Personer - Pernille Olsdatter MuriDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Pernille Olsdatter Muri

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 6. Kolbeinsbruket på Rake

Kolbeinsbruket har gardsnr 82 bruksnr 1 i Stryn kommune.

6.1 Slekta på bruket

Ei ny slekt kom inn på dette bruket då Ola Simonson Muri (1833 - 1921) kjøpte dette bruket og fekk skøyte i 1882. Han åtte tidlegare eit lite gardsbruk på Muri gnr 86 bnr. 4 som kona hans Pernille Olsdtr. (1836 - 1904) hadde odelsretten til. Ola var frå ein husmannsplass på Muri. Han hadde gode evner, framtak og arbeidsvilje. Han selde bruket på Muri og fløtte til Rake. Kolbeinsbruket som han kjøpte, var etter våre tilhøve ein stor gard, og låg slik til at sjøen var ein god lunnende til garden. Og så hadde dei små kastenøter som dei var eitt eller to bruk om.

Ola var med og kjøpte Raksjekta som var bygd av folk frå Gloppen. Namnet stod måla med store bokstavar i akterenden "Alia Olden 1887". Eigarar til jekta var Ola (Muri) Rake, Daniel Muri, Johannes Opheim og Knut Rake. Jekta gjekk kvar sommar med byføring til Bergen, oftast meir enn ein tur for sommaren. Full byføring rekna dei var 85 famner bjørkeved, 300 buntar hatleband og dertil bjørkeplank på toppen. Jekta var i bruk til 1914, då vart ho seld til Måløy. Der la dei dekk på henne, og ho vart nytta til å salte sild ombord. Ho vart opphogga i kring 1925. Ola var utanom å vere gardbrukar også med i Innvik heradsstyre og hadde mange kommunale ombod.

Rakel Karolusdtr. Marså (1873 - 1947).

Rakel gifte seg inn på Kolbeinsbruket. Mor hennar, Brite Marså, kom frå Framigardsbruket på Rake. Rakel gifte seg med Simon Olson Rake (1867 - 1972). Simon var eldste son til Ola og Pernille Rake. Simon hadde stor interesse for sjøen, og han var notbas på storenota når dei dreiv sildefiske, elles hadde han ei mindre kastenot som dei brukte etter småfisk og ørret. Han var med i Innvik heradsstyret. Noko av det siste dei gjorde før Simon døde var at dei bygde eit stort stovehus på garden. Han vart ingen gamal mann og døde 60 år gamal. Dei hadde desse borna: Ola, Pernille, Bertanna, Kristina, Ragna og Simon. Dei site to var tvillingar. Dei hadde og ein liten gut som heitte Knut og som døde som barn

Ola Simonson Rake (1897)

I sin ungdom var Ola ein tur til Nord Dakota i Amerika. Sidan arbeidde han på fylkesbåtane i Sogn og Fjordane i 3 år. Då gifte han seg med Kristina Klemmetsdtr Opheim (1895 - 1981) og tok over garden. Skøyte fekk han i 1927. Han la seg serleg etter fruktdyrking, og mykje av garden vart utplanta med frukttre. Ola hadde mange interesser og ombod. Han var med i Stryn heradsstyre i fleire bolkar, og var formann i Stryn brannassuranse i mange år. Han har og vore medlem av likningsnemnda og overlikninga, og med i styret for Stryn elektrisitetsverk. I over 50 år har han vore fyrvaktar for fyret på Raksneset. Dei har desse borna: Ruth, Erna, Solfrid, Sverre, Kristi, Kåre og Bergit.

Sverre Olson Rake (1930)

Sverre har gått snikkarskule og eit kurs på jordbruksskulen i Aurland. Han gifte seg med Klara Andersdotter Loen (1937). Klara har gått husstellskulen i Stryn og er husmor. Dei fekk skøyte på garden i 1962. Dei har halde fram med å plante frukttre, og dei har teke til med dyrking av bringebær. Dei har bygt både ny driftsbygning og nytt stovehus. I dei gamle husa bodde Ola og Kristina, og hjå dei bur Simon, bror til Ola. Sverre og Klara har desse borna: Ola (1959), Alf (1961), Kristi (1963) og Inge (1969)