Litteratur.
Dokument-tittel

Til Litterturlista

INNHALD

Årbok for Nordfjord

Utvalde artiklar
Starten
1951 A. O. Loen
1951 Fra Nordfjord
1952 Kristian Roset
1971 Truls Vassenden
1975 Tyfus 1898
1981 Olav og Årboka
1981 Leif Arnold Loen
1984 Venetapet
1993 Bøker er vener
Årbok for Nordfjord

I denne presentasjonen er det med nokre få artiklar frå årbøkene. Årboka kom ut første gongen i 1951, og kom ut årleg i 1952 og 1953. Etter ein pasue kom bok ut på nytt i 1959. Deretter kom boka ut annankvart år til 1981. Seinare har årboka kome ut årleg.

Til dokumentstart

1951. A. O. Loen - Ein av dei første folkeminnesamlarane i Nordfjord

Av Olav A. Loen

I Nerdfjord som andre stader levde segn og soga, eventyr og risper, ordtøke og gåter på folkemunnen i eldre tid. Det høyrde til folketru og kulturliv på bygdene, og det er for oss som lever idag ein open veg inn til bygdesed og tenkjemåte åt fedrene våre. Men den munnlege tradisjon held på og døyr ut, og vi i Nordfjord har ikkje vore så flinke som mange andre til å få dette nedskreve og verna frå gløymsla. Mykje av det som høyrde til i desse bygdene er, visseleg gått i grav med dei gamle, som både trudde og livde i det dei fortalde. Så mykje meir kjært må det då vera for oss å leita fram og ta vare på det som endå kan bergast frå å gå tapt. Og i den siste tid er her mange som har fått augo opp for å samla og skriva ned folkeminne. Og gledeleg er det at vi kan få auka folkeminnelitteraturen, som frå før er heller liten her i Nordfjord.

Ein av dei første som samla folkeminne, var den unge A. 0. Loen, som knapt 20 år gamal på eige forlag sende ut ei bok med folkeminne, «Fra Nordfjord». Han seier sjøl at då han var 12 år gamal, var han til stades då lærar Lars Kr. M. Loen ein 17. mai heldt tale eg avduka ein bautastein. Då gjorde han den lovnaden at han ville vera med og verna og vyrdsla om våre gamle folkeminne. Det var såleis alt tidleg i barneåra han vart vekt for dette, det var det nok som gjorde at han så ung gav ut den første boka med folkeminne her ifrå.

Anders 0. Loen er fedd i Loen 30. mai 1874. Far hans, Ole Antonson og mora, Janikke Andersdotter, var begge gjæve bondefolk og etter måten velhaldne., Han Antons-Ola, som faren var kalla, hadde eit utifrå godt minne. Og lærar Arne Loen seier at han var så vel heime i geografi at han kunne setja fast skulelærde folk.


Loen, - fødestaden til A. O. Loen. Eit bilete frå før hundreårsskiftet, mala av kunstmålar Orheim

Han var og interessert i å stella hagen og pota og sette inn nye kvister i epletrea sine.

Han var ikkje av mange ord, men i samkomer og lag var han ordhag og ville gjerne røda. Han hadde gode krefter, men sleit seg tidleg ut i tungt arbeid. Føtene slo feil, men han var svært hand-sterk.

Det fortelst at i eit bryllaupslag var det ein som gjerne ville prøva kreftene sine då det leid noko ut i laget. Han Ola tok tak i han i trøyekragen og buksebaken og lyfte han over seg på strake armar, der hekk han og sprella til han Ola hivde han frå seg og sa: «Slike rotter kallar vi for myser.» Den andre hadde fått nok og lysta ikkje etter å prøva kreftene sine meir i det laget.

Han var ein av dei gode gamle, og om ho Janikka, kona hans, har folk berre vel å seia. Ho var stillfarande og strevsam, og ho fekk i sitt lange liv mange, tunge slag, som ho bar med tolugt mod.

Han Anders var eldste sonen, og som vi skynav var han ein gløgg og vaken gut som tidleg fann oppgåver for seg.

Etter folkeskulen gjekk han truleg ein kveldsskule i Olden, anna skulegongs hadde han ikkje. Men etter det vi kan skyna, så fylgde han med og lås aviser og bøker. «Fedraheimen» var det kanskje som gjorde han til målmann, for i folkeskulen hadde han berre lært riksmål. Han har og kjent Olaus Fjørtoft og rørsla hans, og han vart radikal i sitt livssyn, av dei som i dei tider vart rekna for fritenkjarar på bygdene. Det seiest såleis at han og kjærasten vart usamde om kyrkjeleg eller borgarleg vigsle. Det vart sutt mellom dei, men vi veit ikkje om dette var årsaka til det.

At slike spursmål var aktuelle mellom ungdomen på bygdene i dei tider, syner at på den fyrste frilynde ungdomsstemna, som var halde på Nordfjordeid i 1894, innleidde Jon Fridtun til ordskifte om «Kyrkjeleg eller borgarleg vigsle». Serleg om dette emne vart det eit langt og kvast ordskifte.. Folk som var med på stemna, hugsar endå kor aktuelt dette var mellom ungdomen den gongen.

I desse åra var det den frilynde rørsla voks fram, og han Anders skipa ungdomslag i Loen i 1895. Han fekk til eit handskrive blad med namnet «Kometen». Det namnet har det handskrivne bladet endå. Det var han sjøl som skreiv mest i bladet, og Rasmus Sande, som av og til var bladstyrar, hugsar endå ordrett fleire setningar frå stykka han skreiv, det syner at dette var noko nytt som fengde dei unge.

Han tok og til med skodespelet «Ervingen». Men det var mange i bygda som såg alt frilyndt arbeid som skadeleg, og dei nekta sume av dei som var med å gje seg av med slikt. Spelet vart innøvd, men det vart ikkje framsynt.

Ordskifte var det og ofte i laget, men der og var dei frie tankane stempla for å vera av det vonde, og han Anders kom på kant med eldre folk i bygda. Såleis kom han ein gong i sterk ordstrid med læraren.

Til fyrste Firda-stemna som var halde på Skåre i Oppstryn i 1896, var Anders utsending, og han vart der vald til varamann i fylkesstyret.

I 1897 hadde også Loen Ungdomslag utsendingar til Firda-stemna. Seinare høyrer vi ikkje om laget, så Anders hadde kanskje då vorte så vonbroten, over vanskane han møtte at han gav opp.

Det ser i det heile ut til at desse ungdomsåra fram til 1897 var rike år for han, med mange arbeidsoppgåver og idear.

Det var i desse åra at han samla inn segner og gåter. Han skreiv og ymse ting til avisene, såleis i «Firda», som Mons Litlere gav ut i Bergen. Det seiest og at han skreiv til «Verdens Gang», som 0. Tommesen den gongen styrde.

Skyttarsaka var han og sers interessert i, og han var ein tur til Elverum på eit instruksjonskurs, og der skaut han seg til ei medalje. Han skaut og ein gong til gullmedalje i laget heime.

Etter 1897 er det som noko har brotna saman i den unge guten. Han søkte nokre gonger trøyst i flaska, og han er som utbrend for nye idear. Kva som gjorde at han så tidleg kjende seg ferdig med livet, veit vi ikkje. Han hadde kanskje eit veikt og sårnemt huglynde, og det er vel mange ting som kan ha brote livsnodet ned som ikkje vi kjenner til.

Han skulle no taka ved farsgarden, og han hadde mange idear om betringar og nye arbeidsmåtar som han ville taka i bruk. Han var og ein interessert fiskar, og mang ein fin rugg, serleg sjøaure, tok han med seg heim frå Loelva.

Det var likevel ikkje noko av dette som heldt han att, og ein haustmorgon den 13. november 1898 enda han sine dagar. Han var då berre vel 24 år gamal.

Så ung han var hadde han likevel vore talsmann for nye tankar i bygda, skipa det fyrste ungdomslaget, og kanskje det verdfullaste var den boka med folkeminne han gav ut.

Denne boka har eg no skrive om til nynorsk og sender ho ut på nytt i «Årbok for Nordfjord». I boka si har han teke med nokre Småstykke frå andre bøker og blad,- det har inga interesse og eg har ikkje teke det med. Ei av segnene er merkt med H. L. Det er sikkert Helge Loen, og den segna kjem med på ein annan stad i denne årboka. Sist i boka har han nokre stykke som er ein freistnad på sjølstendig dikting på nynorsk, og nokre av dei tek eg med i den form dei hadde.

Samlinga ber nok merke av at han som skreiv det ned var svært ung, men det meste av det er slike ting som vel fortener å verte teke vare på.

Anders 0. Loen var ein av dei som prøvde å få rom for nye og frie tankar i bygda si, og som skyna verde av å berga dei gamle sitt livssyn og tenkjemåte som no var vorte soge og ikkje levande liv lenger. Vi vil minnast han i takksemd for det.

Til dokumentstart

1971. Fra Nordfjord.
Bygdesagn, folketro, skrøner etc.
av A.O. Loen
Nordfjordeid, Eget forlag, J. O. Olsens bogtrykkeri 1893
(Oversett til Nynorsk av Olav A Loen)

Skanna segner:
To kjemper

Til dokumentstart

To kjemper

I Loen skulle det i gamal tid bu to kjemper. Den eine budde i Loen og den, andre oppe i Lodalen. Desse kjempene låg alltid i strid med kvarandre. Når dei møttest, vart det alltid strid og slagsmål, difor heldt dei seg helst frå kvarandre. Når dalekjempa skulle ut å reisa og måtte nytta båt, som var det mest vanlege, tok han alltid båten som han bruka oppe i vatnet og bar han på ryggen ned til sjøen, endå vegen var tre km. lang. Då han kom så langt som til eigedomane i Loen gjekk han skogleies ovanfor merkegarden med den tunge bora si. Kjempene var alltid væpna når dei var ute og ferdast, og bar sverd med seg. Dalekjempa hadde ei kjensle av å vera den veikaste, og våga ikkje å gå i open strid for å få det avgjort. Dette harma han seg mykje over, og i sinne og mindremannskjensle beit han stykke ut av sverdet sitt.

Ein gong var ulukka ute, og begge kjempene råkast ute i sjøvegen. Dalekjempa kom ovan frå og Lokjempa utan frå. Då dei kom så nær at dei såg kvarandre, drog dei sverda og hogg til kvar sin stein så hardt at begge steinane klovna i to:. No ville begge kjempene syna kor varmt blod dei hadde, og smelta steinane saman att. Lokjempa tok ei steinhalve i kvar hand og klaska dei så vel i hop at det var som dei var sveisa saman, der vart berre ei sprikka midt etter der steinen hadde vore kløyvd. Slik står han den dag i dag. Denne steinen står no som bautastein til minne om den gamle kjempetida. Dalekjempa ville vera like bra som Lokjempa, men han greidde det ikkje så fullkome, for då han smelta steinane i hop sprang det ut eit stort stykke av den eine halva. Denne steinen vart ikkje reist som bautastein, men vart liggande slik som kjempa hadde slengt han frå seg til ikring 1890. Då vart han sundskoten og nytta til mur under Kvamme hotellet.

Når ferdafolk tek seg ein tur frå hotellet nede ved sjøen og oppover bygdevegen, har dei godt høve å sjå denne bautasteinen som står like att med vegen., (Nedanfor står ei gamal, bu som er kalla «Tindebuda», og som i gamal tid var nytta når dei betalte tiend.) I mange år hadde steinen lege på skakke og mest nedvelt, men den 17. mai 1886 vart han oppreist og avduka med stor fest. Lærar Matisop*) heldt festtale, og sa mellom anna at segnene om desse helteverka aldri måtte døy ut i folkeminne. Ein verna om dei som ein heilag arv frå fedrene våre. Eg var då berre ein gut på tolv år, men eg var der og høyrde denne tala, og då gjorde eg den lovnaden at eg ville vera med og verna om denne dyre arven vi åtte. Eg ville gjera det eg kunne for at segnene frå våre fedres liv og livstru ikkje skulle døy eller gå i gløyme.

Til dokumentstart

1952. Kristian Roset

Av Olav A. Loen

Kristian Roset var ein av desse ungdomane som ein set voner til. Han var evnerik og arbeidsglad, og hadde stor hug å skriva. Dikt og stubbar hadde han teke til å få prenta i ymse blad. Vi som kjende han, og visste kor trottigt han sat ved skrivebordet, venta på at det snart kom ei bok frå han. Då kom bodet brått og uventa at han var død, knapt 21 år gamal.

Kristian Roset var eldste son til Per og Synneve Roset, og fødd på Roset-garden i Blakset 21. mai 1904. Alt tidleg fekk han hug til bøker og skriving. Då han skjøna at både foreldra og garden hadde bruk for han heime, slo han utferdstankane frå seg. Vinteren l92l-22 gjekk han Voss Folkehøgskule, og sidan vart han heime. Han var ein ihuga arbeidsmann, og saman med faren braut og rudde han mykje nyland. Men om kveldane, og ofte om nettene med, sat han på romet sitt og skreiv.

Serleg etter den vinteren på folkehøgskulen vart det fart i skrivinga. Lars Eskeland hadde sterk innverknad på han, og nørde skrivehugen. Den unge guten var no på leiting innetter i sin eigen hug, for å gje sin personlegdom form og innhald. Han var i denne tida svært redd for å verta ein etterapar etter andre.

Dikta fekk fastare form etter som han arbeidde. Det løglege han såg og opplevde forma seg til småstubbar. Ei slik samling hadde han gjort ferdig og fått von om å få ut hjå Noregs Ungdomslag til jul 1925. Diverre døydde han før dette var heilt i orden. Han var midt i ein rik arbeidsbolk då han våren 1925 vart sjuk. Berre etter ei stutt sjukelega døydde han 16. mai same året. Ein av våre evnerike ungdomar gjekk her bort før han hadde nått fram til full mogning.

Han let etter seg ei større forteljing, og endå ei var i emning. Eit lite spelstykke han skreiv om skotårsfriing har vore spelt i mange ungdomslag. Han hadde og ei heil samling av velskrivne dikt. Vi prentar her songen han skreiv til heimbygda si - Blakset.


Kristian Roset

Blakset-bygda.

Av Kristian Roset

Fritt attmed blåblanke fjorden ligg bygda
Skogkledd og fager frå fjøra til fiell
Hamrar og haugar og urd er her nøgda;
sirlande bekker og fossar som fell.
Grønkande vollar og blømande hagar
ligg som ein krans kringum heimar og hus
Lauvtunge greiner i vårvinden svagar
kviskrar og syng på sin vårfriske sus

Greide er grensene sette kring bygda
Verbarka knokar og åsar og tind
Ulvedalsneset og Stolen gjev trygda
Trauste dei tok imot uver og vind
Vilt fossar Steindøla ned millom gardar
Kåt som ein ungdom men gamal og greid
Mykje ho liknar dei Blaksetbygd-karar:
Beint fram dei stemner, og aldri av leid

Heimane vene kring bygda er strøydde
krullrar seg saman i gardar og grend.
Minner um deim som her livde og døydde,
bygde og odla dei gardar her stend.
Søner av dei me på gardane møter,
arven frå federne heve dei fått.
Garden dei rydjer og byggjer og bøter,
vyrder og verner det fedrar hev ått.

Fager er bygda og vår skal ho vera;
her vil me streva og her vil me bu.
Mykje her er som ho krev me skal gjera.
Ver imot kallet ditt ærleg og tru.
Ikkje tarv me hava skam utav bygda,
lat ikkje bygda av oss hava skam.
Det vil me lova og det vil me trygda:
Aldri me sviker kvar helst me fer fram.

Trauste og sterke dei Blaksetbygd-karar
alltid skal standa som fyrr dei og stod.
Endå for bygda si godt dei kan svara,
endå dei syner båd' vilje og mod.
Fram då med fredeleg grannar i saman.
Fram då med æra, syn stordåd og dygd !
Hugsa i arbeid og ålvor og gaman:
Brøder me er i vår elsk til vår bygd !

Til dokumentstart

1971. Truls Rasmussen Loen - ein pioner i elektrisitetsutbygginga

Av Sigurd Nesdal

Eg skal her fortelje om første elektrisitetsverket i Nordfjord og om mannen som bygde det for snart 80 år sidan. Det var ikkje berre det første i Nordfjord, men vel det første i fylket og eit av dei første på landsbygda i heile landet.

Vi tykkjer alt går fort i våre dagar, det vert gjort så mange oppfinningar at det er ikkje råd å følgje med. Likevel meinte dei for hundre år sidan at så store omskifte som det nett då var, hadde det aldri vore og kom det aldri til å bli.

Fram til 1860-åra var det lysekola, tyrispika og talgeljoset som var ljoskjelda på bygdene, og så den opne elden frå åre, peis eller røykomn. Det same var det i byane, men her hadde dei i tillegg gassbluss. Når dei skulle tenne ljosa, var det å slå gneiste med stål mot flint og få det til å fate i knusk, som var lett å tenne.

Først kom fyrstikka og løyste av eldstål og flint, og så i 1862 kom den første petroleumslasta til landet, og med eitt vart det slutt med tranlampe og tyrispika.

Nokre få år rådde så petroleumslampa grunnen på landsbygda, og saman med gasslampar også i byane. Kring 1880 kom så dei første elektriske lampane i bruk. I femtiårsskriftet til Norske Elektrisitetsverkers Forening står cit bilete frå heimen til direktøren for Fana Spinneri, der det var installert elektrisk ljos. Biletet er frå 1883. Det var altså då berre 21 år sidan første petroleumslasta kom til landet.

Denne innleiinga har eg teke med for å få forteljinga om pionéren Truls Rasmussen inn i rette tidsbiletet.

Truls vart fødd på ein bygsleplass på Vassenden i nedre enden av Lodalsvatnet i 1847. Å livberge seg på ein liten plass, var ikkje lett i dei dagar. Truls miste faren sin då han var 7 år gamal, og det gjorde det sjølvsagt endå verre. Då han var 15 år, reiste så denne guten til Bergen med ei Nordfjordjekt som gjekk med varer til byen. Det var altså det året petroleumslasta kom til landet. Endå det var lang arbeidsdag, gjekk han kveldsskule og lærte å teikne og arbeide etter teikning. Og 19 år gamal vart han modellsnikkar på Laksevåg Mekaniske verkstad. Der var han i tre år, men så fekk utferdshugen overtaket. Han reiste over til Newvastle, og der heldt han så fram med arbeidet.

På den tid var det at arbeidet med å bruke elektrisiteten som ljoskjelde hadde kome i gjenge. I Amerika var det Thomas Alva Edison som var den første, og det er han som er mest kjend av dei som gjorde oppfinningar på området, men også i Europa var det folk som dreiv mned dette. Ingen hadde utdaning som elektrikar den gongen; dei var berre amatørart på dette området. I England var det ein farmasøyt og fotograf Swan i Newcastle som sysla mykje med slikt, han var på mange område komen like langt som Edison. Då Carslberg Bryggeri i København la inn elsktrisk ljos som ei av dei første verksemdene i Danmark, brukte dei Swan sine lamper fordi dei fann dei best då.

Denne Swan hadde kjøpt ein dynamo i Frankrike, og så ville han prøve å kople saman fleire bogelampar i serie. Til dette trong han eit koplingsbord, og han gjekk til ein urmakar og ville få han til å lage det. Swan hadde teikna bordet, så det skulle lagast etter teikninga. Urmakaren sa at han kunne ikkje gjere det, men han kjende ein som han trudde ville greie det - nordmannen Truls Rasmussen. Truls fekk teikningane, og no fekk han bruk for at han hadde lært å arbeide etter teikning. Etter to dagar og ei natt, var bordet ferdig, og han sette det opp hjå Swan. Denne samla dei som var interesserte i slikt, og så skulle han demonstrere seriekopling. Då han skulle setje på ljoset, kom det ikkje. Dei leita, men kunne ikkje finne feilen, og så sende dei bod etter Truls. Han leita først på koplingsbordet, deretter la han seg inn under dynamoen. Her såg han at børsta på eine sida ikkje tok bort i plata. Han skrua på ein skrue, og då lyste det frå lampane. Swan hadde gløymt å slå av, så det vart ein nordmann som først slo på ljos som var seriekopla.

Som ventande var, vart Swan forundra over at denne mannen kunne reparere ein dynamo, og ville vite kvar han hadde lært det. Truls fortalde kva han hadde gjort, men sa som sant var, at han elles ikkje hadde noko greie på elektrisitet. Etter dette baud Swan han arbeid,og han var hjå han i to og eit halvt år, og kunne vel då meir om elektrisitet enn dei fleste nordmenn.


Truls Rasmussen. Bilete som vart teke då han var i Johannesburg.

Slik høyrde eg denne soga då eg sjølv var smågut. Det var morbror min, patentførar i DNT, Rasmus Myrhaug, som fortalde henne. Han hadde vore hjå Truls og fått han til å fortelje om sitt omflakkande liv. Myrhaug skreiv mykje i blada, og han hadde tenkt å skrive ein lang artikkel om Truls, men folk rådde han ifrå det, for Truls var mykje imot all publisitet. Rasmus Myrhaug kom bort i Lodalsulukka i 1936 - og det han hadde skrive og.

Det kom til strid mellom Swan og Edison om ei oppfinning som dei hadde gjort om lag samstundes. Denne striden løyste dei med å skipe Edison Swan Company med hovudkontor i London. Swan ville ha Truls Rasmussen til London og arbeide der då, men han hadde gifta seg i Newcastle og ville ikkje reise. Han kom så i arbeid hjå ein kvekar som heitte Holmes; denne hadde teke til med fabrikasjon av elektrisk materiell i Newcastle. Medan han arbeidde hjå han,vart han send til ymse stader for å demonstrere. Han var i Noreg fleire gonger i slikt oppdrag, og eine gongen monterte han elektrisk ljos på den gamle arbeidsplassen sin - Laksevåg Mekaniske Verksted.

Dette som her er opplyst, er slikt som han sjølv har fortalt, mest til systersonen sin, Rasmus Sande. Sande har skrive det ned og mellom anna late Svein Sindre bruke det til emne for hovudstilen sin då han tok artium. Det Sindre då skreiv, er prenta i julenummeret til "Fjordabladet" for 1954. Dette er det einaste eg veit som er på prent om Truls.

I 1893 kom så Truls Rasmussen heim til Loen med kone og ni born for å slå seg ned der. Han bygde ei høgd på Losaga i Lofossen og dreiv ein verkstad der, to av sønene var vaksne og arbeidde saman med faren. Her bygde han så dette første elektrisitetsverket i Nordfjord, og endå no i sommar snakka eg med mange eldre folk som hugsa det. Rasmus Sande har fortalt at han bygde dynamoen sjølv, og Rasmus hugsa godt at han sjølv såg at Truls dreiv med dette. Dynamoen ga kraft til 10-12 lampar, men eg har høyrt fortalt at han streva fælt før han fekk dynamoen til å gå jamt. Truls baud i denne tida til å skaffe elektrisk ljos til heile Loen dersom dei ville. Det var ikkje mange stader på landsbygda det låg så godt til rette for det som her. I Loen budde då, utanom han sjølv, 16 huslydar i same tunet, og det låg berre 3-400 meter frå Lofossen. Det vart ikkje noko av denne utbygginga, som ventande var. Gardbrukarane i Loen var ikkje innstilte på å bruke pengar til slikt. Dei hadde nyleg kjøpt seg parafinlampar, og det fekk no vere måte på alt.

Då dei kom heim frå England og slo seg ned i Loen, fekk dei leige ei nystove i Lotunet, og her budde dei desse åra. Kona heitte Marie og var svært pen, har eg høyrt. Ei av døtrene var og svært pen, fortalde ein gamal mann i Loen i sommar; han hugsa henne godt.

Denne reisa til Noreg vart nok cit stort vonbrot for Truls. Det var vanskeleg å få arbeid på verkstaden som var såpass løna at han og huslyden kunne leve av det. Elles kom han ut for eit par leie hendingar, m. a. braut han eit bein som grodde feil saman, så han vart halt sidan. Eit ljospunkt var det at Nordfjord Telefonselskap vart skipa desse åra, og han var med og bygde lina frå Olden til Hellesylt, og det var han som monterte stasjonane.

På verkstaden var det som nemnt lite med arbeid, men enno finst det ting i Loen som er utført der. På gamlehotellet var nokre dreia sprosser som var laga på verkstaden. Leif Arnold Loen har ein piano- krakk som og er frå den tid. Bendikt A. Sæten har ein skipsmodell som Truls har laga, men den er vel frå den tid han var på Laksevåg Mekaniske Verksted - altså frå ikring 1868.


Verkstaden og bustadhuset som Truls Rasmussen sette opp i Holten ved Loelva

Då Truls sette opp dynamoen sin på saga i Lofossen, fylgde han det mønsteret som var vanleg i den tid-, han brukte vasshjulet på saga som drivkraft. Då dei sette i gang med små dynamoar rundt om i landet, var det dette som var vanleg.

Kraft hadde vi nok av. Kor mange hestekrefter som var installert i sagbruka rundt i landet, veit eg ikkje. Derimot med gardskvernar rekna eg ein gong ut at det på det meste var installert 200 000 HK, og det var ikkje småting for over hundre år sidan.

Tida i Noreg vart ikkje lang. Alt etter tre år - i 1896 - reiste han tilbake til Newcastle, og derifrå reiste han så til Sør-Afrika, der han arbeidde i gruvene som maskinist i nokre år. Han var så i England under Boarkrigen, men reiste tilbake til Sør-Afrika.

I 1912 kom han så til heimbygda Loen for godt, kona var no død, og borna var vaksne. Eine sonen var med heim. Det var meininga dei skulle bygge verkstad i Loen att. Truls hadde ikkje gjeve opp denne tanken. Men så kom krigen, og det vart ikkje noko av verkstaden då. Sonen reiste til England att, men Truls vart verande i Loen. Til slutt vart det så verkstad likevel. I åra 1917-18 bygde han seg bustadhus og verkstad i Holten ved Lovassenden tett ved fødestaden sin. Det var vel noko utanom det vanlege dette at ein mann på 70 år sette i gang med slikt stort tiltak, men kanskje tenkte han enno at ein av sønene skulle kome heim.

Drivkrafta til denne verkstaden var noko heilt for seg sjølv; det var eit vasshjul som han senka ned i elva når han trong kraft, og heiste opp att når han var ferdig. Slikt har eg korkje sett eller høyrt gjete elles i heile landet. Her dreiv han så verkstad heilt til han døydde i 1934, 87 år gamal. No var det ei onnor tid i bygdene her, og han hadde nøgda av arbeid. Var det eit arbeid som var vanskeleg, så reiste folk langveges for å få Truls til å gjere det. Det går enno mange soger om kva han greidde av arbeid som andre meinte var umogleg å få til.

Bustadhuset han hadde sett seg opp i Holten, nede ved Loelva, var og noko for seg sjølv. Det var kledd med bølgjeblekk, og her fekk Truls sitt tredje nainn. Då han var smågut, vart han kalla Truls Vassenda (dativ for Vassenden, på Vassenda), så skreiv han seg for Rasmussen, og no på sine gamle dagar vart det Truls i Blekkhusa, fordi huset var kledd med bølgjeblekk. Då raset i Lodalen gjekk i 1936, tok båra verkstaden, men bustadhuset stod att, endå vatnet gjekk høgt opp etter veggene. Dei som budde der, kom ifrå det med livet. Stova står der den dag i dag.

I desse dagar er det altså 78 år sidan Truls Rasmussen kom heim frå England og bygde det første elektrisitetsverket i Nordfjord. Dersom det er slik som det står i 50-årsskriftet til Norske Elektrisitetsverkers Forening, er det no - i 1971 - 88 år sidan det første gongen vart installert elektrisk ljos i ein privatheim. Det var hjå direktøren for Fana Spinneri i 1883, og eg held det for å vere nokså sikkert at det var Truls som var meister for dette. I 50-årsskriftet for Bergens Elektrisitetsverk står sitert frå "Bergens Tidende": ". foruten til gatebelysning vil det i disse strøk for dem som ønsker det være anledning til å forsøke det elektriske lys til privat bruk." - Det var ingeiliør Jens K. S. Hopstock som var eldsjela i Bergen når det galdt elektrisk lios, men Truls var heime frå England og demonstrerte elektrisk ljos i Bergen i dei tider, og Leif Arnold Loen hugsar godt at han fortalde om samarbeid med Hopstock.

Det var ei veldig utvikling nett i desse åra, og hadde folk i Loen kjent si "nådetid", så hadde dei fått bygdeverk der på same tid som hovudstaden fekk sitt verk. Kristiania Elektrisitetsverk kom i gang i 1893, men sjølvsagt hadde det vore elektrisk ljos i byen før.

Endå det ikkje er hundre år sidan desse hendingane, er det vanskeleg å få nøye greie på det som hende dei åra. Sjølv hugsar eg Truls på den måten at eg var med far når han var der for å få gjort eit eller anna arbeid.

Vi skal minnast desse som gjekk føre i ei vanskeleg tid og fekk gjort så mykje med små midlar. Eg tenkte lenge det skulle lukkast å finne tak i den dynamoen Truls Rasmussen sat inne i Loen og laga for 78 år sidan, men han er vel bortkomen. Minnet om mannen må i alle fall leve.

Kor sterkt inntrykk Swan hadde gjort på Truls, har eg høyrt ei soge om. Då systersonen Rasmus Sande fekk ei dotter, fekk Truls han til å kalle jenta Svanhild. Om soga er sann, veit eg ikkje, men jenta heiter i alle fall Svanhild, og det er ho som i dag har plassen der Truls var fødd og voks opp.

For å prøve å få eit bilete av denne mannen, som var så føre si tid, har eg snakka med mange som kjende han, særleg frå siste åra han var heime. Ein av desse var bonden og diktaren Leif Arnold Loen, som var mykje saman med.Truls desse åra frå han kom heim for godt til han døydde. Truls lika godt å fiske, og Leif rodde til han, og dei hadde mang ei hyggeleg stund på Lodalsvatnet. Då han var heime første gongen saman med huslyden, var dei mykje saman med foreldra til Leif, og mora hans var til England og helsa på dei der ein gong.

Leif Arnold Loen seier sjølv at han såg svært opp til Truls. Han visste utruleg mykje, las utanboks lange stykke frå Hamlet av Shakespeare og andre engelske klassikarar. Den han høyrdest ut til å setje mest pris på, var Robert Burns. "Ja du, eg har ofte høyrt opplese utanboks Tom o Shanter på engelsk, det som Hartvig Kiran har sett om så ypperleg og kalla Mons i Ura." Med all si reising rundt om i verda, var Truls vorten ein vidsynt mann. Frå åra i Sør-Afrika fortalde han mykje, og endå han sjølv var gift engelsk, heldt han med boarane i striden mot engelskmennene. Som vi veit var Gandhi i unge år i Sør-Afrika, som så mange indiarar. Tett etter at han hadde vore i Oxford og studert, helsa Truls på han ein gong han kom innom og såg på det arbeidet Truls dreiv med, og Gandhi hadde gjort cit veldig inntrykk på han. Alt den gongen var det dei små i samfunnet som skulle hjelpast, særleg var det kastevesenet Gandhi var imot. Heile sitt liv fylgde Truls med når det stod noko i blada om Gandhi, og snakka gjerne om han.

Kontrollen var veldig streng med dei folka som arbeidde i gruvene i Sør-Afrika, både i gullgruvene og diamantgruvene. Det var ikkje uvanleg at magen vart tømd på dei som skulle ut av området. Truls hadde ei tid som arbeid å bore gjennom gullbarrane for å kontrollere dei.

Endå så mykje han hadde opplevt og vore med på ute i verda, fortalde han gjerne om slikt som han hadde høyrt frå gamle dagar - då han var ung. Borna hans var spreidde over heile verda, og han kjende seg nok ofte einsam. "Han var både ein åndens og håndens mann," seier Leif Arnold Loen, "eg har i huset her ein krakk, eit skrivebord og eit bokskåp som er frå den bolken han var heime og skulle drive verkstad eller fabrikk og sende møblar til England. Han var her og føre si tid, med di han laga møblane i deler og pakka dei i kasser, som så vart sende over slik for at møblane kunne monterast der. Eg har eit spiritistbord som han har laga; han var interessert i slikt ei tid. Og så har eg noko som eg set stor pris på, som eg fekk med han. Ved Cape Town er eit fjell som heiter Table Mountain. På det fjellet veks det ein plante som no er freda, som vel på norsk ville heite sølvlauv. Nokre blad av denne festa på eit kort fekk eg ein gong med Truls, og det er eit kjært minne," seier Leif Arnold Loen til slutt.

Synnøve Sæta fortalde at ho hadde høyrt at då dei i Bergen heldt 50 års jubileum for elektrisk ljos i byen, sat Truls og høyrde på dette i radio. Han hadde visst om at jubileet skulle vere, og snakka med brorsonen Rasmus Sande om det, men forbode han å snakke om at Truls hadde vore med i Bergen for 50 år sidan og sett dette i stand. Då dei den dagen sat heime i stova og høyrde om desse hendingane, var han så rørt at han hadde tårer i augo. Men her og kom det fram at han var smålåten og tilbakehalden.

Til dokumentstart

1975. Tyfustragedien i Solvik 1898

Av Styrkår Almenning

På nordsida av Loenbukta ligg det ei lita grend som heiter Solvik. Her stod det, fram til 1966, ei noko lita sperrestove av den vanlege Nordfjordtypen. I denne stova budde det i åra 1893-1898 ein huslyd som var flytta hit frå Strand, ein liten gard nokre kilometer lenger ute ved fjorden. Det var Mons Andersson Strand og kona Sigrid Rasmusdotter, f. Oppheim. Dei hadde desse borna: Ragnhild, Anne, Anders, Rasmus, Thea, Fina, Inga og Milda. Då dei fem år seinare flytte frå Solvik, var huslyden redusert frå ti til seks. Den siste av dei som opplevde dei vonde dagane då tyfusen herja i Solvik, døydde like før jul 1974. Det var Thea, den femte i syskenflokken, og ho har fortalt meg det som hende. Her er då hennar soge om dette:

Det var visst i månadsskiftet januar-februar at Anne kom heim att frå teneste ho hadde hatt lenger ute i bygda. Ho fortalde at der hadde vore eit dødsfall, og at det skulle vere ein farleg sjukdom som var på ferde. Mor vart redd at Anne kanskje hadde smitte med seg. Ho tok henne difor for seg, vaska henne grundig over alt og bytte klede frå ytst til inst.Det hjelpte berre så altfor lite. Nokre dagar etterpå vart Milda, som var fire år, og eg, som var ti, sjuke. Det vart fæle dagar og netter. Eg hadde høg feber, og det var så vondt at eg stundom tykte det var like godt å døy. Men så tenkte eg på eit halsband av brune glasperler som eg nyss hadde fått, og eg tykte det var leitt å forlate det.Både Milda og eg berga livet, men før vi var friske, var mor sjuk, og sidan alle syskena mine, så nær som Rasmus, fyrst dei eldste: Ragnhild, Anders og Anne, og sidan småsystrene Fina og Inga. Feberen herja med dei, så dei var mykje i ørske. Og dei hadde eit fælt andedrett. Verst var det med mor. Bringa hennar arbeidde slik at kleda ustanseleg seig av henne, og så var det eg då, som måtte få dei på plass att. Men eg var berre ti år, så det var vel ikkje rart stellet eg kunne gje henne.

Dokteren hadde vore der, og han hadde sagt at det skulle stå ei bytte med vatn framfor kvar seng. Det skulle vel halde lufta fuktig så det vart lettare å puste. Det la seg svarte skorper over lippene åt dei sjuke. Eg gjekk frå seng til seng og tok bort desse skorpene med eit papir og kasta det ned i byttene.

Korleis far kom gjennom desse vekene, skjønar eg ikkje. Han laut stelle litt mat, fore og mjølke dei to kyrne, og så måtte dei sjuke ha tilsyn dag og natt. Men både mor og dei fem syskena mine såg ut til å bli ringare for kvar dag.

Berre Rasmus heldt seg frisk. Han var mykje ute. Nede ved sjøen var berr mark, men lenger oppe låg det snø, og Rasmus for mykje og rende på ski i bakkane der oppe. Det var nok ikkje mykje gildt for han heller, for kameratar kom ikkje i nærleiken av han. Alle visste kva sjukdom som herja, og alle var redde oss. Men det var vel betre enn å vere inne og ha sjukdom og død kring seg. Så vart det far då, som vart åleine med striden desse vekene, og eg skulle prøve å hjelpe han så godt eg kunne.

Grannane gløymde oss ikkje om dei var redde smittefaren. Stundom høyrde vi ein liten smell i veggen eller døra. Då visste vi at der var nokon ute. Dei stod eit stykke frå stova og kasta ein stein mot veggen for å varsle at dei var der. Dei ville vite korleis det stod til med oss, og stundom hadde dei med litt mat i eit spann som dei sette att.

Så var det ein dag - eg trur det måtte vere ein søndag - at mor fekk ei klår stund. Ho bad oss kome bort til senga. Kanskje var Rasmus der og. Og så stod vi der ved sida av far, eg heldt Milda i armane. Og i sengene i same stova låg Ragnhild og Anne, Anders og Fina og Inga. Eg veit ikkje om dei var så klåre at dei følgde med i det som hende, Anders kanskje, for han var ikkje så mykje i ørske, enda så sjuk han var.

Mor låg ei stund og såg på oss, og så bad ho: - Sørg, o kjære Fader, du, jeg vil ikke sørge -.Ho las heile verset, og målet bar, enda ho var uttært av sjukdomen. Berre ei lita stund varte det, så var ho inne i ørska att, og ho fekk ikkje fleire klåre stunder.

Dagen etter sat eg i koven og leika med Milda. Far var inne i stova hos dei sjuke, og døra var open. Då høyrde eg at noko særleg hende der inne, og eg storma inn. Mor låg still i senga. Og attmed stod far, med hendene knepte opp under haka.

Far, er mor død! ropa eg.Ja, no er ho fri all jordens møye fekk han fram. Då skreik eg.

Grannen som den dagen kasta stein i veggen, fekk vite kva som hadde hendt. Og dagen etter kom to av grannane med ei svart kiste som dei sette frå seg eit stykke frå stova. Då dei var gått, bar far kista inn. Han hadde stelt liket, og så vart det far og eg som måtte leggje mor i kista. Han tok mor under herdane og hovudet, og eg tokom føtene hennar, og såleis fekk vi lagt henne i kista. Vi stod attmed ei stund, far og eg, og far song: Bedre kan jeg ikke fare, end at fare til min Gud. Han var så flink til å syngje, og han fekk målet til å bere denne dagen og, trass i sorga, og trass i at han ikkje hadde sove ei heil natt på mange veker. Han la loket på og spikra det fast. Så måtte han drage kista over stovegolvet, ut døra, og bort over den hardfrosne marka. Eg følgde etter, og eg vart ståande ei stund i døra og sjå på kista. Oppå på loket hadde far skore inn eit kors, det lyste trekvitt gjennom den svarte fargen. Dette hende den 3. mars 1898, men biletet er like klårt i minnet den dag i dag.

Vi høyrde til Olden sokn, og der vart mor gravlagd, men ingen av hennar folk fekk følgje henne til grava. Fem låg for døden, og vi fire som var friske, kunne ikkje vere saman med anna folk. Kanskje stod vi og såg etter båten, men det var grannane som måtte ro båra til Olden kyrkje og få henne sett ned der.

Same dagen som mor vart gravlagd, døydde Ragnhild. Ho var så lys og vakker at dei som gjekk for presten ilag med henne, snakka om det mange år etterpå. Vinteren før hadde ho gått på Amtsskulen i Florø, og ho drøymde om meir skulegang. Det vart altså ikkje noko av. Ho var atten år då ho døydde. Endå ho døydde dagen etter mor, fekk ho ikkje ligge i same grava. Det høvde så underleg at natta til den 4. mars la det seg mein-is på fjorden, så dei kunne ikkje kome til Olden. Så den dagen laut grannane bere kista inn stranda til kyrkja i Loen. Vi som overlevde sjukdomen, snakka om dette seinare, og vi tykte det var leitt at dei som vi miste, ikkje skulle få vere i lag i døden.

Dagane gjekk, og kampen mot sjukdomen heldt fram i den vesle stova, dag og natt. Anne og Anders hadde det verst. Anders var fjorten år og skulle gå for presten til sommaren. Det galdt å «sleppe fram» i den tid. Anders hadde ikkje så lett for å lære, og stundom hadde vi erta han med at han ikkje kom til å sleppe fram. No hadde han ikkje noko sorg for det lenger.

Så var det natta til den 9. mars. Han ville sitje i senga, og far hjelpte han opp. Anders falda hendene og bad Fadervår. Han la seg ned på puta att, drog anden djupt eit par gonger, og så døydde han. Han hadde vore klår like til det siste.

Far kom og vekte meg: No er Anders og død, sa han. Han hadde ikkje mange å dele sorga med, og eg var berre ti år, så eg kunne vel ikkje vere til noko trøyst for han. Då far fortalde Rasmus at broren var død, og om korleis det hende, sa Rasmus: Han slapp fram likevel, han Anders.

Tre dagar seinare var det Anne sin tur. Ho var stor og kraftig, ikkje så lys som Ragnhild, men med fyldig mørkebrunt hår. No hadde sjukdomen brote henne ned. Ho var for det meste i ørske, og den 12. mars døydde ho, seksten år gammal. Det rann så mykje væske ut av munnen hennar etter bo var død. Det var så fælt. Ho vart gravlagd same dagen. Ho og Anders fekk gravene sine i lag med mor. Dei ligg under nokre store tre i søraustre hjørnet av kyrkjegarden ved Olden gamle kyrkje.

På ti dagar hadde far mist kona og dei tre eldste borna. Han var då 38 år gammal. Fina og Inga, åtte og seks år gamle, låg framleis og tokst med sjukdomen. Men no hadde vi fått noko medisin. Det smaka visst fælt, for far måtte tvinge det i dei. Det var vel medisinen som berga livet deira. Men dei miste alt hår på hovudet, så dei vart heilt snaue. Og der var mest ikkje krefter att i dei. Eg hugsar at far skulle byte skjorte på Inga. Ho sat i senga, og far drog skjorta av henne. Då stupte ho framover sengeteppet. Ho hadde ikkje krefter til å halde seg oppe med eiga hjelp. Men smått om senn friskna dei til, og håret vaks ut att. Inga fekk lyse krøllar over heile hovudet. Ho var vakker som ei dokke.

Våren kom, dette året og. Pinsafta var det fint ver, og då var vi ute på vegen ovafor huset. Det var visst fyrste dagen Fina og Inga kunne gå ut. Eg sprang bort til far og sa:I dag er vi ute, alle. A, nei, svara han, vi er ikkje alle.

Jonsokdag gjorde vi reint i stova. Vi røykte med svovel, og då laut vi halde oss ute i seks timar. Alle sengkleda var vaska, og dei var ikkje tørre då kvelden kom, så den natta låg vi i berre sengehalmen. Men det var ny halm, og det var Bommers dag, så vi hadde ikkje noko naud.

Men no hende noko som kjendest mest like hardt som det som eg alt hadde gjennomlevd. Ein dag sa far at vi måtte reise frå Solvik.

Det var eit fælt slag for meg. Eg trudde stova var vår, eg og at vi som levde att, skulle få vere i lag der, så vi kunne ha som ein heim. Men vi åtte altså ikkje stova, og no hadde eigaren selt henne til nokre som straks skulle flytte inn.

Så måtte vi ut då. Inga vart plassert i Olden, og vi andre vart sette bort til grannane på Oppheim. Det var kanskje verst for Milda som då var vel fire år. Om dagane kunne vi få vere i lag, men når kvelden kom, laut vi skiljast. Milda skreik og klengde seg til meg, og eg gret fordi dei måtte ta veslelyster frå meg med makt. Ho ville så gjerne vere med meg som hadde vore i mor sin stad for henne i fleire månader no. Kunne ho ikkje fått lov til det? Dei vaksne forstod ikkje dette, og så var det same striden kveld etter kveld.

Mor og tre sysken hadde eg mist. Og vi fem som levde att, vart rivne frå kvarandre, og i stova vår kunne vi ikkje koma meir. Dette vart for mykje på ein gong. Og eg kom inn i angest og sjelenaud. Eg kunne fare fram or senga midt på natta. Eg hadde fått det for meg at det var Gud som ville at eg skulle gå ute om nettene. Det var stjerne-klårt og kaldt ei slik natt, og eg stod ute på tunet og såg opp i stjernene og sa: I Jesus søker jeg min fred, all verden har kun smerte. Eg las alle versa. Eg kunne dei, for det hadde vore mykje song heime, og eg fann kanskje trøyst i desse strofene som eg hadde sunge i lag med dei som no var borte. Men det gjekk på helsa laus. Eg fekk blemmer under føtene, leid av hovudverk, og vart bleik og såg dårleg ut. Far såg til oss kvar helg. Han forstod at det var noko som vanta meg, og spurde kva som var i vegen. Men eg kunne liksom ikkje gje noko svar på det. Det var berre eitt eg tykte var sant å svare, og det var: Meg kan berre Gud hjelpe. Men eg veit ikkje om eg sa det nokon gong.

Likevel tok han meg med til dokteren, og eg fekk eit slag medisin. Om det hjelpte, veit eg ikkje. Men då vi eit år seinare fekk flytte saman att, retta dette seg.

Det var godt at eg då ikkje visste at før 20 år var gått, var det berre far og eg att av dei som overlevde dei vonde dagane i Solvik. Det tyfusen sparte, tok tuberkulosen.

Her sluttar forteljaren. Kyrkjebøkene syner at ho har hugsa rett, også detaljen om at Ragnhild vart gravlagd i Loen. Solvik høyrde til Olden då, og Sigrid, Anders og Anne er førte inn i dødsregisteret for Olden sokn. Men Ragnhild er gravlagd i Loen den 4. mars 1898, det syner kyrkjeboka for Loen sokn. At Anne er gravlagd same dagen som ho døydde, stemmer også med kyrkjeboka.

Ingen ting er oppdikta. Både hendingane og replikkane er autentiske. Ho som opplevde det, har sjølv fortalt det til meg slik som det er nedskrive her.


Mons Strand saman med kone og borni. Det er den andre kona, Kristi, f. Auflem, og dei to små borna er frå dette ekteskapet. Attanfor står dei fire jentene som overlevde tyfusepidemien, frå venstre: Inga, Fina, Thea og Milda. Thea er mor til forfattaren, og det er ho som har fortalt om det som hende.


I syskenflokken var det ein gut som overlevde tyfusepidemien. Det var Rasmus. Då han vart vaksen drog han til Amerika der han døydde ung.

TREET

Du står med borken flekt,
og kvist og grein vart knekt
av ras som for forbi,
men toppen han gjekk fri.

Og all din grøne stas
gjekk med i dette ras
den vonde redslenatt,
men rota, ho står att.

Og finn ho, djupt i grunn
den løynde livsens brunn,
du veks deg frisk på ny
med toppen fri mot sky.

S. ALMENNING

Til dokumentstart

1981
Ein stad å vere frå
OLAV A. LOEN OG ÅRBOK FOR NORDFJORD

Av Reidar Djupedal

For nokre år sidan kom det ut ei bok som heitte Røter. Det var ein amerikanar av slaveætt som leita etter røtene sine i Afrika. Nokre halvgløymde ord av eit framandt mål, nokre brot av forteljingar som hadde levd i ætta var det einaste han hadde å halde seg til. Men dei sette han på faret, og han fann røtene sine.

Vi har alle våre røter endå vi ikkje kjenner dei alle. Vi har alle ein stad å vere frå og ein stad å vende attende til. Dette er ei kjensgjerning. Det er korkje attendedikting eller snyktegråt over ei tid som ikkje kjem att. Ingen vil attende til fortida, til ei tid med sjukdom, fatigdom, med gikt og tannverk og alt slags elende, og med ein medels levealder på 30 år. Men vi vil gjerne høyre om fortida, lære av ho og få greie på korleis folk verkeleg levde og kva dei var opptekne av. Ludvig Holberg seier einstad at ein av det forgangne kan lære om det tilkommende. På den måten ville han gjere historia nyttig. Om vi ikkje nett kan bruke historia til å spå framtida med, kan i alle fall historia betre lære oss å skjøne den tida vi lever i, som vi sjølve kan døme om og bere vitnemål om.

Årbok for Nordfjord skal vere målemnet i dag. Ho har fortalt nordfjordingane om sine røter, om ein stad å vere frå og ein stad å høyre til og ein stad å vende attende til.

Planen om å få ei årbok for nordfjord var i si tid knytt til planane om å få eit folkemuseum for Nordfjord. Alt i 1907 var Nordfjord Sogelag skipa, det fyrste bygdesogelaget i landet.1) Sogelaget tok med ein gong opp arbeidet med å få tufta eit Folkemuseum for Nordfjord. Til framtidsplanane høyrde det og å få sett i gang eit sogeskrift for Nordfjord. Grannane hadde alt fått sine årsskrifter.

1) Årbok for Nordfjord, 1965, s. 84.

Ikkje lenge etter at Nordfjord Sogelag var skipa vart det skipa ei «Søndmør historiske Forening (Sunnmør Sogelag)». Det var den 17de februar i 1909. Den 30. mai same året vart «Historielaget for Sogn» skipa. Begge laga tok til å gje ut skrifter som sidan har kome med jamne mellomrom. I 1910 kom fyrste årgangen av «Tidsskrift for Søndmør Historiske Forening (Sunnmøre Sogelag)». I år er den 56. årgangen ventande. «Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn» kom og med fyrste årgangen i 1910, og har no nådd til årgang 26.

Den 25. juni 1910 vart «Sunnfjord Sogelag» skipa. Det har vore mange planar om å få ut ei årbok, men dette har ikkje lukkast. Albert Joleik gav ut «Sunnfjord. Tidsskrift um Sunnfjord-soga», 1919, men meir kom visst ikkje. Otto Museklepp har gjeve ut «Sunnfjord-tunet», 1958.

Spørsmålet om eit historisk tidsskrift for Nordfjord vart ofte drøfta, men av ein eller annan grunn vart saka lagd til sides, og tanken fekk ikkje liv. Derimot kom det nokre spreidde skrifter. Fyrst kom «Festskrift i anledning aapningen av Nordfjord Folkemuseum», 1922, og sidan «Nordfjords Kyst. Utgit i anledning Norsk-Amerikanernes 100- aars jubileum», 1925. Det siste heftet står det ikkje med reine ord at Nordfjord Sogelag har gjeve ut, men føreordet er underskrive av Kr. J. Sunde, «formand i Nordfjords sogelag».

Då den fyrste «Årbok for Nordfjord» kom ut i 1951, hadde ho ingen samanheng med dei gamle planane. Tiltaket var nytt og ubunde av fortida. Det var Olav A. Loen som fekk ideen til ei årbok for Nordfjord-bygdene, og det var han som bar tanken fram og gav han liv. Han kjende knapt til alt som før hadde vore sagt og skrive om saka. Heller ikkje hadde han nærare kjennskap til tidsskrifta på Sunnmøre og i Sogn. For han var «Årbok for Glåmdalen» (frå 1941) og «Dølaminne. Årbok for Gudbrandsdalen» (frå 1930) dei næraste førebileta, særleg då årboka for Gudbrandsdalen. «Ho høvde best med dei tankar eg sjølv hadde gjort meg,» seier han. Det skulle ikkje berre vere eit skrift for bygdesoge, men og eit skrift for bygdekultur og ungdomslagsarbeid.

«Det som var mogeleg andre stader, måtte og vere mogeleg å få til i Nordfjord,» tenkte han. Han møtte velvilje frå alle kantar og hjelp frå mange. Det vart likevel ikkje få harde tak før årboka var trygda.

Her skal vi ikkje skrive soga om Årbok for Nordfjord, men det må vere naturleg når Olav A. Loen no sluttar som skriftstyrar å gje ei stutt utsyn over hendingsgangen.


Olav A. Loen

Olav A. Loen hadde særlege gåver som skriftstyrar for ei lokalhistorisk årbok. Han kjende fjorden og han kjende folket. Han hadde vore ein av føregangsmennene i Firda Ungdomslag og i fleire andre samskipnader, og han hadde lang røynsle i den vanske-lege kunsta å skrive, å setje tankar og røynsler om i ord på papiret. Det er og noko som skal lærast, og det krev tid og tolmod. Olav A. Loen var vel budd til å styre ei Årbok for Nordfjord. I si skriftstyrartid gav han ut 14 årbøker med til saman over 2000 sider. Arbolka har han styrt med fast og mild hand. Han rettleidde dei som trong hjelp, og han stramma inn stil og skrivemåte når folk kom for langt ut på viddene, og han skifte ut framandslege ord og vendingar så boka skulle bere bod til alle.

Denne lange rekkja av årbøker har han gjort til kjeldeskrifter, eller skal vi heller seie til eit stabbur av kunnskap om Nordfjord både i fortid og notid. Det er uråd å rade opp alle dei emne som årboka fortel om. Ser vi årgangane samla, finn vi forteljingar og utgreiingar om lokal-soge, om folk og hendingar, om folkeminne, segner og eventyr, om ferdsle og fektefart, om littteratur og kunst, om dikt og folkemusikk.

Skriftstyraren har vore dugande til å leite fram tilfang og til å få folk til å skrive. På denne måten har han hatt ei styring med årboka, men han har vore ein raust og romsleg styrar som har late alle meiningar kome til orde. Vi veit og at han har hatt fleire målemne og idear på ynskjelista si enn dei han har fått sett ut i livet, men dei ventar tolmodig på einkvan som kan ta seg av dei og skrive om dei. Med godord og klokskap har han visst å få trege folk av lunnane. Sume kom med forebersler om at det dei viste og kunne var lite verd. Olav A. Loen fekk dei til å freiste likevel, og dei kom att, fordi dei fekk kveik og hjelp.

Eg må få lov å sitere nokre liner frå eit brev som skriftstyret fekk for ei tid sidan, og som fortel om det gamle og gode tilhøvet som årboka har til medarbeidarane sine. Ein mann som har skrive både i årboka og i Jul i Nordfjord i mange år, takkar for gamalt samarbeid og «for godt brev med gode ord. Det eggar meg opp til å skriva meir, men synet minkar no...» Olav A. Loen kunne visseleg fortelje mangt og mykje om tilhøvet sitt til lesarane og medarbeidarane.

Det må og nemnast at Olav A. Loen har vore ein klok skriftstyrar, klok på den måten at han ikkje har freista å tøye feiden lenger enn han rokk. Dårleg råd var lenge den store bøygen, og sidan måtte han halde hus med det vesle som var. I dag torer vi nok seie at årboka kviler på traust grunn, såleis at ho er trygda om ikkje uventa ting kjem på.

Her skal vi ta med nokre spreidde utdrag frå styrebøkene til Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag. Vedlegga har eg ikkje sett, og heller ikkje brev frå denne tida. Det kan difor berre verte ei stutt utsyn som syner gangen. Ved alle vegamot støyter vi på Olav A. Loen. Det går tydeleg fram av styrebøkene at det var han som reiste tanken og vi ser at det var han som fekk gjort tanken til røyndom. Han har dessutan skrive litt om opptaket til årboka i eit brev til meg 3. august i år. Her skriv han fyrst:

«Eg hugsar at Gudbrandsdalen og Glåmdalen hadde teke til med slike Årbøker, og det gav meg tanken om å prøve noko slikt i Nordfjord. Tidlegare hadde «Jul i Nordfjord» kome ut. Eg meinte at den skulle vere meir litterær, og gje rom for ungdomar og andre som ville prøve seg med forteljingar og dikt, og slik var vel «Jul i Nordfjord» i den første tida.»

Ved denne tida var Olav A. Loen og skriftstyrar for Jul i Nordfjord, men det var ikkje lett å få unge menneske til å dikte. Difor fekk juleheftet etterkvart ei sterk halling mot bygdesoge og kulturhistorie. Det synte seg at det var rom både for ei årbok og eit julehefte. Det var eit nært samarbeid mellom skriftstyra og det vart ofte ei skjønssak korleis tilfanget skulle bytast mellom dei.

I styreboka for Nordfjord Folkemuseum for 29. januar 1949 er det fortalt om det fyrste opptaket til Årboka. Styra i Nordfjord Folkemuseum og Nordfjord Sogelag møttest for å drøfte «skriv frå Olav A. Loen med framlegg om at Nordfjord Sogelag og Museet går saman med Firda Ungdomslag om utgjeving av årsskrift og andre skrift ved-komande Nordfjord». - Vedtaket lyder: «Sogelaget og Museet går svært gjerne saman med Firda Ungdomslag om utgjeving av slike skrifter. Formannen i sogelaget og formannen for museet får fullmakt til å tinga med styret for Firda ungdomslag om samarbeidet.»

I Styreboka for Firda Ungdomslag for 5. mars 1949 er det sagt: «Vart lese ymse skriv frå Olav A. Loen og Ola Sande (= formann for Museet) der det var orda frampå om samarbeid mellom Firda Ungdomslag, Nordfjord Sogelag og Nordfjord Folkemuseum ved utgje-ving av årboka.» Vedtaket vart: «Til å tinga om spørsmålet vart valde Olav A. Loen, Ingolv Aagaard og Einar Skarstein (= formann Firda Ungdomslag).»


Ola Sande

I årsmeldinga frå Firda Ungdomslag for 1948 kan ein lese meir om årboksplanane: «Etter opptak av Olav A. Loen har ein teke opp arbeidet med å gje ut Årbok for Nordfjord. Frå først av var det meininga at Firda ungdomslag skulle stå åleine om tiltaket, men seinare har det vore tingingar om samarbeid mellom Firda Ungdomslag og Nordfjord Sogelag om samarbeid om denne oppgåva. Tilrådinga om saka kjem fram som sak under årsmøtet.»

I oppritet frå årsmøtet i Firda Ungdomslag, 18. juni 1949, vert det sagt om denne saka: «Firda Ungdomslag går saman med Nordfjord sogelag om å gje ut Årbok for Nordfjord og steller til rådvelde kr. 2500, 1) til startkapital på vilkår av at Nordfjord Sogelag gjer det same.»

1) Olav A. Loen trur at den endelege summen som vart løyet, var på 700 kr. frå kvar. Thorleif Iversen trur og at det var 700 kr. frå Firda Ungdomslag.

Samarbeidet mellom dei to samskipnadene var heile tida godt, og dei hadde ingen vanskar med. å semjast om hovudsaka. Nordfjord Sogelag var samstundes målsmann for Nordfjord Folkemuseum som museet var ein del av. Ein kan så-leis seie at Nordfjord Folkemuseum var med frå fyrsten av som ein part i årboka. Ola Sande som var målmann for museet, var heile tida velviljug og energisk for saka. Lars Søreide som meir hadde med sogelaget å gjere, var og positiv til tanken.Ingen hadde førebersler å kome med når det galdt sjølve framlegget om ei årbok for Nordfjord. Alle ville ha ei slik bok. Det som stod att var å vinne over praktiske vanskar og trygde årboka i penge-vegen.

I årsmeldinga for Firda Ungdomslag for 1949 kan vi lese kor langt arbeidet er kome: «Firda Ungdomslag arbeider saman med Nordfjord Sogelag om å gje ut Årbok for Nordfjord. Arbeidet er no kome så langt at det er sett opp kontrakt om prenting med Nilssens Trykkeri i Stryn, og boka skal vere i handelen til hausten.»

Det same er sagt i oppritet frå styremøte i Firda ungdomslag den 28. januar 1950: " Årbok for Nordfjord som Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag skal gje ut i lag, vil vi freiste å få ut hausten 1950.»


Lars Søreide

Sidan dette og skulle vere ei årbok for ungdomslaga, var det og rimeleg å spørje ungdomslaga om dei kunne finne høveleg tilfang i lagsblada sine. Mange diktarar hadde sett sine fyrste ord på prent i dei handskrivne ungdomslagsblada. Det vart lyst ut ei tevling om dei beste tilskota, på vers eller prosa. Den 16. juni 1950 vedtok styret at Håkon Gausemel, Bjarne Lødøen og Oskar Tomasgard skulle vere domsnemnd. Tre ungdomslag fekk premie, og fem andre tilskot kom dessutan med på prent.

Året etter vart det lyst ut ei ny tevling. Denne gongen vart det og etla ut tre premiar.No synte det seg at det ikkje var så beinkløyvt å få ut den fyrste årboka til den tida som var sagt. Alt tilfanget stod i sats, men på grunn av vanskar med straumen og lite arbeidshjelp, var det uråd å få boka ut i 1950. Det var eit stort vonbrot.

I årsmeldinga for Firda Ungdomslag for 1950 høyrer vi om alle vanskane: «Årboka for Nordfjord kunne vi diverre ikkje få ut til jul som planen var og som vi hadde kontrakt med prentaren på, då det synte seg at prentearbeidet ikkje vart gjort ferdig. Alt ligg no ferdig i sats, og vil verte prenta så snart straumvanskane er slutt.»

ÅRBOK FOR NORDFJORD 1951
Eit skrift for folke- og kulturminne,
arbeidsliv og ungdomslagsarbeid.
Utgjeve av Firda Ungdomslag og Nordfjord Sogelag.

Skriftstyrar var Olav A. Loen, og med i skriftnemnda for Nordfjord Sogelag var Lars Søreide, Hopland. Boka var prenta, i Stryn Trykkeri.

Her kan det høve å la skriftstyraren atter få ordet. I brevet 3. august til meg, fortel han etter minnet nokre spreidde drag frå førebuingane og rådleggingane han hadde med dei to samskipnadene som stod attom årboka:

«Første årboka kom ut i 1951, og då var Lars Søreide med i skriftnemnda. Han var den tid formann i sogelaget. Det var i førebuinga at dei kom seint med. Då F.U. hadde teke avgjerd om å gje ut ei slik bok, og eg kjende meg som skriftstyrar for boka, så skreiv eg til Nordfjord Sogelag om samarbeid, og eg fekk eit positivt svar frå Ola Sande. Han var kanskje sekretær eller noko slikt i Sogelaget. Det vart då halde eit møte på Sandane der Lars Søreide, Ola Sande og eg var med. Møtet vart halde i heimen til Ola Sande. På det møtet var Sande for samarbeid om årboka. Lars Søreide nemnde at då dei starta Sogelaget var det for å gje ut skrifter, saman med å få til eit Nordfjord Folkemuseum dei viktigaste oppgåvene for laget, og dei hadde no i tankane å gå i gang med dette. Eg veit ikkje om det var ungdomslaga han ikkje hadde full tiltru til. Resultatet av møtet var at vi vart samde om å gje ut årboka i lag. Kvart av laga skaut inn kr. 700, trur eg, for å få ein liten startkapital. Dette finn du vel i rekneskap eller møtebøker til Sogelaget. Lars Søreide vart med i skriftnemnda, og til kasserar fekk vi Håkon Gausemel som då var kasserar i F.U. Så vidt eg hugsar så førde han rekneskapen saman med rekneskapen for F.U. Vi hadde underskot på boka dei første åra, og etter å ha gjeve ut årboka kvart år i tre år, såg vi ikkje råd til å halde fram av økonomiske grunnar.»

Både bygdeblada i Nordfjord og blad i Oslo og Bergen tok vel mot den nye årboka. Det same gjorde lesarane. I årsmeldinga for Firda Ungdomslag for 1951 vert det fortalt at «boka har fått mykje vellæte i pressa, og i sume bygder har boka vorte seld i kvar einaste heim. Mange utanom Nordfjord har tinga boka.»

Trass i at folk tok vel mot årboka var det likevel vanskeleg å få endane til å møtast. Dei to samskipnadene var likevel samde om å halde fram, endå om tiltaket ikkje bar seg og gjekk med underskot. Då tredje årboka kom ut, og ho heller ikkje bar seg, vedtok styra at dei ville søkje Kyrkje- og Undervisningsdepartementet om ei lite tilskot, slik som eit par andre årbøker alt hadde fått. I referatet frå styremøtet 9. april 1954 står det at dersom søknaden vert stetta, kjem årboka ut som før. Det står ikkje noko om kva som skal hende om søknaden ikkje vert stetta. No sa Departementet nei, og då det ikkje var andre kjelder å ta av, hadde årboka kome i eit skorfeste. Olav A. Loen var og formann i Firda Ungdomslag ved denne tid, og han tykte sjølvsagt at det var leitt at utgiftene hadde vorte større enn inntektene. Styret vedtok difor å halde opp med årboka, i alle fall for ei tid.

Rekneskapen for årboka hadde vorte førd saman med rekneskapen for Firda Ungdomslag, slik at underskotet måtte ungdomslaget bere.

Såleis leid det nokre år. Då lektor Daniel Dvergsdal vart formann i Nordfjord Sogelag tok han opp spørsmålet om å få årboka ut på nytt. Han fekk på ny samla kreftene og sett rygg i årboka, og i 1959 kom den fjerde årgangen ut. Denne gongen var undertitelen stytta til «Eit skrift for folke- og kulturminne». Skriftnemnd var Daniel Dvergsdal og Thorleif Iversen. Dei som hugsar denne tida, er samde om at hadde ikkje Daniel Dvergsdal teke så mange trauste tak for årboka, hadde ho venteleg somna for godt.

Olav A. Loen fortel det såleis: «Eg gav ikkje opp tanken på å få boka ut på nytt, men eg fann ikkje nokon som ville satse noko på det, endå det var mange som sa at dei sakna boka. Då lektor Daniel Dvergsdal vart formann i Sogelaget, synte han stor interesse for å få boka ut på nytt. Vi fekk Ingolf Aagaard på Sandane til kasserar, og vi gjekk noko varsamare til verks og gav ut boka berre annakvart år. Du må undersøkje om vi ikkje også bad om 100 kr. frå kvar av dei 10 kommunane i Nordfjord. Boka kom ut på nytt i 1959.

Vi sette og meir inn på å få faste seljarar rundt om på bygdene. Dei gjorde godt arbeid og salet auka for kvart år. Sjølv om det ikkje vart noko mjølkeku for F.U. og Sogelaget som sume venta, så har vi greidt å halde det gåande til denne tid, og då Sogelaget ville gje ut Rasmus Øvre-Eide si bok om stortingsmenn i Sogn og Fjordane, og ikkje hadde eller fekk midlar til det, gav årboka pengar til utgjevinga. Årboka har og fått ein tryggare økonomisk grunn å stå på.»

Olav A. Loen nemner og at han ei tid var inne på tanken om å gå saman med sunnfjordingane om å gje ut ei sams årbok. «Salskrinsen vart då vidare, og vi kunne få ut boka kvart år. Eg hadde ei samtale med stortingsmann Einar Stavang om det, han var med i skriftnemnda for «Jul i Sunnfjord». Han trudde den skipnaden var god, og høvde for dei slik den var. Vi fekk etterkvart betre økonomi, og eg har ikkje gjort noko med saka sidan til å få ei bok for heile Firda-fylket.»

Då no årboka var komen på fote att, vart det naudsynt å få sett opp ein avtale mellom dei to partane som stod attom tiltaket. Dette arbeid tok nokre år, ikkje fordi det var usemje om skipnaden, men helst fordi det heilt naturleg måtte ta litt tid. I 1964 var avtalen ferdig, og formennene og skriftstyraren skreiv under avtalen. Det var Ola T. Eide, Thorleif Iversen og Olav A. Loen. Samstundes vart Olav A. Loen og tilsett som fast skriftstyrar. Det siste var berre ei formsak.

Spørsmålet om tilskot frå herada vart og teke opp. Etter det eg kan skjøne vart endelykta den at herada kunne ta lysingar for ein viss sum. I den fyrste tida var visstnok summen 100 kr. Sidan har han auka noko, og i år bed årboka om 350 kr. frå kvart herad til ei heilside-lysing. Elles er det mange som har lyst i årboka, og på den måten hjelpt til å halde ho oppe.

Årboka søkte og Norsk Kulturfond om ein viss stønad, og det har årboka fått. Skriftstyraren seier at det helst var ein symbolsk stønad, men han tok det som eit teikn på «ei godkjenning av kvaliteten.»

Denne gongen synte det seg at årboka bar seg. Stramt hushald og framsynte disponeringar gjorde det. Kassemeisteren Ingolf Aagaard førte særskild rekneskap, og han greidde det som ingen hadde trudd, å få ei botnskrapa kasse til å verte ei Sarepta krukke.. I dag torer vi seie at årboka har eit traust økonomisk grunnlag, og for kvart år som går, aukar kapitalen med nokre kroner, såleis at årboka hentar inn prisstigninga og har nok pengar til å prente neste årgang. Til denne tid har årboka kome annakvart år, men det har vore røyster som spør om ho ikkje bør kome årvisst. Det er ei sak som styra nok vil drøfte når den tida kjem.

Årboka er billeg i drift. Det vert ikkje betalt skriveløv, og den vesle betalinga skriftstyraren har fått, er helst for symbolsk betaling å rekne. Hovudsaka er at boka kan kome ut.

Den gamle grunnkapitalen som Firda Ungdomslag og Nordfjord sogelag løyvde så årboka kunne kome i gang, har årboka betalt attende. Årboka er såleis heilt skuldfri.

Frå og med andre årgangen har Solglimt Trykkeri på Sandane stade for prentinga, og dette samarbeidet har heile tida vore det aller beste. Skriftstyraren kan ikkje nok rose prenteverket for godt og samvitsfull arbeid. Medarbeidarane kan berre sanne det skriftstyraren seier. Det er sjeldan å finne eit prenteverk som les så god ein huskorrektur. Ein skal og leite lenge i den ferdige boka før ein finn prentefeil. Etter 30 års godt samarbeid må det vere lovleg å nemne dette.

Framleis har bygdeblada berre hatt godord å seie om årboka. Det har hjelpt til så salet har auka etter kvart. Fleire av dei eldre årbøkene er no utselde. Fyrste årgangen vart prenta i 2000 eksemplar. Sidan har årbøkene vore prenta i 1500, men frå i år av, går talet atter opp i 2000.

Som eit døme på kva blada skriv, vil vi her ta med utdrag av ei melding i Norsk Tidend 9. juni 1972 om den tiande årboka: «"Årbok for Nordfjord" blir utgjeven av Nordfjord Sogelag og Firda Ungdomslag. Desse laga har såleis gjort ei god gjerning som ettertida vil takke dei for.

Men ein må vel ha lov å seie at Årboka ville nok ikkje ha blitt det ho har vorte, ja, hadde vel knapt vore til, om ikkje Olav A. Loen hadde stade attom. Han har hatt eit skriftstyre til å hjelpe seg, ogdette skriftstyret har skift noko gjennom åra, men han har halde tiltaket saman.

Olav A. Loen er bonde, diktar og granskar. Han har skrive romanar og noveller, skodespel og dikt, dessutan fleire lagsskrifter og utgreiingar om lokalhistoriske emne. I fjor kom ei bok med utgreiingar om ei rad med nynorske diktarar, som kanskje ikkje høyrer til dei store, men som må vere med om biletet av nynorsk litteratur skal bli fullstendig og sant. Såleis har Olav A. Loen vore verksam på mange område. Til dette kjem at han har teke mange tak i lag, organisasjonar og bygdepolitikk. Garden har og kravt sin mann. Om Olav A. Loen kan det ordet høve, at den som har mykje å gjere, han får og mykje gjort.

Årboka har undertitelen: "Eit skrift for folke- og kulturminne", men redaktøren har aldri late seg binde av tronge grenser. Ser ein gjennom dei ti årgangane som er komne, er det nett breidda som slår ein. Det er tydeleg at redaktøren alltid har lagt vinn på å få alle bygder med, og få sentrale emne utgreidde.Det slår ein og at årboka i alle år har halde faglege mål. I alt er der noko å finne.»

Ved dette høvet når ein skal seie litt om Olav A. Loen og Årbok for Nordfjord, kan det og vere rimeleg å dra fram nokre sider av det litterære arbeidet hans elles. Arbeidet med årboka har berre vore eit arbeid ved sida av dagsens mange andre gjeremål.

For nokre år sidan (1978) gav Olav A. Loen ut ei bok om «Garden og ætta. Sjurebruket i Loen». Her seier han frå om folket sitt og garden så langt attende som kjelder når og folkeminnet kan fortelje. Han fortel om liv og arbeid på garden, eit arbeidsliv som no høyrer fortida til. Han fortel og om bygda og livet der, om ungdomslag og den åndelege vokstertida som fylgde med lagsliv og anna ungdomsarbeid.

Han nemner og stutt sitt eige arbeid som diktar og forfattar. Sine fyrste freistnader som diktar gjorde han i ungdomslags-blada og i mindre blad. Sjølv brukte han namnet Olav Alvheim. Sidan gav han ut romanar, spelstykke og forteljingar. Han har elles liggjande både romanar og spelstykke som ikkje enno er prenta, m.a. eit spel om Kolbein Sterke.

Olav A. Loen har og gjeve ut eit litteraturhistorisk arbeid om nynorske forfattarar: «Bygda gav diktarsyn. 25 forfattarportrett» (1970), og ei lita bok om diktaren «Ingvald Forsberg» (1956). Dei diktarane han fortel om, høyrer kanskje ikkje alle til dei store. Dei har hatt si rot i ungdomslagsarbeidet og vore bundne til liv og arbeid der. Ein kan seie at Olav A. Loen med dette har gjeve oss lykelen til si eiga dikting. I eit langt diktarliv har han og vore med og bygt nynorsk litteratur.

Olav A. Loen kan i sine beste ting fortelje ei historie med råkande og ramme ord. Han kan smi ein replikk så han sit. Han kan skildre naturen utan å falle i stavar, og han kan skildre menneske så du ser dei føre deg. Han eksperimenterer ikkje med språk og stil, men han har herredøme over målet. Stundom slær nordfjordmålet gjennom og gjer målet levande og nært. Alt dette har han lært seg sjølv, ikkje fyrst og fremst i bøker og skular, men av livet og av røynsle.

Hans siste bragd er ei diktsamling «Det var deira draum» (1980). I denne diktboka har ein 80-årig mann heilt fornya seg. Han skriv framleis dikt i tradisjonell stil med rim og fast rytme, men det er framom alt dei rimfrie dikta som har forløyst evner i han som viser nye sider ved mannen. Boka ber bod om ein mann som no har vunne så langt at han gjennomskodar livsens fåfengd og utvendige glitter,og har fått eit klårare syn for dei ting i livet som er viktigare. Det er ikkje det som glimar mest, som det lyser mest av.

Diktet "Det vart aldri tid" har ein litt ironisk undertone, motsetnaden mellom ord og gjerning:

Alle vil heim
til fiskarbåten
ved havet,
til tunbjørka
og sætervollen.

Det vart aldri tid.
Det vart berre
eit draumesyn.

Båten ligg kvelvd
i fjøra.
Tunbjørka står
mellom taklanse hus
og sætervollen attgrodd
med nesler og skog.

I diktet "Ingen har nok i seg sjøl" finn ein eitslags livsfilosofi eller kanskje heller eitslags livssamandrag:

Ingen har nok i seg sjøl.
Ein vert ikkje fattig men rik
av å ha noko å dele
saman med andre.
Den som gjev
han vil og få
nokon å gle seg med
nokon å gråte med,
ei morshand
ei venehand
ei barnehand.
Det er med og gjer
den veike sterk.

Då Olav A. Loen tok til med Årbok for Nordfjord hadde han over tretti års skriving attom seg. Av slikt lærer ein. Han har synt meg prøver på si eiga ungdomsdikting som han sjølv seier har mange språklege lyte, og sant kan det vere. På den andre sida hadde han ein naturleg sans for språk og stil, og han hadde dessutan sitt eige nordfjordmål som eit trygt grunnlag. Det som er godt nordfjordmål er god norsk. Det som er dårleg nordfjordmål, er dårleg norsk. Så enkelt er det.

I sine skriftstyrarår har han hjelpt mange med å finne seg sjølv språkleg. Han har fått ein måteleg tekst til å verte leseleg, og han har plukka av setningane dei store orda som helst var uskjønlege for vanleg folk. For dette må lesarane vere skriftstyraren stor takk skuldig. Den som i embets medfør er nøydd til å lese prøver på det målet som både politikarar og boklærde folk skriv, lyt sanne med Vinje at det kan vere store tropper til små hus, og store ord til små tankar. Du kan ikkje fri deg frå denne statsnorsken same kor du snur og vender deg. Han snik seg inn på deg frå alle kantar. Det er mykje ull og tåketale, graut og talemåtar.

Årbok for Nordfjord har vore fri for denne magisternorsken. Her finn du ei målføring som det er ein hugnad å lese. Folk kvir seg heller ikkje med å bruke sine mange og gode nordfjord-ord som gjev liv til kvar side. For dette skal skriftstyraren ta takk.

Det er enno for tidleg å leggje saman Olav A. Loens verk. Han vil skrive bøker heretter og. Heller ikkje har han heilt sleppt taket i årboka, sjølv om han ikkje lenger er skriftstyraren. Han har enno mykje uskrive og ugjort.

Gjennom alt sitt arbeid har Olav A. Loen vore med og sett rygg i medfjordingane sine og gjort dei medvitne om opphav og røter. Årbok for Nordfjord har styrkt sjølvkjensla til nordfjordingane og vøre med og samla alle fjordingar om sams oppgåver.

Til dokumentstart

1981. Leif Arnold Loen

Av Olav A Loen

Når eg skal skrive om Leif Arnold Loen, så kjem det til å verte om eit venskap som varde frå gutedagane og til han gjekk bort då han var 80 år gamal i 1980. 1 barne- og første ungdomsåra var eg omlag dagleg oppe i heimen hans. Der trefte eg 6g far hans, Helge Loen (1856-1945), som var ein kunnskapsrik mann og hadde eit framifrå lag til å fortelje. Han hadde halde «Fedraheimen» med Arne Garborg som redaktør og «Firda og Sygnafylkets avis», som Mons Litlere gav ut i Bergen, og han kjøpte bøker av dei nye forfattarane som Jens Tvedt o.a. Han hadde 6g godt lag å verte kjend med diktarar og kunstnarar som i dei tider kom til Loen, m.a. Lars Osa, far til Sagbjørn Bernhoft Osa, han var kunstmålar og felespelar, Hans Se-land var her og fortalde soger og selde målbøker for Mons Litlere, forfattaren Kristoffer Randers, han skreiv to dikt frå Loen i diktamlinga «Norsk natur» (1887). Helge Loen var Rog ein framifrå fruktdyrkar og fruktkjenner, og han hadde fått eit reisestipend for å studere fruktdyrking. Reisa gjekk til Sogn og Hardanger og Jæren, og vidare til Austlandet og Trøndelag. Alt han hadde opplevt hugsa han godt, og kunne fortelje det slik at det alltid var interessant å høyre på han. Mellom mykjen anna som Leif har erve etter faren var Rog den fine forteljargivnaden.

Etter at vi nærma oss vaksen alder, fekk Leif og eg mange felles. interesser. Vi var begge interesserte i litteratur og lesnad, og vi tok 6g så smått til å skrive sjølve. Det var tre år mellom Leif og meg i alder, så vi gjekk ikkje i skule saman. Men eg hugsar at i teiknetimane kom lærar Arne Loen og synte oss teikningane til Leif som eit føredøme for oss. Dei synte både givnad og handelag. Seinare finn vi desse evnene igjen i treskjerararbeidet hans og alle skeidemønstera han har teikna. Endå til den sermerkte handskrifta hans vitnar om ein teiknekunstner.

Best hugsar eg han frå ungdomsåra. Mang ein sein kveldstime gjekk vi for oss sjølve og prata om bøker og diktarar og kjensler og tankar vi bar på. Men vi var for blyge til å gå til kvarandre og opne for våre første skriveprodukt. Dei gjekk vi helst og streva med kvar for oss. Han Leif fekk det så godt til å gå på rim. Det var i desse åra han skreiv «Losongen». Den sette Arne Loen tone til, og her i bygda har han vore nytta mykje både i kor og i samsong på festar og møte.


Far og son. Helge og Leif Arnold Loen

Nordfjord svingar om nesa inn
heilt inn til Loen han skvalar,
sjølve bygda ho ligg so fin
ordlaus ho til oss då talar.
Fjella står kring som ei vakt om dei fredsaure dalar.

Dalen smyg fram i millom fjell,
Lovatnet brådjupt det blinkar.
Bredar brenner i gull om kveld,
venleiken vitrar og vinkar,
kjærleik til dalen han veks fram og aldri han minkar.

Ser du Skåla i solar-glans
som i mot himmelen leikar.
Største tind i ein steingrå krans
er Lodalskåpa som peikar
fjellblå mot himmelen der Jostedalsbreen seg breider.

Slikt eit syn det vil feste seg,
seint eller aldri eg gløymer
Loen-bygd som hev fostra meg,
vaken eg om henne drøymer.
Minna frå barndom og heimen inn på meg dei strøymer.

Ungdomslaget hadde ei god tid i bygda den gongen. I 1915 bygde dei ungdomshuset «Heimtun», og det gav rom til meir og betre aktivitetar i laget. Og eg må seie at han Leif hadde ei sers interesse for alt som høyrde ungdomslaget til. Der las han sine eigne dikt, og endå meir sende han til lagsbladet «Kometen». Spelstykke hadde han interesse for og var med og spela. Det hende 6g at han våga seg fram på med taler eller kåseri. Eg hugsar ein gong han tala om Aasmund Vinje. Det stoffet kjende han så godt at han slapp å ha papir med seg på talarstolen. Og prologane sine bar han fram langt utanfor bygdegrensene.

Denne interessa gjekk og over til Firda Ungdomslag. Det var verkeleg den store samlingsstaden for ungdom den tid, då fleire tusen samla seg til stemne frå heile Nordfjord. Han kom og med i lags-arbeidet. Og då dei tok til med amatørtevlinger, var han ofte med på premilista. Der var det friske og humoristiske dikt med emne frå folkelivet, og det er ein lut av den store produksjonen hans av dikt.

Det var med diktinga si han hadde sine rikaste og beste opplevingar. Det var det som hugen og tankane hans krinsa i kring. Han sa det til kona, Ragna, den siste sommaren då han låg sjuk, og mange kom og vitja han: «Det er i dikta dei skal finne meg». Det var sant, det var livet for han å forme det han opplevde i kring seg i dikt. Kor mange gonger opplevde han ikkje årstidene på ein ny måte for kvar gong. Slik kjende han det i «Ei solrenninga stund».

Eg vakna or blund
ei sol-renninga stund
og små-båror glitra på sjø og i sund.

Og fuglane kvad
og tonen var glad,
og blomar og enga fekk dogg-perle bad.

Alt vakna frå draum
i den solrike flaum
det var livet i fyssande straum.

I lystige lag
eg møter min dag
og den kan meg lækje frå gnag-sår og gnag.


Lotunet før 1900

Alt ifrå ungdomsåra strødde han dikt i kring seg i ungdomsblada, kanskje mest i «Unglyden», og i lokalpressa med «Fjordingen» som ein god nr. ein. «Fjordingen» gav ut ei diktsamling «Såg du mi bygd» (1978) med dikt som hadde vore prenta i bladet i ein 10 års bolk. Han Leif var mellom dei som fekk flest dikt med i denne diktsamlinga. I dagspressa har han og skrive dikt, og i tidsskrift og årbøker. Det var naturstemninger og folkeliv og eigne kjensler han her fann utløysing for. Vi har merka det ofte med han Leif at tonen vert djupare og varmare når han skriv om det som høyrer hans heimlege trakter til, då er det som tanken opnar vegen inn til han sjøl. Han var knytt til heimen og bygda med sterke band.

Somme tider har han vel og kjent det som eit band, som eit stengje for draumar og mål han hadde sett seg. I slike stunder kjende han seg kanskje både sviken og bortstøytt. Men like til sine siste år var han alltid oppteken med ting som høyrde bygda eller næraste bygdelag til. Det var ting han ville få gjort, og det var ting som pressa på i hugen og vart til songar. Eg trur det var han her Leif måtte vere., Det var her han fekk den beste utløysing for det han bar i hugen og var oppteken av. Banda var for sterke, trur eg, til at han for alvor prøvde å slite dei. Sjøl om han mang ein gong lengta ut, så var det «heim att eg måtte» som han seier i eit dikt «Vår-natt».

Og slik ei natt ho er meir enn fin,
og slik ei natt ho åt hjarta talar,
når månen sender sitt fagre skin
ut yver fredsaure dalar.

Og kvar ein ting dei ville finne meg
og kvar ein einskild som heim her åtte.
Um bort eg fer på min livsens veg
med tanken heim-att eg måtte.

Han hadde så mange ting han måtte dikte om. Eg kan nemne hans nasjonale dikt, og dei med emne frå kulturlivet, som segner og anna, så skjønar ein at han hadde eit vidt emnefelt å take av. Mange av segnene hans er kome med i dei ymse årgangar av «Årbok for Nordfjord». Eg har berre hatt ein liten del av dikta hans til gjennomsyn, då eg tok dette vesle utvalet. Dikta hans vil nok verte handsama i ein vidare samanheng.

Det var så mangt han var oppteken av, så bondeyrket fekk ikkje verte det einaste og det viktigaste for han. Men det gav inspirasjon, og det gav grunnlag for det daglege brød. Eg trur og at han fekk utløysing for noko av seg sjølv i dette arbeidet. Det var liksom så sjølsagt med i alt han tenkte og tok seg til.

Bøker var for han ikkje berre for å lese, det var ein eignalut som han sette stor pris på. Det vart etter kvart ei stor boksamling han fekk seg. Og dei har han stelt fint og teke vel vare på. Der hadde han sine vener og særleg kjære forfattarar, som han alltid søkte attende til og fekk visdom frå. Olav Dunn og Johan Falkberget var mellom hans aller beste vener, og dei tykte han begge to skulle fått Nobelprisen i litteratur.

På sine eldre dagar kom han ofte ned til oss, serleg om kveldane. Og det var ein hugnad for oss alle når han kom. For han var røder og samtaler ein verkeleg kunst. Eg veit ikkje om eg har høyrt nokon som kunne gjere ei samtale så levande og interessant som han gjorde det. Men det var ikkje berre til oss han gjekk. Han hadde vener og kjenningar i bygdene i kring, og han kjende det som ei kjær plikt å gå til dei og halde venskapen ved like. Det er mange som hugsar han og takkar han for det.

Det er ofte vanskeleg å dele ut heider til dei som fortener det, det er så maneg omsyn å ta. Noko av den heider han fortente fekk han medan han levde. Mest gledde det han då han vart utnemnd til heiderslagslem i Firda ungdomslag. Det var og ein stor heider då han fekk kongens påskjøning for sitt kulturarbeid.

I det siste måtte han ei tid halde senga. Då vitja eg han ofte. Han vart veikare etter kvart. Og samtale våre kortare, og det var ikkje alt som interesserte så mykje som før. Men når borneborna kom inn til han, då lyste han opp med ein smil, og dagleg spurde han etter kor det gjekk med garden, og han låg og følgde med i det. Og så var det dikta han tenkte på, han kunne ikkje gjere meir med dei, no laut dei

klare seg sjølve. Men han hadde omsut for at dei vart tekne vare på. Det var det som skulle halde fram etter han han tenkte på. Borna, garden og dikta.

No vekkjer våren

No vekkjer våren draumane
som vintertida ol
og dei iskalde straumane
dei rømer no for sol.
No sevja stig i knoppane
ja både rikt og raust
og grønkast gjer dei toppane
som miste blad i haust.

No vaknar elv i straumane
i dans og kåte sprang,
no er det slutt på draumane
og lengt mot dalens fang.
Og fram fer elva hivande
kvart bægje no vert sprengt
ho er so lentung livande
og vinn på alt av stengt.

No våren kjem med tonane
som høyrer med til vår,
og snart so angar blomane
dei første for i år,
og våren vitjar vangane,
og von og varme ber,
med låttane og angane
og alt som fagert er.

Og soli ho kliv tindane
kjem høgre tid for tid
og dei vår-varme vindane
som smyg i dal og lid
dei kjæler rundt om lendene
av gamle jotnars fjell,
og dei ber bod til grendene
som vårens fest no held.

Og våren han er kveikjande
for alt som livet eig,
so mykje lett og leikande
i vår og sol-dag steig.
so mykje kvikt og dansande
no rumdt i lufti for
og fugl og veng vert glansande
når sol i vår-dag ror.

Og rundt i alt det strålande
av fagerdom og liv
det finst kje ord so målande
av noko som ein skriv,
som heilt kan syne vårane
og alt som sprengjer på
med sevje-laup i årane,
det berre levast må.

Såg du mi bygd

Såg du mi bygd når sumaren ho vitja.
Når sol i snøfjell strøydde kveldsolglans
då gjev deg tid ei stund og med meg sitja
og høyra spel frå friske fjell-elvs dans.
Og kvelden sveiper sine skugge vengjar
kring dal og skog og kvar ein sumarblom
du gløymer tid ei stund og sit her lenger
enn det du tenkte når til meg du kom.

Såg du mi bygd ved jonsokbal um kvelden
med brising i frå fjøra og til fjell
i skymingsstund det loga ljost frå elden
på gras og blomar nattedogga fell.
Og breane som bruralin hev fargar,
og fjellsus døyvt i gjenom dalen går
og nattvak fugl dei over skogen flagrar
men andre på si grein dei kvile får.

Såg du mi bygd når elden ut hev brunne
og jonsoknatta låg att disme-blå
du tykkje at det vara lenger kunne
men støtt det gode alltid trjota må.
Men med ein dåm av sjølve eventyre'
det tek sitt rom i minne-ringen vår
i hugen hev vi sidan minna dyre
so at dei blenkjer opp dei farne år.

Såg du mi bygd med leik på sætervollen
med bjølleklonk frå dyr i sæterkve,
og gauken gol frå kruskefure-kollen,
på roten stuv var hakkespetta smed.
Og rogn og hegg dei sende slik god ange,
i vesle bekk fanst svaledrykker god,
og fjell og skog dei kastar skuggar lange,
og sol gjekk ned i hav so raud som glod.


Leif Arnold les dikt

Til dokumentstart

1984. Venetapet

Minneord om Olav A. Loen

Av Reidar Djupedal

Den 6. juli no seinast døydde Olav Andreasson Loen, åttetiein år gamal. Dei siste åra hadde helsa skranta. Ferdabodet kom soleis ikkje uventa. Enno hadde han hendene fulle med oppgåver og gjeremål. I tankane arbeidde han med alt det han framleis hadde ugjort, og som venta på han. I fjor på årsmøtet i Nordfjord Sogelag tala eg med han. Han nemnde noko om at ingen har brev på livet. Det rann i meg at kanskje var denne levande og arbeidssame mannen åt å leggje inn årane. Men i same rennet tala han om ein epistel han ville skrive om nokre nordfjordingar som dansa springar på ein marknad i Trondheim. Han tala og om skodespelet sitt om Kolbein Sterke som han vona å få sjå på tilet.


Olav A. Loen (1903-1984)

Olav A. Loen var djupt røtt i heimbygda. På Sjurebruket var han fødd, og på Sjurebruket høyrde han heime. Liksom Per Bufast kunne han seie at her skulle han bu all sin dag. Han kunne nok få utferdshug og ynskje seg ut i den vide verda, der det var so mykje stort og gildt å sjå. Men når han var ute, stunda han alltid etter fjella og den blå fjorden og vende alltid stamnane på heimleida. Det var her han hadde røtene sine. Folket kjende han, og han kjende folket. Lagnaden hadde tilskila han denne vegen som fedrene hans hadde fare før han. Sine langferder gjorde han i bøkene. Dei gav han utsynet mot verda. Samstundes lærde han å setje større verde på sitt eige.

Mange var dei oppgåvene som vart lagde på han alt frå ungdomen av. Han nøytte tida vel. Livet brukte han, men han nytta og livet til bate og gagn for dei mange hugmål han var vyrk for, og som låg på han. Matias Orheim seier einstad om Hans Nielsen Hauge at "sitt pund kasta han ikkje på steingrunn". Det same kan seiast om Olav A. Loen. Han fekk nytte sitt pund til det siste. Han hadde "råkje sine ærend", som dei gamle sa.

Det var i ungdomslaget han fekk sine fyrste oppgåver. For han og mange med han, vart ungdomslaget ein skule i ansvar. Her vart han vekt til kultur-medvit. Han som styrer plogen og grev i molda, har og himmelen over seg. Kultur er noko anna enn turr boklærdom.

Det var difor heilt naturleg at Olav A. Loen vart vald inn i Kringkastingsrådet då den tida kom. Kaare Fostervoll visste kva han gjorde. Dette var eitt av dei tillitsyrka O. A. Loen hadde mest hugnad av. Her fekk han nytte all si røynsle og all sin klokskap. For han var ikkje dette eit nytt arbeidsområde. Han sa det same i Oslo som i ungdomslaget heime. Han fekk berre so mykje større armslag og so mange fleire til å lyde på det han hadde å bere fram. Åra i Kringkastingsrådet gav han mykje, men han gav dg alt sitt. Stundom tykte han at han fekk ein glytt inn i morgondagen når nye tekniske landevinningar vart målborne, eller komande program drøfta. Han venta seg mykje av framtida, men han var den siste til å vrake det beste av arven frå fortida som so ofte prova at det hadde livsens rett. Tankar kunne ikkje mælast i tal, men var ofte viktigare enn både lodd og mål.

Olav A. Loen tok tidleg til å dikte. Berre 14 år gamal fekk han prenta si fyrste forteljing. Sidan fylgde mange etter. Stundom drøymde han om å verte diktar. Han skreiv romanar, forteljingar, skodespel, dikt, litterære småstykke og ei uteljande mengd med bokmeldingar og bladstykke

Enno ligg sumt att etter han som ikkje er prenta. Han bad meg stundom sjå gjennom slikt han hadde skrive. Eg kjem i hug at eg las ein roman, eit skodespel, mange dikt og forteljingar. Skodespelet heitte Kolbein Sterke og går føre seg på Selja i kristningstida. Han tenkte seg at spelet skulle synast fram på Seljemessa den 8. juli. Dei høge murvollane er som skapte til sogespel.

Olav A. Loen var ei bokleg mangfreistar som ikkje fekk for store og vande oppgåver. Ikkje alt lukkast like godt. Det er likevel for tidleg å gjere opp hans litterære bu. Lengst trur eg han nådde i forteljingar og dikt. Han rådde best med det knappe diktslaget, der han kunne tengje saman ord og tanke. I den mindre forma skapte han verk som vil leve etter han. Eg vil berre minne om dei beste dikta hans. I forteljingar og stuttsoger kunne han smide eit hoggramt svar eller skildre eit menneske med få særmerkte strekar so du såg det føre deg.

Olav A. Loen høyrer til i den lange rekkja av bygdediktarar som fylgde i fara etter ungdomsreisinga i slutten av førre hundreåret. Landsmålet hadde gjeve folket att mælet. Arne Garborg var eit uoppnåeleg føredøme som lokka fram diktarar frå kvar krå. Samla skapte dei ein bokskatt som er meir mangfeld og fargerik enn i nokon litterær bolk tidlegare. Kvar bygd kjem fram med sine særdrag og særmerke, og kvar diktar hentar vyrket sitt frå den grenda han kjenner og ber i seg. Jamvel det uferdige målet sprakar og gneistar. Eller kanskje nett difor, fordi målet ikkje hadde stivna til. Ordlistene hadde ikkje teke livet av skriveglede og språkleg nyskaping.

Olav A. Loen skreiv ei bok om nokre av desse diktarane, Bygda gav diktarsyn ( 1970). Her finn vi lykjelen til hans eiga dikting. Han fortel om diktarar som dei litterære finsmakarane knapt ville nemne, og slett ikkje kjennast ved. For Olav Loen vart boksoga og litteraturen ikkje heil og sann før den tette og levande småskogen kom med mellom dei store, einsame og ruvande tre. Dei hadde same vokstergrunn og rann av same rot.

I dei siste åra skreiv Olav A. Loen mykje om diktarar frå Nordfjord. Han ville dra dei fram i ljoset. I Årbok for Nordfjord kan du lese om mange av dei. Om sin ven og granne Leif Arnold Loen skreiv han varme og kloke minneord. I kvar einaste årbok som Olav Loen stod for, kom Leif Arnold Loen til orde med eit dikt.

I ungdomen freista Olav A. Loen å dikte med rim og fast rytme, men det låg ikkje for han. Han kjende det som han skulle fare i for tronge klæde. Han fekk ikkje versa som han ville ha dei. Han måtte seie som den målhalte mannen som ikkje fekk ordet føre seg, at tunga ville ikkje slå det. Prosaen vart hans form. Prosaen gav han språkleg fridom.

Likevel kom han aldri heilt bort frå lyrikken. I 1978 sende han meg eit drygt handskrift med dikt. Dikta kunne like gjerne kallast rytmisk prosa, for dei hadde ikkje rim eller fast verseform. Han bad meg velje ut dei dikta eg tykte best om, og eg so gjorde. Sidan valde han sjølv sine dikt og la nye til. I 1980 kom diktsamlinga ut. Det var deira draum, heitte boka.

No hadde ein åtteti-åring heilt fornya seg. Sjukdom hadde fått han til å sjå livet på ein annan måte. Han var komen til vegs ende og let seg ikkje lenger synkverve av fåfengd og utvortes glim. Han hadde for ålvore vorte heilt seg sjølv, var ikkje lenger Olav Alvheim som ingen skulle kjenne att. No visste han meir om det som var verd å ta vare på, og han sa det på sin målte.

Det var ei stor utfriing for han å få målbere tankar og kjensler i rimfrie vers. Her fanst ingen haltande rim og larmande ord. Kanskje litt sentimentalitet i blant, men sjeldan over grensa.

I diktinga er det Nordfjord-bygdene Olav A. Loen har i tankane. Frå Nordfjord hentar han diktskapnadene sine. Fjella står der trauste, og fjorden ligg der som han alltid har lege, tidlaus og likevel omskifteleg. Når han kallar ei av bøkene sine Bygda gav diktarsyn, er det og om seg sjølv han skriv. Alt verkar sjølvopplevd, endå om du tykkjer du kjenner att dei litterære førebileta hans. Med diktinga si og alt det han elles skreiv, freista han å gjere heimebygdene til noko meir enn eit turistnamn på kartet.

Olav A. Loen var ein midsamlande mann, ein mann som folk hadde tiltru til. Hadde ei sak fløkt seg til, visste han jamnast råd. Han hadde tid til å bide til motsetnadene jamna seg og flokane hadde klårna. Han stridheldt aldri på særmeiningar. Til det var han for klok. Han hadde råd til å gje tøyg utan å sleppe sine hugmål og merkesaker or syne. Han visste at alt som er sant og rett, ikkje let seg bøygje med tvang og makt.

Det fylgde ein merkeleg age med Olav A. Loen. Når han tala, lydde folk etter. Han tala aldri om ver og vind, heller ikkje i utrengsmåI. Han hadde menneskekunnskap og tid til å lyde etter andre. Han visste at ei sak kunne ha fleire sider.

I sine tretti skriftstyrarår møtte Olav A. Loen mange menneske og røynde mangt. Røynsla gav han tolsemd med menneska. Sjølv braut han seg aldri fram, var kravlaus og smålåten når det galdt sitt eige. Han tenkte ikkje stort om diktinga si, og venta seg sjeldan lovord, men var glad når dei kom.

Olav A. Loen tok på seg mange oppgåver, sume av plikt, andre av fri vilje. Frå 1950 og fem år utetter var han formann i Firda Ungdomslag. Av alt han la på seg, var Årbok for Nordfjord det verket han var mest vyrk for og hadde mest attelit for. Når tida kom at kjølen til ei ny årbok skulle strekkjast, kom det alltid nokre venlege ord frå skriftstyraren. Han masa aldri, kom aldri med kritikk, men gav i staden kloke råder. På sin stillfarande og smålåtne måte sette han kveik i medarbeidarane sine, og fekk dei til å gjere sitt beste. Han lærde dei mykje, var ein klok skriftstyrar og ein god og trufast ven.

For min eigen part er det knapt noko arbeid som har gjeve meg større hugnad, enn samarbeidet med Olav A. Loen og årboka. I 1952 skreiv han til meg og spurde og eg kunne skrive eitkvart til den komande boka. Han gav meg frie hender, berre det eg skreiv, hadde noko med Nordfjord å gjere. Sidan hadde vi eit godt samarbeid so lenge han levde. Siste brevet eg fekk frå han, var skrive stutt før han døydde. Det galdt bokplanar han ville ha drøfta.


OlavA.Loen møtte jamt på årsmøta til Nordfiord Sogelag i mange år. Biletet er frå det siste årsmøtet han var med på. Det var i 1983 på Nordfjordeid. Den nyvalde formannen, Lars Myrold, orienterer om Forsvarsnuseet. O.A.Loen står med ryggen til ved sida av avtroppande formann,Ragnvald Berge,til hogre.(Foto Reidar Djupedal)

Fyrste gongen eg fann skriftstyraren som eg berre hadde møtt i brev, må ha vore i 1953. Han hadde ei ærend til Oslo, skulle møte i Kring- kastingsrådet. Han sette meg stemne på Kaffistova i Rosenkransgata. Veska hans var full av brev og papir som kringkastingsfolka hadde sendt ut, so han hadde mykje å tenkje på. Den saka som Olav A. Loen ville tale om, var Årbok for Nordfjord. Han nemnde alle dei vanskar og bægje som hadde lagt seg i vegen. Mange hadde lova å skrive, men få heldt ord. Pengane hadde krope i krå og var ikkje lette å take att. Trått gjekk det med salet. Mange visste ikkje eingong at vi hadde fått ei Årbok for Nordfjord.

Han ottast at årboka måtte gå inn, no var ho reint komen i skorfestet. Han klaga ikkje, tykte berre det var leidt. Årboka kunne ha vorte Nord- fjords andlet om ho hadde fått leve, men ein dag kjem ho nok att, spådde han. Han fekk rett. Etter nokre år stod årboka fram på nytt lag. Men no våga ikkje skriftstyraren å gje ut årboka kvart år. Vi får ikkje tøygje oss lenger enn felden rekk, sa han.

Då spørsmålet på ny kom opp om å gje ut ei bok kvart år, var gamle-skriftstyraren den fyrste til å stydje den djerve tanken. Det var ikkje utan otte at det nye skriftstyret tok vågnaden, men Olav A. Loen hadde gjeve årboka eit trygt og traust grunnlag å stå på. Ei kvarårsbok var ikkje lenger det vågestykket det eingong var.

Skriftstyret vonar at lesarane vil hjelpe til å bere årboka fram, so ho kan verte boka om Nordfjord. Gamle-skriftstyraren drøymde om det. Årboka skulle gje eit bilete av Nordfjord i fortid og notid, og kveikje sansen for heimegrendene der folket hadde røtene sine. Hans eiga dikting fekk aldri rom der. I staden ville han hjelpe fram andre og brøyte vegen for dei. Men diktinga gav han heller aldri ro. Ho levde i han til det siste. Det er ein indre samanheng i diktinga hans som bind livsverket hans saman. Det er her du finn Olav A. Loen heime.

Olav A. Loen var ein såmann som det grodde etter. Raust og romsleg, vidsynt og klok var han, og ein mann som alltid hadde ei opa hand som gav. Dei sakene han brann for alt frå ungdomen av, sleppte han aldri or syne. Hans ungdoms hugmål loga i han til det siste. Mange syrgde då avferdsboda kom. Dei hadde mykje å minnast og mykje å takke for. Det lyser av ettermælet hans for alle dei som hadde møtt han. Årbok for Nordfjord er ikkje heilt den same som før, no høvedsmannen er gått frå borde. Handa held ikkje lenger i styrevolen, men han synte dei som etter kjem, stamnhald og leid.

*********************
Huslyden til Olav A. Loen ynskte at pengane som kom inn til minnekransen hans, skulle gå til arbeidet med Årbok for Nordfjord. Skriftstyret takkar hjarteleg for gåva.

Til dokumentstart

1993. Bøker er vener du aldri vert lei av

Litt om Olav A Loen si boksamling

Av Ove Eiden

«Bøkene er slike vener som du aldri blir lei av. Viss du ikkje har noko du vil dei, kjem dei aldri og pressar på. Men dei står der også ferdige og byr seg fram når du har bruk for dei.»

Slik ordla Olav A. Loen seg i eit intervju i NRK-Førde i juni 1984, teke opp kort tid før han døydde. Det same synet på bøker hadde Henrik Wergeland. I eit innlegg i «For Arbeiderklassen» i 1842 uttrykte han seg på ein måte som viser slektskap mellom nordfjordforfattaren og nasjonalskalden: Bøkene «tale naar man vil, de tie naar man vil; de komme, naar man kalder dem; de gaa, naar man er kjed af dem..»

Olav A. Loen snakka om bokvener han hadde dyrka sidan tidleg ungdom - som forfattar, som bokmeldar og som allmenn kulturarbeidar i Nordfjord. Eit synleg uttrykk for dette lange og aktive boklivet er ei av dei største private boksamlingane i Nordfjord: Omlag 5000 band bøker, hefte og særtrykk av ymse slag.

Olav A. Loen skreiv dei første bokmeldingane sine i byrjinga av 1920-åra - med åra vart det mange hundre meldingar i lokalavisene, i ulike ungdomsblad, i Gula Tidend og i Sunnmørsposten, mellom anna. Bøkene han fekk som meldar, er ein viktig del av samlinga, men heilt frå unge år kjøpte han også mange bøker sjølv. Å samle bøker er ein basill som ein ikkje kjem ifrå, sa han i det nemnde radiointervjuet.

Hovudstammen i samlinga er nynorske bøker. Her står førsteutgåvene på rekke og rad: Olav Duun, Hans Henrik Holm, Lars Berg, Knut Horvei, Olav Gullvåg, Knut Hauge, Sigurd Kvåle, Olav Sletto, Sturla Brørs, Olav Aukrust, Johannes Heggland - og mange, mange fleire. Alle dei store nynorske forfattarane finn vi her, men og mange mindre kjende som skreiv på nynorsk. Men sjølvsagt er også dei viktigaste bokmålsforfattarane å finne i Loen si samling.

Mange forfattarskap finn vi i samla utgåver, mellom anna Tolstoj, Vinje, Undset, Thomas Krag, Ibsen, Jakob B. Bull.

Loen hadde ei særskild sterk interesse for forfattarar med den same bygdebakgrunnen som han sjølv hadde. Om fleire av desse gav han ut ei eiga bok: Bygda gav diktarsyn (1970). Her presenterte han 25 forfattarar, røtte i bygdekultur og ungdomslagsrørsle. Mange av desse er slike som fell utanfor når dei «offisielle» litteraturhistoriene vert skrivne. Slik er denne boka både eit innlegg i striden om kven som skal få plass i litteraturhistoria vår, og ei påminning om kulturtradisjonar som har vore sterke på landsbygda.

Ikkje uventa hadde Loen eit nært forhold til dei bøkene som er skrivne av Nordfjordforfattarar. I boksamlinga hans finn vi ei eiga Nordfjordavdeling, med omlag 330 titlar: bøker, hefte,, særprent av ulike slag - og ikkje berre skjønnlitteratur, men også slektshistorie og lokalhistorie om ulike emne. I denne «Nordfj ordsamlinga» finn vi og slikt han sjølv fekk prenta, både bøkene og særprent av framhaldsforteljingar og artiklar.

Berre ein del av det Olav A. Loen skreiv, kom i bokform. I åra frå 1920 til 1935 skreiv han omlag 15 framhaldsforteljingar eller utklippsbøker som dei gjerne vert kalla. I tillegg skreiv han og fekk prenta mange mindre skjønnlitterære tekstar gjennom heile livet - noveller og småforteljingar. I dei første åra brukte han gjerne forfattarnamnet Olav Alvheim.

Karen Loen, søstera hans, fortalde i ei samtale i sommar at han skreiv dei første framhaldsforteljingane sine medan han gjekk i barneskulen. Desse handskrivne sogene selde han til ungane på grannegarden for 5 og 10 øre stykket.

I Loen sitt bibliotek finn vi og mange tidsskriftårgangar, mellom anna «Syn og Segn», «Norsk Barneblad», «Ung Norig» og «Folkets Ven». Også desse tidsskrifta fortel noko om kva verdiar og tradisjonar Loen knytte seg til i sitt eige kulturarbeid.

Loen sine bøker er skipa i tre-fire avdelingar, alle oppsette alfabetisk. Og han laga seg eit godt oversyn over heile samlinga: Alle dei 5000 banda er alfabetisk noterte etter forfattarnamn i eit handskrive register, der Loen har teke med slikt som forfattarnamn, boktittel, forlag, sidetal, prenteår m.m. Omlag slik det vert gjort i biblioteka. I tillegg har han laga eit alfabetisk tittelregister, der ein finn alle boktitlane med tilvising til forfattarar.

Men Loen si boksamling inneheld meir enn berre bøker. Vi finn og ei stor samling av hans eigne uprenta manuskript, ordna i 15 permar: dikt, prologar, romanar, skodespel, taler, kåseri og foredrag, artiklar om forfattarar, forteljingar og noveller. Fire brevordnarar er fylte med bokmeldingar frå 1953 og fram til han døydde i 1984. Men som nemnt skreiv han bokmeldingar heilt frå byrjinga av 1920-åra, og mange av desse finst usystematiserte i skuffer eller innlagde i dei bøkene som var melde.

Olav A. Loen var sjølvlærd bokkjenner. Einaste skulegangen hans var eitt år på Voss Folkehøgskule, der Lars Eskeland sette sterke spor i ein inntrykksvar ungdom som var gripen av bøkene si verd. Det var altså inga tillærd bokinteresse som var drivkrafta i Olav A. Loen sitt lange bokarbeid, men ein ekte kj ærleik til litteraturen.

Den sterke kjensla for litteratur og bøker finn vi og uttrykk for i det han sjølv skreiv. Ei av utklippsbøkene hans hadde tittelen Skatten ved Amasonelua (1927). Denne røvar- eller kriminalromanen skreiv han under løyndarnamnet Lodin Willihause. Litt ut i romanen vert hovudpersonen Einar Berg fanga i Sud-Amerika, og stengt inne:

«Romet var vel møblera og der var til og med eit lite bibliotek. Einar saag opp i hylla og kjende seg vel til rettes; for det var den norske bokheimen han hadde for seg, og daa helst den nynorske, og han fann mange bøker han sjølv ikkje hadde fenge tak i. Han vart sitjande aa lesa og gløymde reint han var ein fanga mann.»

Slik kan ein forfattars sterke bokinteresse vise att i ein spenningsroman med handlinga lagd til eit heilt anna miljø enn vårt eige.

Olav A. Loen var ein såmann det grodde etter, skreiv Reidar Djupedal i minneordet sitt i «Årbok for Nordfj ord» 1984 - eit skrift Loen gjorde opptak til og redigerte frå 1951 til 1979. Den store boksamlinga er eit synleg uttrykk for Loen sin sterke kjærleik til boka og skriftkulturen, men og for det såmannsarbeidet han gjorde som kulturskapar og - formidlar i Nordfjord.

Bøker er skriftband til fortida og til den kulturen vi høyrer til i. Den store boksamlinga etter Olav A. Loen er sjølvsagt eit sterkt uttrykk for kven han var - kva interesser han hadde, kva verdiar han kjende seg knytt til. Men samlinga er samstundes ei levande kjelde til kunnskap om nokre av dei samanhengane vi alle står i -som nordfjordingar og nordmenn ved inngangen til eit nytt tusenår.

Olav A. Loen sine born har sett den store verdien i å halde denne bokskatten samla i ei samling, slik den stod då faren gjekk bort. Det er å vone at dei vil lukkast med dette også i framtida - det ville vere stor skade om samlinga blei delt. For når ein vandrar langs hyllene i Olav A. Loen si boksamling, kjem både mannen og verket hans nær oss. Og vi blir minte om kulturarv og tradisjonar som må førast vidare.


Olav A. Loen i godstolen ved boksamlinga si (Foto Firda Tidend)


Olav A. Loen fotografert heime på tunet på 80-års dagen sin. Her har han vitjing av kunstnaren Rolf Muri (til høgre) som også no er borte. Han døydde i 1992