Personer - Arent Arentsen RakeDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Arent Arentsen Rake

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 10. Rake i Iowa, USA

Rasmus Erdal frå Oppstryn (1840 - 1915).

Rasmus Erdahl var far til Martin, som var gift med Mary Rake og tok over Arent Rake sin farm. Rasmus kom til Amerika i 1861. Den første tida arbeidde han med ein farmar i Madison i Wisconsin. I 1862 hverva han seg som soldat og gjekk med i borgarkrigen for å frigjere negerslavane. To andre ungdomar frå Stryn melde seg samtidig. Det var Lars Maurset og Marius Tonning som og gjekk med i krigen. I "Nordfjordingenes historie i Amerika" står det: "De første Nordfjordingene var strakst villige aa vaage sitt liv for sitt nye adoptivland. En daad som virkelig maa beundres"

Etter 3 år i hertenesta mønstra Rasmus av og for til Faribauet i Minnesota i 1865. Han fekk seg homestead og tok til som farmar. Ikkje lenge etter gifte han seg med Brita Legreid. Dei hadde 5 born. Ei av døtrene hans, Martha, vart gift med Andrew K Marsaa. Han var postmeistar i mange år i byen Rake. Sonen Martin var som nemnt gift med Mary Rake. Rasmus Erdahl får eit fint ettermele i "Nordfjordingenes historie i Amerika": "Rasmus Erdahl var i sandhet en hedersmand, som gjorde hvad han kunde, ikke blott som tapper soldat i borgerkrigen, men ogsaa som farmer .... Han omtales som en mand med dypt kristelig alvor, bramfri og beskjeden i si færd, samt med et varmt hjertelag for de fattige og nødlidende"

I utskrifta frå databasen som følgjer, er det med opplysningar om fleire av etterkomarane etter Arent Arentson Rake i Iowa. Desse opplysningane har Ola Rake skaffa .