Loen sokn - Loen - Bastekra - Ole Erikson LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Erikson Loen

Diverse_offisielt_gamalt 34. Ole Eriksen Loen (Bruflot)

Kopiert frå innlegg i facebook-gruppa "Bildeskatt i Stryn" i samband med at det vart lagt ut bilde av Ola Eriksen Loen (Bruflot) og hans familie

Av Susanne Ødegård Drageset.

(Legg inn bilde her)

I følge mamma så kom Ole frå Byrkjelo til Loen for å søke arbeid. Grunnen til at han hadde ei deformert hand var at han var reiva så hardt når han var baby, at handa vart ødelagt, men han var veldig flink å måle og fekk arbeid som dreng hos far til Lunda-Oscar.

Han har måla over koret i Loen Kyrkje og han var også innleigd til å måle/krite på bjelkar i heimar rundt omkring. Han jobba også som " skomaker" og reiste rundt i Lodalen og Loen og vølte sko. Ole fekk plassekontrakt i si levetid på Lunde i Lotunet. Denne kontrakta er i dag i glas og ramme og inneheld artige formuleringar.

Som det kjem fram i det Vegard har lagt ut, så gifta Ole seg og fekk 4 barn med Marte. Antakeligvis hadde Ole med seg huset på plassen frå Breim og huset vart nedplukka av sonen Mons når han fekk tomt på Solstrand. Plassestova vart då ståande som eit uthus i hagen på Solstrand.Den stova vart kalt Målarstova og er tatt vare på og er no i Solvik og er eigd av Elle og Arne Frode Drageset. Denne informasjonen fekk mamma frå sonen til Mons( som også vart kalla Målar-Mons) /barnebarnet til Ole:Målar Oddvar ( Oddvar Loen). Det finst gjenlevande slekt i Førde som sikkert kan fortelje meir.