå Olden til Hellesylt, og det var han som monterte stasjonane.

På verkstaden var det som nemnt lite med arbeid, men enno finst det ting i Loen som er utført der. På gamlehotellet var nokre dreia sprosser som var laga på verkstaden. Leif Arnold Loen har ein piano- krakk som og er frå den tid. Bendikt A. Sæten har ein skipsmodell som Truls har laga, men den er vel frå den tid han var på Laksevåg Mekaniske Verksted - altså frå ikring 1868.


Verkstaden og bustadhuset som Truls Rasmussen sette opp i Holten ved Loelva

Då Truls sette opp dynamoen sin på saga i Lofossen, fylgde han det mønsteret som var vanleg i den tid-, han brukte vasshjulet på saga som drivkraft. Då dei sette i gang med små dynamoar rundt om i landet, var det dette som var vanleg.

Kraft hadde vi nok av. Kor mange hestekrefter som var installert i sagbruka rundt i landet, veit eg ikkje. Derimot med gardskvernar rekna eg ein gong ut at det på det meste var installert 200 000 HK, og det var ikkje småting for over hundre år sidan.

Tida i Noreg vart ikkje lang. Alt etter tre år - i 1896 - reiste han tilbake til Newcastle, og derifrå reiste han så til Sør-Afrika, der han arbeidde i gruvene som maskinist i nokre år. Han var så i England under Boarkrigen, men reiste tilbake til Sør-Afrika.

I 1912 kom han så til heimbygda Loen for godt, kona var no død, og borna var vaksne. Eine sonen var med heim. Det var meininga dei skulle bygge verkstad i Loen att. Truls hadde ikkje gjeve opp denne tanken. Men så kom krigen, og det vart ikkje noko av verkstaden då. Sonen reiste til England att, men Truls vart verande i Loen. Til slutt vart det så verkstad likevel. I åra 1917-18 bygde han seg bustadhus og verkstad i Holten ved Lovassenden tett ved fødestaden sin. Det var vel noko utanom det vanlege dette at ein mann på 70 år sette i gang med slikt stort tiltak, men kanskje tenkte han enno at ein av sønene skulle kome heim.

Drivkrafta til denne verkstaden var noko heilt for seg sjølv; det var eit vasshjul som han senka ned i elva når han trong kraft, og heiste opp att når han var ferdig. Slikt har eg korkje sett eller høyrt gjete elles i heile landet. Her dreiv han så verkstad heilt til han døydde i 1934, 87 år gamal. No var det ei onnor tid i bygdene her, og han hadde nøgda av arbeid. Var det eit arbeid som var vanskeleg, så reiste folk langveges for å få Truls til å gjere det. Det går enno mange soger om kva han greidde av arbeid som andre meinte var umogleg å få til.

Bustadhuset han hadde sett seg opp i Holten, nede ved Loelva, var og noko for seg sjølv. Det var kledd med bølgjeblekk, og her fekk Truls sitt tredje nainn. Då han var smågut, vart han kalla Truls Vassenda (dativ for Vassenden, på Vassenda), så skreiv han seg for Rasmussen, og no på sine gamle dagar vart det Truls i Blekkhusa, fordi huset var kledd med bølgjeblekk. Då raset i Lodalen gjekk i 1936, tok båra verkstaden, men bustadhuset stod att, endå vatnet gjekk høgt opp etter veggene. Dei som budde der, kom ifrå det med livet. Stova står der den dag i dag.

I desse dagar er det altså 78 år sidan Truls Rasmussen kom heim frå England og bygde det første elektrisitetsverket i Nordfjord. Dersom det er slik som det står i 50-årsskriftet til Norske Elektrisitetsverkers Forening, er det no - i 1971 - 88 år sidan det første gongen vart installert elektrisk ljos i ein privatheim. Det var hjå direktøren for Fana Spinneri i 1883, og eg held det for å vere nokså sikkert at det var Truls som var meister for dette. I 50-årsskriftet for Bergens Elektrisitetsverk står sitert frå "Bergens Tidende": ". foruten til gatebelysning vil det i disse strøk for dem som ønsker det være anledning til å forsøke det elektriske lys til privat bruk." - Det var ingeiliør Jens K. S. Hopstock som var eldsjela i Bergen når det galdt elektrisk lios, men Truls var heime frå England og demonstrerte elektrisk ljos i Bergen i dei tider, og Leif Arnold Loen hugsar godt at han fortalde om samarbeid med Hopstock.

Det var ei veldig utvikling nett i desse åra, og hadde folk i Loen kjent si "nådetid", så hadde dei fått bygdeverk der på same tid som hovudstaden fekk sitt verk. Kristiania Elektrisitetsverk kom i gang i 1893, men sjølvsagt hadde det vore elektrisk ljos i byen før.

Endå det ikkje er hundre år sidan desse hendingane, er det vanskeleg å få nøye greie på det som hende dei åra. Sjølv hugsar eg Truls på den måten at eg var med far når han var der for å få gjort eit eller anna arbeid.

Vi skal minnast desse som gjekk føre i ei vanskeleg tid og fekk gjort så mykje med små midlar. Eg tenkte lenge det skulle lukkast å finne tak i den dynamoen Truls Rasmussen sat inne i Loen og laga for 78 år sidan, men han er vel bortkomen. Minnet om mannen må i alle fall leve.

Kor sterkt inntrykk Swan hadde gjort på Truls, har eg høyrt ei soge om. Då systersonen Rasmus Sande fekk ei dotter, fekk Truls han til å kalle jenta Svanhild. Om soga er sann, veit eg ikkje, men jenta heiter i alle fall Svanhild, og det er ho som i dag har plassen der Truls var fødd og voks opp.

For å prøve å få eit bilete av denne mannen, som var så føre si tid, har eg snakka med mange som kjende han, særleg frå siste åra han var heime. Ein av desse var bonden og diktaren Leif Arnold Loen, som var mykje saman med.Truls desse åra frå han kom heim for godt til han døydde. Truls lika godt å fiske, og Leif rodde til han, og dei hadde mang ei hyggeleg stund på Lodalsvatnet. Då han var heime første gongen saman med huslyden, var dei mykje saman med foreldra til Leif, og mora hans var til England og helsa på dei der ein gong.

Leif Arnold Loen seier sjølv at han såg svært opp til Truls. Han visste utruleg mykje, las utanboks lange stykke frå Hamlet av Shakespeare og andre engelske klassikarar. Den han høyrdest ut til å setje mest pris på, var Robert Burns. "Ja du, eg har ofte høyrt opplese utanboks Tom o Shanter på engelsk, det som Hartvig Kiran har sett om så ypperleg og kalla Mons i Ura." Med all si reising rundt om i verda, var Truls vorten ein vidsynt mann. Frå åra i Sør-Afrika fortalde han mykje, og endå han sjølv var gift engelsk, heldt han med boarane i striden mot engelskmennene. Som vi veit var Gandhi i unge år i Sør-Afrika, som så mange indiarar. Tett etter at han hadde vore i Oxford og studert, helsa Truls på han ein gong han kom innom og såg på det arbeidet Truls dreiv med, og Gandhi hadde gjort cit veldig inntrykk på han. Alt den gongen var det dei små i samfunnet som skulle hjelpast, særleg var det kastevesenet Gandhi var imot. Heile sitt liv fylgde Truls med når det stod noko i blada om Gandhi, og snakka gjerne om han.

Kontrollen var veldig streng med dei folka som arbeidde i gruvene i Sør-Afrika, både i gullgruvene og diamantgruvene. Det var ikkje uvanleg at magen vart tømd på dei som skulle ut av området. Truls hadde ei tid som arbeid å bore gjennom gullbarrane for å kontrollere dei.

Endå så mykje han hadde opplevt og vore med på ute i verda, fortalde han gjerne om slikt som han hadde høyrt frå gamle dagar - då han var ung. Borna hans var spreidde over heile verda, og han kjende seg nok ofte einsam. "Han var både ein åndens og håndens mann," seier Leif Arnold Loen, "eg har i huset her ein krakk, eit skrivebord og eit bokskåp som er frå den bolken han var heime og skulle drive verkstad eller fabrikk og sende møblar til England. Han var her og føre si tid, med di han laga møblane i deler og pakka dei i kasser, som så vart sende over slik for at møblane kunne monterast der. Eg har eit spiritistbord som han har laga; han var interessert i slikt ei tid. Og så har eg noko som eg set stor pris på, som eg fekk med han. Ved Cape Town er eit fjell som heiter Table Mountain. På det fjellet veks det ein plante som no er freda, som vel på norsk ville heite sølvlauv. Nokre blad av denne festa på eit kort fekk eg ein gong med Truls, og det er eit kjært minne," seier Leif Arnold Loen til slutt.

Synnøve Sæta fortalde at ho hadde høyrt at då dei i Bergen heldt 50 års jubileum for elektrisk ljos i byen, sat Truls og høyrde på dette i radio. Han hadde visst om at jubileet skulle vere, og snakka med brorsonen Rasmus Sande om det, men forbode han å snakke om at Truls hadde vore med i Bergen for 50 år sidan og sett dette i stand. Då dei den dagen sat heime i stova og høyrde om desse hendingane, var han så rørt at han hadde tårer i augo. Men her og kom det fram at han var smålåten og tilbakehalden.