Personer - Aslaug Andreasdotter UnderthunDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Aslaug Andreasdotter Underthun

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen Krøteravl. Loen-ulukka og krigstid (1936)

Olav og Aslaug tok over garden 1932

Dei to unge, Aslaug og Olav, tok over garden 1932, og hadde inntekter og utgifter, men skøyta fekk dei først i 1939. Marte hadde tidleg vorte enkje, og hadde hatt ei lang styringstid åleine, men ho var glad i arbeidet og ho fekk oppdyrka ein del av den udyrka jorda, og ho fekk bygt bustadhuset i si tid.

Då ungefolket tok til, hadde krisetida kome med full tyngde. Kjøpeevna vanta mellom folk, og det var lite å få for det ein hadde å vende. Første året dei styrde selde dei ei stor og gild haustbere ku for 80 kroner. Og mjølka kom ned i under 10 øre literen. Det vart ikkje pengar å avsjå til anna enn dei faste utgiftene.

Då ein tok over dei nye teigane etter utskiftinga vart interessa for skogplanting større, og i 1932 fekk Sjurebruket innvilga å få Hagedalsteigen til fredskogsfelt. Den vart då utplanta med gran i dei første åra etter på. Ein fekk både skuleborna og ungdomslaget å plante. Det vart og planta ein del i teigen på sørsida både i Bleikstagen og på Holtane. Det synte seg at det var lagleg for skog, og grane vaks svert godt.

I 1932 tok dei og til å rydje dei store flatene ovanfor Brennhaugen, og fekk der eit kulturbeite som dei gjødsla opp. Dei tok 30 dekar for det første. Det var og det siste året ein hadde kyrne på Lostøylen. mange av dei andre heldt fram på støylen til etter krigen. Men Sjurane hadde sidan kyrne gåande på kulturbeite om sommaren. Før ein rydda beite var det overvakse med eine og skog, så det var eit stort arbeid med rydjing og brenning av bråtar.

Vår og haustfjøs hadde dei frå før på nordsida av Loelva. Etter ulukka i 1936 var fjøsen skada så dei ikkje kunne ha kyrne der. Vatnet hadde då fløymt over og brote ut døra og skada golvet. Kyrne stod inne då det hende, men ingen av dei vart skada. I 1937 leigde dei Halstein fjøsen, og i 1938 reiv dei ned fjøsen sin og fløtte han til kulturbeitet og sette han opp på søresida av vegen rett over for Ungdomshuset Heimtun.