Personer - Synneve Elisa Jensdtr. HogrenningDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Synneve Elisa Jensdtr. Hogrenning

Diverse-2010**. 1. Hundre år. Synneve Hogrenning Tunold. Fjordingen 26.03.2010

Av Inge Fænn. (inge.fenn@fjordingen.no)


Synneve Tunold og ordføraren

Dette e' noke te felheit. Eg trur eg ryme te' fjells. Synneve Tunold er eit einaste stort smil når vi tjuvstartar hundreårs-feiringa med blomar frå kommunen, kake frå Fjordingen og litt av næraste slekta rundt kaffibordet.

Eg har til og med fått helsing frå han Harald, seier ho og festar augo på brevet frå Kong Harald der han sender sine hjartelegaste gratulasjonar i høve hundreårs-dagen. Den helsinga skal i glas og ramme på veggen. Synneve Tunold budde heime på Tunold til ho fylte 98 år, og no får ho godt stell på alders- og sjukeheimen. Høyrsla har svikta, men tanken er klar. Ho ser fjersnyn og får med seg kva som skjer i bygda, gjennom Fjordingen. Eg høyrer det eg vil høyre, seier ho med ein god blink i augo når dotra hjelper oss med spørsmåla.Takk og lov for ei god helse. Eg har ikkje hatt ein sjuke dag, seier kvinna som knapt har vitja doktor og tannlege. Dei er mine alle 32, smiler ho med ei vakker tannrad.

Innfødd Lodøl

Synneve er frå Hogrenning i Lodalen.Det spenner vidt i tid når ei kvinne på hundre minnest tilbake på kva bestemora Dorthe frå Bødal på nitti, fortalde då ho sjølv var småjente.

Skumringstimen før vi kveikte oljelampa var forteljartime. Det var ei stor oppleving. Ho sat også på ein krakk og fortalde medan eg mjølka, fortel Synneve. Sjølv starta Synneve livet som budeie då ho var åtte år.Eg stod opp klokka 04.00, gjekk på sætra, mjølka og bar eit tiliters hølkje på ryggen heim. Eg var så trøytt at eg skole i knea. Mor sa eg måtte kvile, og så vart det ei stund i høystålet, fortel ho.