Personer - Kristianna Olsdatter Loen TjugenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Kristianna Olsdatter Loen Tjugen

Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 12. Tjugenslekta på Johansbruket.

12.5 Josefine Knutsdtr. Tjugen (1893_1980)

Ho har gått Kroken husstellskule i Sogn. Gift med Alf Førde (1897 -1970) frå Bremanger. Dei hadde eit lite gardsbruk i Berle, og Alf var anleggsarbeidar og fiskar ved sida av yrket på garden. Dei har borna: Kjellaug, Jenny, Malvin og Knut.

Kjellaug Jorunn Alfsdtr. Førde (1921) er gift med Henrik Fløtre (1921). Han er arbeidsformann for Årdal Aluminiumsverk i Årdal. Dei har 4 born: Jonny Svein (1951),Jorunn Alvhild (1954), Sisel Helene (1956) og Irene (1958). Jonny Svein er gift med Lisbeth Solmøy Svarthumle (1951). Jonny er teknikar på Sandane. Sissel Helene er gift med Nils Johan Bøe. Dei bur på Voss

Jenny Alfsdtr. Førde Dahl (1924) har vore sydame. Gift medOle Dahl (1928). Han er frå Sykylven og er fabrikkarbeidar. Dei har tre gutar: Arne Johan, (1949), Inge Anfinn (1952) og Robert (1956). Arne Jon var gift med Ellen Margrete Ervik (1955) frå Nordfjordeid og dei har ei jente, Jenny. Arne Jon er restaurantsjef i Molde. Inge Anfinn er gift med Kari Skottebø (1952) frå Fagernes. Han har gått hotellfagskule i Stavanger. Han har arbeidd på Hotel Alexandra i Loen, og er no hotelldirektør på Fagernes. Robert Jan er gift med Grete Isaksen (1958) frå Bergen. Han har gått hotellfagskule i Stavanger, har drive med damekonfeksjon på Fagernes, og er no kontorsjef i Auto 23 i Førde.

Malvin Alfson Førde (1929) er fiskar og gardbrukar i Berle. han er gift med Magny Førde (1949) frå Bremanger. Dei har to gutar: Odd Arild (1972) og Jan Inge (1978)

Knut Alfson Førde (1935) er gift med Astrid Vassøy frå Sandnes (1945). Dei har tre born: Anne Gunn (1964), Grete (1966) og Keth Anette (1978)