Bygdebase for Sjurebruket i Loen. Test HBR.

Siste oppdatering: 20.3.2026.

Bruka i Loen

INNHALD

1. Innleiing
2. Administrative og kyrkelege inndelingar. Stryn
3. Sokn - Loen sokn .
4. Gard - Loen gnr. 70
5. Bruk - Sjurebruket bnr. 70/6
6. Eigarar og brukarar(bygslarar) på Sjurebruket i Loen (70/6).
7. Test av familie og livslaup i HBR).


Låve, stabbur, gamlestova og nystova på Sjurebruket ca 1910.

1. Innleiing

Dette er ein mini bygdebase for Sjurebruket i Loen (bnr 70/6).

Det er nytta eit rammeverk som kunne omfatte heile landet. Rammeverket har følgjande trinn:

Landet -->Fylke -->Kommune -->Sokn (grend) -->Gard -->Bruk/bustad -->Eigar/bygslar (brukar) -->familie.

Om ein hadde følgt alle linjer på alle nivå ville ein hatt ein landsdekkande bygdebase som ville omfatte alle bruk i landet.

Formålet med denne vesle bygdebasen er eigentleg berre å vise at det kan vær mogleg å etablere bygdebaser med både gards og slektshitorie for større geografiske einingar enn bruk- heilt opp til landdsdekkande omfang. Den tekstdelen som eg har snekra saman er ei forenkla og primitiv framstilling i høve til det ein bygdebokskrivar kunne få til. Når det gjelde bygdebase for Sjurebruket er den dekka meir fullstendig omtale i bygdebasen for Loen sokn (Lokhis>

For meir omfattande omtale av bygdebase og det som er kalla HBR-modellen vert det vist til eige notat om Bygdebase

3. Adminstrative og kyrkjelege inndelingar
Kommune og grend/sokn.

(Denne teksten er henta frå notatet: Bygdesklildring.)

I denne framstillinga har eg berre gått tilbake til 1647 og teke utgangspunkt i skattematrikkelen. Landet var då inndelt i 10 hovedlen. Loen sokn ligg i Bergenhus len som omfattar Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre fogderi. Bergenhus var inndelt i eit smålen (Hardanger) og 7 fogderi, til saman 8 forvaltningsdistrikt på dette nivået (Hardanger, Sunnhordland, Nordhordland og Voss, Ytre Sogn, Indre Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre).

På neste forvaltningsnivå vart det nytta ulike nemningar i ulike deler av landet. For heile Bergenhus hovedlen (med unntak av Voss) var alle fogderia inndelt i Skipreider. I Nordfjord og Sunnfjord var skipreida inndelt i Sokn. Det som i dag utgjer Loen sokn omfatta Loen sokn og Raksgrenda i Olden sokn. Begge deler tilhøyrde Olden Skipreide. I og med at Loen sokn i dag høyrer til Stryn kommune kan ein nemne at Stryn Skipreide i 1647 omfatte soknene Utvik, Innvik, Nedstyn og Oppstryn.

Dei to skipreida Olden og Stryn var også eigne tinglag med den same avgrensninga. Inndelinga i tinglag/skipreide og seinare kommune er viktig ved bruk av matrikkelen. Nummera vart nemnleg tildelt innan kvar slik eining. For eintydig identifikasjon av gardane må ein derfor også ha med tinglag/skipreide og seinare kommune saman med matriklenr/gardsnr.

Kommuneinndelinga hadde sitt opphav i tanken om lokalt sjølvstyre og formannskapslova fra 1837. Stryn og Innvik var frå først av eitt herad i og med at det då var eitt presegjeld. Frå 1845 vart det delt i to herad (innvik og Stryn).Loen sokn høyrde til Stryn kommune etter delinga, men Rakegredna som høyrde til Olden sokn vart lagt til Innvik. Rakegreda vart overført til Stryn herrad i 1922.

I den omfattande prosessen med kommuneregulering på 1960-talet (1.1.1965) vart Innvik, Stryn og Hornindal slått saman til ein kommune. Frå 1.1.1977 vart Hornindal skilt frå storkommunen som eigen kommune.

Dette notatet vat skrive før samanslåing til Vestland fylke som førde til at kommunen Stryn fekk nytt kommunenr. Matrikkelnummera for Loen sokn vart ikkje endra i samband med dette.

I mellomalderen hadde kvar kyrkje sin prest. Frå reformasjonen vart alle kyrkene (Innvik, Utvik, Olden, Nedstryn, Oppstryn og Loen) lagde under ein (1) sokneprest som budde på prestegarden Langve i Innvik. Prestegjeldet fekk nament Innvik. Det store prestegjeldet hadde behov for hjelpeprestar og etter kongeleg reskr. dagsett 2.3.1742 vart det residerande kappelaniet i Innvik skipa. Dei residerande kappelanane budde på Visnes.

Etter kong. resol. dagsett 9.5.1842 vart det store prestegjeldet delt i to, Stryn prestegjeld og Innvik prestegjeld. Loen sokn kom då under Stryn presegjeld, medan gardane Strand, Marså, Oppheim og Rake framleis høyrde til Olden sokn og Innvik prestegjeld. Kirkebøkene som er trykt av Oldedalen og Strendene bondekvinnelag har med opplysingar for heile Loen sokn fram til og med 1844, men den siste boka fram til 1900 har med berre gardane i Rakegrenda frå noverande Loen sokn. Seinare har det kome til ei bok for Stryn slik at heile Loen sokn er dekka med trykte bøker med avskrift frå kyrkejbøkene fram til 1900. Frå 1.okt. 1922 var Rakegrenda overført til Loen sokn. Her må det nemnast at eg ikkje har brukt dei trykte bøkene med data frå kyrkjebøkene men har nytta digtale data mottekne frå Rune Bergesen (og Stensen).

I arbeidet med ny Srynesoge vert det det publisert 5 bøker der kommunen vert inndelt på følgjande måte:.
Nordsida (2 sokner)
Vikane (2 sokner)
Olden
Loen sokn og Oppstryn sokn
Nedstryn
.

I framtida når alle bøkene for Stryn er ferdige og tida for sal av bøkene er omme, kan ein tenkje seg at innhadet i boka vert digitalisert og gjort tilgejgeleg i wikkien med eit hovedkapittel for kvar område.

På vegen mot Sjurebruket i denne omtalen går ein direkte til Loen sokn.

3. Loen Sokn

Loen sokn. Oversikt

Loen sokn. Bygdeskildring

Nordfjord endar i tre fjordarmar. I nord går fjorden inn til Stryn og i sør til Olden. Mellom desse går fjordarmen Loen mellom Raksneset og Tyvaneset inn til garden Loen. Nordsida av fjorden mellom Stryn og og garden Loen høyrer i dag til Loen sokn. Frå fjordbotnen går Lodalen først i aust, sidan i søraut vel ei mil inn mellom dei høge fjella. Mellom fjorden og Lovatnet er det eit eid på ca 3 km med 4 gardar, og gjennom dette eidet renn Loelva som har to fossar.

Mest heile Lodalen er fylt opp av Lovatnet som er 12 km langt, 1,5 km breitt og ligg 52 meter over havet. Lengst inne kløyver dalen seg i tre tronge dalar: Bødalen i aust, Kjenndalen i søraust og Kvanndalen i sør. Gjennom alle desse dalane renn det elvar med smeltevatn frå brearmar. Ved utlaupet av alle desse dalane ligg det flate delta, men i dag er busetnaden borte frå desse på grunn av ras og flodbølgjer. I tillegg til gardane ved utlaupet av desse dalane ligg det 4 gardar langs Lovatnet.

Under avsmeltinga etter siste istid vart Lovatent liggjande som fjordarm. Først for ca 9000 år sidan hadde landet stige så mykej at Lovatnet vart isolert frå fjorden (kjelde: Atle Nesje i Fjordingen 23.juni 2007).

Loen sokn. Naturen

Tilbake til Loen sokn

Ved fjorden er bygda relativt open, men innerst i Lodalen opplever ein fjella høgare og villare enn nokon anna stad i indre Nordfjord.

For presentasjon av naturen er det i LOKHIS teke i bruk dierse opplegg for visning av naturen. Bilde kan ofte fortelje meir enn ord. I ein digital tekst kan ein ta med lenke til omfattande bildegalleri med mange fleire bilde enn det er plass til i ei trykt bok. I den digtale teksten kan det også leggjast lenke til vidioer og bildevidioer. Her er det lenke til presentasjonar av nature i Loen baseret på bilde.

bilde-galleri
bilde-video

Loen sokn. Gardane.

Loen sokn omfattar no gardane langs fjorden mellom Stryn og Loen og alle gardane i dalføret opp frå Loen.


Mellom fjorden og Lovatnet ligg det 4 gardar: Loen (14 bruk), Tjugen (2 bruk), Haugen (1 bruk ) og Sæta (9 bruk). Loen er den største garden i Nordfjord, og er sentrum for sokna. Her ligg kyrkja, folkeskulen og nærbutikken. Tidlegare hadde Loen eige postkontor, 6878 Loen som vart nedlagt i sluttan av 1990-åra. Loen er elles kjend for Hotell Alexandra, grunnlagt av Markus Loen, og Nordfjord Kjøttindustri. Før var bruka i Loen samla i to tun, eitt på kvar side av kyrkja. I kvart av tuna var det mange hus. Gjennom to jordskifte (1898 og 1968) er fleire av bruka no flytta ut av tunet.

På nordsida av vatnet ligg frå vest og austetter: Sande (2 bruk), Hellset(2 bruk), Hogrenning (2 bruk), og Raudi (1 bruk). Midt for Bødalmunningen ligg Bødal (7 bruk) og for Kvanndalsmunningen ligg Ytre og Indre Nesdal (3 bruk kvar). Nesdalsgardane og Bødal var lagt øyde gjennom dei to store rasulukkene i 1905 og 1936. I desse ulukkene omkom 64 og 72 menneske.

På nordsida av fjorden er det bratt både mot Stryn og mot Loen, men nede under Oppheimsfjellet er lendet meir slakt. Her ligg gardane Rake (10 bruk), Marså (1 bruk) og Oppheim (4 bruk). Frå Oppheim som ligg hødt oppe er det eit storfelt utsyn over Olden, Loen og utetter fjorden. Lenger ute langs fjorden under fjellet ligg garden Strand.

Loen sokn omfattar følgjande gardar:
70 Loen
71 Tjugen
72 Haugen
73 Sande
74 Helst
75 Hogrenning
76 Raudi
77 Bødal
78 Nesdal indre
79 Nesdal Ytre
80 Sæten
81 Opheim
82 Rake
83 Marså
84 Strand

I eksisterande bygdebøker for Stryn er den lokale historia knytt til gardane medan det for kvart bruk berre er med liste over eigarer og bygslarar og litt familie for desse. I Lokhis er det teke med testleg omtale for alle gardane i Loen sokn. Her i dette dokumentet går ein direkte til garden Loen på vegen mot Sjurebruket. Ny og mykje meir omfattande og ajoruført histore vil kome med i den nye bygdebokserien for Stryn kommune.

4. Garden Loen

Gard. 70 Loen. Overrsikt

Om garden Loen

Garden Loen ligg inst i Nordfjord heilt nede ved fjorden. Garden har i dag (1999) gardsnr 70 i Stryn kommune. Frå gamalt hadde garden matrikkelnr 41 og i matrikkelen i 1838 fekk garden matrikkelnr 39 i Olden skipreide.

I følgje bygdeboka er Loen den største garden i Nordfjord. "Teigane" som låg innover frå tunet vart brukt til åker i fleire hundre år, og skulle være største åkeren i fylket. Kvar av brukarane hadde sin lut i åkeren og hadde 2 dagars pløgstr. Åkeren vart sådd med halvparten bygg og halvpaten havre, og kvart år var det ombyte på kornslaga (kjelde: Bygdeboka)

Loen var truleg ein av dei opprinnelge gardane i Indre Nordfjord. Garden grensar i aust mot Tjugen på nordsida av elva og mot Sæten på sørsida. I sør grensar Loen mot Auflem og i vest mot Rake.

Det var jordkskifte på garden i 1898. Utskiftningskartet som vart teke opp i 1896 viser alle teigane i Loen. Det var då ca 1100 teigar på innmarka fordelt på dei 14 bruka. I oppdrag for samanliknande kulturforskning fekk Olav A Loen skrive på namna på teigane både på innmarka og utmarka med hjelp frå Lars A Loen (Arnebruket). Kart med namn på teigane er teke inn i «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta». Det var jordskifte på utmarka i 1927, og nytt jordkifte på innmarka i 1966 (overjordskifte 1968). I samband med jordskifta er det i alt 7 bruk som har fått husa sine flytta ut frå dei gamle tuna. Dette er omtalt nærare for kvart bruk.

Bruka hadde slåtteteigar i utmarka og lader der dei samla høyet. Høyet vart henta heim på snøføre om vinteren. Olav A Loen har fått avmerka på kartet kvar dei ulike bruka hadde lader (sjå Garden og ætta, kapittel 10.3 med kart frå utskiftninga i 1927). Loen hadde to sætrar: Høgesetera ligg på nordsida på Lofjellet, i ca 800 - 900 meters høgd. På sørsida låg Lostøylen i ca 300 meters høgd over havet. Det var på Lostøylen dei hadde kyrne på beite medan det var slåtteteigar på Høgesetra.

Bruka hadde slåtteteigar i utmarka og mange hadde lader for samle høyet. Dette vart køyrt heim på snøføre om vinteen.

Garden Loen. Naturen

Innmarka på garden Loen er flat, men garden er omgitt av fjell på 3 kantar. Mot vest er det åpent med utsikt ut over fjorden (Nordfjord).

I LOKHIS er presentasjonen av naturen gitt i form av diverse bildepresentajonar i digital form. Også eit bygdebokprosjekt bør medvikre til innhaldet i eit digtalt bildearkiv. Av eigen erfaring veit eg at det finns mykje bilde kringom i heimane. Det var ingen fotgrafar i min familie men det fanns likevel mange bildearkiv med bilde utan tekst. Eg fekk identifisert innhaldet på mange bilde men dette vart ikkje gjort fullstendig. No er alle dei som kunne identifisere desse bilda borte. For kvart år blir det stadig fleire bilde som det ikkje lenger finns nokon som kan indentifisere. Kanskje ein tekstbasert bygdebase bør ha ei bildearkiv på same måten som det vert lagt opp til for personar/slekt.

Sjølv om dette dokumentet liksom skal represenetere eit tekst-basert alternativ for bygdebase er det teke med kopi av bildegalleri som inngår i Lokhis

Loenbilder på postkort
Loen historisk

Garden Loen. Bruka

Sidan midten av 1700-talet har garden Loen vore delt på 14 bruk. Frå gamalt var det private jordeigarar som åtte mesteparten av Loen, men ein del var prestebolsgods. Dei eldste brukarane vi kjenner til var leiglendingar, men utover i 1700 og 1800 åra vart bruka etter kvart innløyst av brukarane.

Dei fleste bruka i Loen har lokale namn etter ein brukar. Som eksempel kan ein nemne Sjurebruket som hadde namn etter Sjur Rasmussen som var brukar frå 1692 til 1723. I Bygdesoga for Innvik - Stryn er det fullstendige lister over brukarane på bruka i Loen frå ca. 1600. Olav A Loen har skrive om Sjurebruket og det daglege livet for slekta som levde på bruket (Garden og Ætta. Sjurebruket i Loen. Trykt 1979). I denne boka er det lagt mest vekt på å få skrive ned det han hadde fått fortalt frå gamle folk, og det han sjølv hadde opplevd, men det er og med opplysningar frå trykte kjelder.

Garden Loen hadde tidleg to tun. Som dokumentasjon for dette viser Bygdeboka til diplom dagsett 25.1.1356 der øvre tunet i Loda er nemnt. Det er sikkert dei same tuna som har utvikla seg vidare til tuna slik dei var før jordskifte i 1898. I boka «Sjurebruket i Loen, Garden og Ætta» er det med kartskisse som viser alle husa, med liste over kva slag hus det var og kva bruk dei tilhøyrde. Det var då i alt 106 hus. Det var 6 bruk i tunet nedanfor kyrkja og 8 bruk ovanfor.

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647).

Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva frå 1564. I 1615 vart hovuparten kjøpt av Jon Lauritzen frå Beate Huitfeldt. Enkja etter Jon Lauritzen, Lisbeth Torsteinsdotter, arva Loen. Ho gifte seg med futen i Nordfjord, Peder Jørgensen. Fut Peder Jørgensen og borna til Jon Lauritzen arva Loen etter Lisbeth Torsteinsdotter. Han budde i Loen og dreiv mange av bruka frå ca 1630. Vidare omtale av eigedomsutviklinga er omtalt i den delen som gjeld kvart bruk.

Tidlegare bygdebøker for Stryn har ikkje hatt med historefortelling om bruka. Det som har har blitt publisert er ei samling av opplysnngar om dei som har vore eiagarar eller brukarar (bygslarar) av kvart bruk. Som eksemple er det nedanfor kopiert inn det som var teke med for Sjurebruket i Loen (70/6).

I ei bok er det ikkje plass for historefortelling med masse bilder for kvart bruk. I lokalavisa (Fjordinge) er det fortalt om at entusiastar i grenda Tistam har samla histore og bilder og overlevert 600 sider med bygdesoge til bygdebokskrivaren for den nye Strynesoga. I Lokalavisa er han referert med følgjande: "dei på Tistam har samla inn langt meri enn det eg kan få plass til i den nye Strynesoga. Men no ligg det det der for ettertida i alle fall"

Sjølv om dette vert for mykje stoff for ei bok kan det derimot være plass i ein bygdebase sjølv om den er basert på tekst som basis. Bygdebasen kan då ha ei liste over alle bruka. For kvart bruk kan det være lenke til kapittel med detaljar for kvart bruk (dette er vanleg teknikk i wikkien). Tilsvarande funksjon er etablert i Lokhis basert på database som kjerne. Lesaren kan då slå opp detaljar berre for dei bruk som er av spesiell interesse. I dette dokumentet er det teke med berre detaljopplysningar for Sjurebruket i Loen (70/6)

På garden Loen var det fram til 2020 14 hovedbruk. I Lokhis er det i tillegg teke med 28 bustadar/plassar etablert før 1960. Seinare har det vore utbygging av busader i fleire bustadfelt (td. Lovik og Kvitefjell). Eg reknar med at det i den nye Strynesoga for Loen vil kome med eit stort antal nye bustadar. Nedanfor er det liste over dei 14 hovebruka.

70/1 Erkebruket
70/2 Markusbruket
70/3 Magnebruket
70/4 Antonbruket
70/5 Isakebruket
70/6 Sjurebruket
70/7 Monsbruket
70/8 Framigardsbruket
70/10 Knutebruket
70/11 Trulsbruket
70/13 Løndabruket
70/14 Arnebruket
70/15 Halsteinbruket
70/16 Innigardsbruket
Frå denne lista er Sjurebruket valt for vidare omtale.

5. Sjurebruket i Loen (70/6).

Historia er henta frå teksdokunmentet "Bruka i Loen". Mitt prosjekt med innsamling av historie og bilde for bruka i Loen sokn vart ikkje fullført og det er med historie berre for nokre få bruk. Det vart laga eit separat dokumnet for kvart bruk. I staden for å kopiere dette inn her er det lenke til Tekst_bruk70_6).

6. Eigarar og brukarar (bygslarar) på Sjurebruket i Loen (70/6).

Det er tilegare vist korleis bygslarar, eigarar og brukarar vart knytta til bruket i bygdeboka frå ca 1970. Der er det med litt om korleis brukert vert overteke , namn på ektefeller og litt om barn i dei siste ettleda. I Lokhis er det som utgangspunkt med berre ei liste over personar som har vore bygslarar/eigaar. For kvar av dess er det lenke til familieside med kjeldeheningar for vedkomande. Det er noko slikt ein ser for seg kan etablerast ved lenke til HBR. (Nemn her kor langt etterslep det er for ulike personkjelder).

Her i den teskstbaserte bygdebase-modellen har ein tek med listra over bygslarar/eigarar. Det er med lenke til Lokhis for alle desse, og for nokre tilfeldig utvalde personar på andre bruk i Loen sokn er det lenke til HBR. Det har blitt etablert en mini bygdebaser for Sjurebruket i Loen (bruk 70/6 i Stryn kommune). Lenkingen i HBR av kildepersoner var ikkje komplett i utgangspunktet. I Juni 2024 vart det som spesialoppdrag gjennomført lenking og kobling for alle kjeldepersonar som man fann for eigarar og brukarar på dette bruket

Liste over bygslarar/eigarer på Sjurebruket
Sjå liste over eigartilhøve. Gjeld for alle bygslarar,eigarar og brukarar på bruket.

Jon Lauritsson
Lisbeth Torsteinsdotter
Peder Jørgensen
Sofie Jonsdotter

Rasmus Rasmsusen (Lokhis gir ikkje grunnlag for søk i HBR)

Sjur Rasmussen Loen f. 1650 (finns ikkje i HBR)

Rasmus Olsen Loen f. 1701
Rasmus Olsen Loen f. 1701 Test HBR

Ola Rasmussen Loen f. 1724
Ola Rasmussen Loen f. 1724 Test HBR

Ola Jokumson Flo
Ola Jokumson Flo Test HBR

Rasmus Olsen Loen f. 1759
Rasmus Olsen Loen f. 1759 Test HBR

Anders Salvessen Sande f. 1773
Anders Salvessen Sande f. 1773. Test HBR X)

Ole Rasmussen Loen f. 1783
Ole Rasmussen Loen f. 1783 Test HBR

Anders Olsen Loen f. 1814
Anders Olsen Loen f. 1814. Test HBR

Ola Andersen Loen f. 1847
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(1)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(6)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(2)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(1)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(1)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(1)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(2)
Ole Andersen Loen f. 1847. HBR(1)

Andreas Olsen Loen f. 1880
Andreas Olsen Loen f. 1880 Test HBR

Marte Eriksdatter Skarstein f. 1878
Marte Eriksdatter Skarstein f. 1878 Test HBR

Ole Bernhard Andreasson Loen f. 1903.
Ole Bernhard Andreasson Loen f. 1903. Test HBR

Audun Loen f. 1939

Håkon Loen f. 1949

X) Denne er funnen i foketeljinga for Sæten i 1801 og oppdatert i Lokhis Lokalt. (Loktest på nettet vert ikkje oppdatert lenger)

7. Test av HBR som kjelde for slektsinformasjon (familie og livslaup).

Testen er basert på lista over eigarar og brukarar (bygslarar) på Sjurebruket (Sjå kapittel 7 ovanfor). I tillegg er det teke med nokre tilfeldige personsar på andre bruk i Loen. Personar som ein reknar med var døde før 1750, eller er fødde etter 1920 er ikkje testa. Personar i Lokhis som er døde før 1750 har skifte eller bygdeboka som kjelde, og personar fødde etter 1920 er blokkert i loktest (på nettet). For alle eigarar og brukarar (bygslarar) i den aktuellle tidsperioden er det funne minst ein forekomst i materialet til HBR.

Testen vart gjennomført ved å samanlikne familiebilde og kjeldeliste (livslaup) i HBR med tilsvarande i Loktest og med resultatet i Lokhis som fasit. I Juni 2024 vart det som spesialoppdrag gjennomført lenking og kobling for alle kildepersoner som ein hadde funne for Sjurebruket i materialet til HBR.

Ein fullgod test med vurdering av resultatet må gjerast av nokon med god kjennskap til HBR. Min teori har vore at ein skulle kome til fulstendig familieside for ein pereson med oppslag på berre ein tilfelig kjeldeforekomst. Dette ser ut til stemme for Ole Andersen Loen f. 1847 der ein har gjort oppsalg for mange kjedehendingar i HBR.

Nedanfor er det samla resultat for eit tilfeldig utval av eigarar og brukarar frå andre bruk i Loen sokn enn Sjurebruket: (Det er noko tull med barna til Arne Larssen i HBR. Kan dette kome av eit forsøk på å få med skrivemåten for namnet frå ulike kjelder og at det er blanda saman 2 ulike hushaldningar?)

Arne Larssen Loen f. 1849
Arne Larssen Loen f. 1849. Test HBR

Isak Halvorsen Loen f. 1854
Isak Halvorsen Loen f. 1854. Test HBR

Rasmus Olssen Opheim f. 1769
Rasmus Olssen Opheim f. 1769. Test HBR

Arent Arentsen Rake f. 1826
Arent Arentsen Rake f. 1826. Test HBR

Anders Knutsen Bødal f. 1871
Anders Knutsen Bødal. 1871. Test HBR

Ragnvald Einar Larssen Nesdal f. 1892
Ragnvald Einar Larssen Nesdal f. 1892. Test HBR

Ole Kaspersen Sæten f. 1906
Ole kaspersen Sæten f. 1906. Test HBR

Alle kommentarar frå tidleg fase av testinga er sletta. Her er teke med berre ein enkel konklusjon: Det er nødvendig med dugnadsinnsats med kobling og lenking for å oppnå tilfredsstilande resultat i HBR. Etter dugnadsinnsats med kobling og lenking ser resultatet ut til å bli brukbart.