Personer - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 9. Ole Andersen Loen si slekt i USA

Rakel Arentsdtr. Rake (1863 - 1922

Rakel var søster til Anna Pernille, første kona til Ole Andersen. Ho kom til Amerika i 1888. Anna Pernille døde i 1891 og året etter gifte Rakel seg med Ole Andersen Loen. Dei dreiv med farming i Howard, Sør Dakota. Dei hadde 4 born: Lauris, Lauris, Martin og Helmer

  • Lauris (1893 - 1893) var dødfødd
  • Lauris (1895 - 1970) gifte seg med Selina Langorgen (f. 1904). Dei budde i Howard Sør Dakota. Dei hadde 7 born: Raymond Ordell (1924), Orlin Kenneth (1926), Lois Maxine (1927), Curtis Leroy (1929), Vernon Carroll (1931), Evelyn Leonore (1933), Leonard Stanley (1939).
  • Martin (1898 - 1960) gifte seg med Inga Hage (1907 - 1977). Dei budde nord for Howard, Sør Dakota på ein farm. Dei hadde berre ei dotter Anna Belle (1926).
  • Helmer Ingmann (1904 - 1980) var den yngste av borna til Ole Andersen og Rakel. Helmer vart gift med Martha Anna Holm. Ho er av norske foreldre og vart fødd i Steele i Nord Dakota i 1910. Helmer og Martha budde i Howard i Sør Dakota og dreiv farming i 15 år. Då flytte dei til Californi i1941. Helmer var inspektør for Bendix corporation. Han vart pesnjonist i 1966. Martha var styrar av kafeteria for ein stor skule i Los Angeles i 25 år til ho slutta i 1968. I 1979 vart ho utnemnd til "Årets mor" i heimbyen Palmdale. Ho var då aktiv med i arberidet for kyrkja og sosiale foreiningar. Helmer og Martha reiste til Noreg i 1972. Dei vitja då slekta si i Loen, Rake og Olden. Helmer kom ein ny tur i 1977 åleine. Sonedottera hans, Beverly Loen, gjekk då på universitetet i Oslo, og ho kom ein snartur til Loen medan han var her. Då han var på gjesting på Marså hogg han namnebokstavane H L inn i ein stoir stein, ved sida av namnebokstavane A R til morbroren Arent Rake som budde i Rake i staten Iowa. Helmer og Martha opplevde gullbrudlaup, og då var slekta deira i Amerika samla. Helmer og Martha hadde 5 born: Helen Marie (1927 - 1927), Ronald James (1929), Irwin O' Dean (1931), Harold Myron (1935) og Janice Rea (1950)