Personer - Aslaug Andreasdotter UnderthunDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Aslaug Andreasdotter Underthun

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 14. Fleire arbeid og feriereise til Nordkapp (1953)

Arbeid for Aslaug og Olav i etterkrigstda

Etter krigen vart det stor framgang med nye driftsmåtar på gardane, og meir av nye maskiner. Korndyrkinga vart heilt slutt på alle gardane her, det var for små vidder ein hadde, og utstyret til skjering og trusking var slik at det kravde store einingar. Både matmjøl og kraftfor var no lettvint og rimeleg å få tak i.

Frukthagen hadde i lang tid vore lite på akta, og det hadde vore mange år utan at ein hadde fått noko serleg avling. Det synte seg at skulle ein få fin avling, så måtte ein sprøyte å stelle trea. Sjurebruket saman med Trulsbruket kjøpte no ei handpumpe for sprøyting av frukttrea. Det var eit tungt arbeid, skulle ein få nok trykk til å sende stråla opp i dei høge tretoppene, og ein gjekk trøytt av det arbeidet. Då kjøpte dei i lag ein bensinmotor med fruktsprøyte. Dette heldt dei fram med i mange år. Dei innstallerta alt på høysleden, og så køyrde ein med hest rundt i hagane. Ei tid etter krigen var frukta svert godt betalt. Endå til pressepla gjekk til god pris til fabrikkane. Prisen var helst 25 øre kiloen men det hende og han gjekk opp i 50 øre, og det var svert god pris etter som andre prisar var i den tid.

Andreas hadde vore interessert i frukt og bær då han levde, sidan hadde det gått attende med denne dyrkinga av bær. No vart Aslaug og Olav samde om at dei ville ta til med bringebær, og dei ville prøve med jordbær. Dette auka dei litt med kvart i åra som kom. og det synte seg at det gav dei meir kontante pengar til å hjelpa seg med. Borna var og så store etter kvart at dei var med og plukka bær, og var til stor hjelp. Avsetnaden var bra, Hotel Alexandra var den største avtakaren i den første tida, og elles gjekk det til private folk slik at det vart seldt utan at ein trong sende noko til fabrikk. Dei låg langt undan og prisen var mindre. Til Måløy gjekk og ein del av bæra til kioskar og til private. Det vart sendt med båt den første tida, men sidan gjekk det helst med bil.

Det var og auka dyrking av kålrot, omlag 2 dekar. Dette vart serleg dyrka til for åt kyrne. Det var bangholm ein avla, og kvaliteten var god og ein fekk gode avlingar. Men etterspørnaden til folkemat var svert liten den første tida. Men avlingane var på topp, ein fekk vel 7000 kg på kvart mål. Seinare fekk ein klumprot i jorda og måtte halde opp med denne dyrkinga ei tid. Det vart prøvt med gulrot, men heller ikkje det var godt å bli av med om hausten då ein tok til. Men både med kålrot og gulrot vart det ein gledeleg snunad med omsetnaden seinare, og etterspørnaden vart større for kvart år. Prisane var ikkje store, men dei var slik at dei gav betre arbeidsforteneste enn husdyrbruket.

Han Olav var og interessert i å ta kunstgjødselen meir i bruk, og fekk store avlingar både med høy, poteter og grønsaker. No var det lada som tok til å verte for lita for høyavlingane. Det var eit tungt strev når ein skulle få det i hus. Ein måtte pakke høyet like under mønet. Det trengdest mykje folk. Ein mann stod på høylasset og hivde det med høygaffel opp på hjellen, og der måtte ein ta det igjen og stappe det opp under taket like til møne. Det trengdest 2 mann til det arbeidet. Det var mykje snakk om å få ny lade og fjøs. Men han Olav sette det ut for det første. Det ville koste mange pengar, og no var dei elste borna vaksne, og han og kona ville gjerne få borna iveg på skular. Tida hadde vorte slik no, at dei greidde seg betre dei som hadde lært seg eit yrke.

Han Olav hadde alt frå han var ung hatt stor hug på å lese og skrive. Men etter kvart han vart oppteken med alt heime på garden vart det mindre og mindre tid til dette. Det vart ikkje til at han gjorde nokon alvorleg freistnad på å realisera desse ungdomsdraumane. Han la det likevel ikkje heilt bort. Men det vart helst til ein prolog av og til når folk bad om det, og brudlaupsongar og andre høvessongar til slekt og vener og festlege tilstellingar.

Likevel vart han dregen meir bort frå arbeidet på garden. Det var ymse gjeremål han fekk utan for. Det var i jordstyret han kom med for det første, der han tok seg av nydyrkinga i Loen med oppmæling og godkjenning. Så vart det skulestyret, heradstyret og formannskap. Det var ikkje løna stillingar, men det tok gode arbeidsdagar bort frå garden. Då skulehuset skulle byggjast, vart han formann i byggjenemnda, det var under krigen så det var store vanskar å få tak i det ein skulle hjelpe seg med. Også dette tok si tid. Ei tid var han formann i dampbåtlaget, etter ulukka hadde dei gått i land og nytta no bussar til å køyre turistane til Kjenndalsbreen. Om sommaren gjekk det mange arbeidsykter til dette. Ungdomslagsarbeidet hadde vore noko av det han hadde hatt glede av å vere med i. Og no vart han vald til formann i Firda Ungdomslag. Det var frå 1950 og i 5 år og det gav mykje hugnad og var ei tid som gav gode minne. Samværet med ungdomen gav ein mod og tru på framtida. Men tid kravde det, både vinter og sommar. Jordbruksinteressa hans var og med og tok arbeidstid bort frå garden. Bøndene i Loen kom med i eit nyskipa Stryn Meieri, der kom han med i styret, og då det gjekk over til Nordfjord Meieri vart han formann i rådet.

Etter at Vestlandske Salslag hadde lovt å byggje slakteri i Olden og seinate gjekk frå alle lovnader dei hadde gjeve til Olden Meieri og Stryn Meieri, tok desse meieria opp arbeidet for å få bygt eit slakteri i Olden. Dette skapte noko strid i meierikrinsen, og det vart mykje arbeid for dei som stod i brodden for dette. Det meste arbeidet fekk Leif Roksvåg, Einar Skarstein og Johan Berge. Men Paul Svarstad, Jens R. Bø og Olav A. Loen arbeidde iherdig for å få dette anlegget bygt. Det vart heitande Nordfjord Kjøttindustri, og Olav kom med i styret då det kom i gang. Han tok tidleg til å vere med i utskiftningar og i skjøn. Alt dette gjorde at arbeidstida og ofte tankane vart dregne bort frå garden og arbeidet der, og det gav lite løn for arbeidet i form av pengar, så det var garden som måtte syte for inntektene no som før.

Ho Aslaug hadde hatt stor trott og interesse for alt arbeidet heime, og no var det meir og meir som kvilde på henne at ho sytte for at arbeidet gjekk sin gang også når han Olav var borte. Det synte seg at ho hadde godt lag å planleggje og ta omsyn til det som lønte seg best. Det vart oftare til det at det var hennar råd ein følgde når det vart sett i gang med noko nytt. Borna måtte og ta sin del av arbeidet. Både med slåtten og i jordbæråkeren.