Personer - Ole Olsen Ytre EideDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ole Olsen Ytre Eide

Bygdesoga for Innvik og Stryn. Generell del Kyrkjesongarar Oppstryn. Ola Olsen Ytreeide

Ola Olsen var fødd ikring 1798 på garden Ytre-Eide i Nedstryn av bondefolk (br.nr.10). Han fekk prosteeksamen av prost Nielsen i Eid. Vart tilsett som lærar og i 1845 som kyrkjesongar i Oppstryn. Kyrkjelyden gjorde motmæle mot å få Ola til kyrkjesongar. Det vart også strid mellom han og kyrkjelyden om nattehaldet, men då han ville leggje opp sak, vart dei samde. Ola fekk lenge av skulestyret det same vitnemålet for dugleik som dei andre lærarane ("duelig"), men i 1848 seier det om O.: "med ham har det sine mangler som man håber bliver forandret". I 1857 klaga nokre av krinsmennene til bispen over at Ola i skuletida går kringom på gardane i ymse ærend "og ei holder tugt og ave på børnene".

Før og var det klaga over same. Skulestyret gav den fråsegna om Ola at det var vel viteleg at han ikkje røkta arbeidet sitt forsvarleg og samvetsfillt; difor hadde ein heller ikkje funne det rådelig å auke løna hans. Ynskjeleg var det at han rett snart måtte søkje av_ skil, då skulestyret meinte at han var både uskikka og udugleg til å stå i tenesta. Ein mann frå Ola sin skurekrins og medlem av skulestyret kom med sterkare utsegn, og sa at klaga var i alle måtar rett. Ola sin katekisasjon var korkje til oppbyggjing eller lærdom. Både i si undervisning og i private samtalar set han fram meiningar og tankar som er "høist besynderlige". Han måtte difor krevje at Ola snarast måtte verte skild frå posten sin. Utsegna gav høve til at Ola i 1858 vart suspendert, og han skulle rettsleg verte til_ tala. Sidan gav distriktslækjaren i Nordfjord ei fråsegn om at Ola, var uetlaus. Denne utsegna gjev forklaring på kvifor Ola gjorde det kjende skjemdarverket med det måla biletet av presten Heiberg. Han stod opp av sottesenga, gjekk ned i kyrkja og saga biletet og ramma tvert av.

Ola fekk avskil i 1860 og døde nokre få år etter. Det går ymse segner om Ola. Ein gong tok Jørgen K. Tjugen boka frå han i kyrkja. Ein gong for han kringom i bygda og ville låne tre fingrar.

Gift med Anne Vebjørnsd. Tjugen. Faren hennar var frå Oppland, men budde på ein plass under Tjugen. Han var ein framifrå målar. Mange stader i Nordfjord har dei enno gode prøver på målararbeidet hans. Sonen tit Ola vart velkjend over heile landet. Det var ein framifrå dugande prentar og bladeigar i Bergen, J.w. Eide. Ola si dotter Anne var første utlærde jordmor i heradet.