Personer - Per Malvin Solheim Detalj - Bilde - Kilde - Tekst

Per Malvin Solheim

Diverse_offisielt_gamalt 13. Per Solheim. Krigsminne

«Fjordingen julenummer 1993

Av Inge Fænn

Det knyter seg mange minne til krigsåra ettersom det nærmar seg 50 års jubileum for fredsvåren 1945. Tidlegare rektor ved Loen skule, Per Solheim som nyleg fyllte 75 år, er mellom dei som har skrive ned minne frå dei dramatiske åra i soga vår. Han hugsar spesielt jula 1941 - då han og dei andre elevane vart stengde ute frå lærarskulen i Volda.

Det var i 1980 Per Solheim avslutta arbeidet med å skrive ned minne frå krigen. Han gjorde dei mest fordi dei to borna hans skulle vite kva som skjedde i krigsåra, og kva faren var med på både i heimefronten og i andre samanhengar. Og ikkje minst korleis livet var på bygdene den gongen. Vi let Solheim sjølv fortelje:

«Kameraten min, Steinar, og eg sykla til Volda i midten av august 1941. Ein kunne ikkje lita på å fylgje rutebussen i den tid. Få Ruter gjekk, og dei bilane som var i drift hadde fått ved-generator».

Vi kom inn på skulen, men det var problem med å kome i gang. Ein nazist kom til skulen og skulle ha sitt å seie med opptakinga. Ein dag vart vi innkalla til festsalen, pultar var sette inn, og avstanden eit par meter frå kvarandre. Vi skulle setje oss. Nazisten delte ut eit ark til kvar med fire spørsmål:

  • 1. Er du medlem av NS ?
  • 2. Sympatiserar du med NS?
  • 3. Vil du gå inn i NS?
  • 4. Er du heilt imot NS
  • Då rektor Kristvik fekk sjå dette spurde han nazisten om kva han ynskte seg av elevane. Han svara at alle skulle svare etter sitt samvet. Takk, sa rektor. Snudde seg til oss og sa at vi etter skulle svare etter samvetet. Vi lurte på kva vi skulle gjera, men kunne ikkje spørje nokon. Ein synte opp arket sitt og det var heilt tilrota. Vi andre gjorde det same og sette namnet under. Då vart han sint. 10 elevar hadde sett kryss på siste spørsmålet og fekk beskjed om at dei skulle høyre frå han seinare. Men førebels skulle dei forlate skulen straks. Så las han opp lista over dei som skulle få gå lærarskulen Steinar og eg var med, og det var også tekne med nokre nye namn. Det var nazistar eller sympatisørar.

    Vi samla oss til avskilsfest for dei som var jaga.- Der prata vi fritt og vona at det ikkje ville vere lenge før tyskararie var jaga av landet.

    Vi kom i gang med skulen, men det gjekk ikkje mange dagane før vi fekk ein kalddusj. Rektor kalla inn til ekstramøte. Han las opp brev frå dei høge herrane i Oslo. Det inneheldt det vi hadde sagt på avskilsfesten. Vi trudde det hadde vore berre gode nordmenn tilstades, men ein eller annan hadde meldt frå.

    Vi forstod kven syndaren var. Det var ei jente, og vi freista å fryse henne ut. Utfrysinga kom snart pr. brev frå Oslo. « Ein rett-tenkjande nordmann fekk ikkje gå i fred», stod der, og ei åtvaring til rektor og oss alle om at dette skulle ikkje gå.

    På timeplanen stod det at vi skulle ha engelsk. Det kom forbod, .vi skulle ha tysk i staden. Vi sette oss i parken og gjekk ikkje inn til timane. Sume rusla inn etter at rektor hadde bede om det, men dei fleste heldt seg unna.

    Brast i gråt

    Ein dag brast ei jente frå Austlandet saman i gråt. Ho fortalde at ho var innkoma på skulen fordi faren var nazist. Dette ville ho ikkje gå med på.

    Dette skjedde nokre veker etter at skulen var starta. Nazisten som styrde opptaket vart verande ved skulen nokre dagar. Han møtte opp i geografitimane for å høyre kva som vart sagt om England.

    Ein dag Steinar og eg var på heimveg gjekk vi forbi ferjekaia. Brått såg vi jenta i storsprang mot ferja med nazisten etter seg. Ho hoppa ombord og ferja la frå, medan han stod att og sende skjelsorl etter henne. Ho kom aldri attende til skulen. Det var ei bra, men fortvila jente. Etter krigen måtte eg vitne om hendinga, og nazisten fekk den straffa han var verd.

    Vi var alltid i spaning om korleis det ville gå vidare med skulen. Titt og ofte kom Gestapo og henta ein eller fleire lektorar til forhør. Før dei gjekk ut, sa dei gjerne nokre ord til oss elevane om å vere tapre, kanskje kom dei ikkje att. Men dei kom, ingen vart arrestert før skulen vart stengd til jul 1941. Då vart dei fleste bundne og lagde på golvet på Handelsskulen for seinare å bli sende til Falstad og leiren der.

    Skulen vart stengd, men lektorane prøvde å ha litt kontakt med oss elevane. Sommaren etter fekk vi ein lapp om at vi skulle møtast i Bjørkedalen. Vi møttest i ei stor raud løe. Lektorar og elevar låg i høyet og samkoma var svært interessant. Vi kjendest som ein flokk som snart skulle få møtast att i Volda i eit fritt land, som vi sette større pris på enn nokon gong før. Vi song « Ja, vi elsker dette landet», «Fagerter landet .... », og mange, mange fleire.

    Men om draumen om snarleg skulestart var tilstades fekk dei ikkje møtast att før i 1945. Då var dei berre tjue att av dei «gamle». Dei andre hadde teke anna yrke, og dei som gjekk i fienden si teneste var sjølvsagt ikkje i flokken, fortel Per Solheim.

    ----

    Per Solheim har teke vare på grenseboarbeviset frå krigsåra. Det var velbrukt og ein skulle ikkje langt utom eiga bygd før ein trong det for å kunne prove kven ein var om ein vart spurd.

    ----