Sokn Gulen. Alle - Undertun i Gulen - Undertun, bruk nr 3 - Bertel Larssen UndertunDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Bertel Larssen Undertun

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 11.3. Slekta kjem til Undertun.

Lars Bertelsson, fødd i 1796 (sjå under Hantveit) var det som gifte seg med Johanne Nilsdotter Dingja og for til Undertun, gr.nr. 22 og frå ca. 1832 vart brukar på br.nr. 3. I 1831 hadde Eivindvik skolevesen fått kongeskøyte på dette bruket, og Lars Bertelsen vart brukar for dei. Her var det at ei av greinene deira kom til å halde fram. Bertel og Johanne fekk 8 born. 2 av dei vart lærarar, Nils var overlærar i Bergen, og han dreiv ein del med kunsmåling, såleis var han til Loen og måla i sommarferiane. Den andre, Andreas, var lærar i Grue Finnskog, og for sidan til Amerika og vart prest, etterkomarane og slekta hans lever i Amerika. Ola vart busett i Bergen og var maskinist. Han hadde mange born som var busette i Bergen. Ludvig var skomakar og budde i Bergen, Jørnille, søster deira var gift med ein tyskar og budde i Bergen. Dei hadde ein son, Alfred, som gifte seg med søskenbarnet sitt, som var av ein ny generasjon frå Undertun, dei for til Amerika. Desutan var det Lisbet som døde ung, og Kristian.

Bertel (fødd 1837) var den 3. av desse søskena, og han var det som tok over bruket på Undertun og fekk skøyte i 1863. Han gifte seg med Orlaug Andersdotter Sætternes i Ytre Holmedal (fødd 1841). Bertel hadde truleg noko arbeid utan om gardsbruket, og vart seinare direktør for Gulen Sparebank. Dei hadde 8 born. 1 Johanne Amalie (fødd 1866) var u ,gift, bodde meste tida i Oslo, var i lang tid husbestyrar med presten Gundersen. 2 Lars (fødd 1868) var gift med Birtitte Lassesdotter og overtok eit bruk i Nordgulen. Anders (fødd 1871) skulle ha overteke bruket, men døde ung i 1907. Torbjørg (fødd 1873) gift med sjøkaptein Østby, budde på Håvardsholm i Hordaland. Nils (1879) arbeidde på Haukeland sjukehus, seinare på kemnerkontoret i Bergen. Nikoline Elisabet (fødd 1881) vart gift med søskenbarnet sitt i Bergen og for til Amerika. Andreas (fødd 1884) gjekk underoffiserskulen, men då broren Anders døde tok han over garden på Undertun og fekk skøyte i 1907. Han vart gift med Gjertrud Ivarsdotter Dale frå gr.nr. 51, br.nr. 4. Borghild var den yngste av borna på Undertun (fødd 1886). Ho gjekk meieriskule, og arbeidde ei tid i meierifaget, sidan vart ho gift med heradsagronom Bernhard Indergård. Dei budde i Skoger ved Drammen.