INNHALD
70/13 Løndabruket
Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar
Foreløpig og uferdig utkast av Audun Loen.
Løndabruket er eitt av dei 14 hovedbruka på garden Loen. I følgje bygdeboka har bruket namne etter Peder Nilsen Lunde som tok bruket med odel like etter 1800. Bruket har bruksnr 13 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 126. Skylda på bruket var 3 mark 86 øre i matrikkelutkastet frå 1950.
Mesteparten av innmarka på bruket vert no nytta til campingplass - Lovik Camping
Gardskartet nedanfor viser Løndabruekt slik det var omkring år 2000.
Bruket hadde desse teigane i 2000:
Innmarksteigen ved Kvitefjellet vart seld til Stryn kommune (årstal?) og inngår no i Kvitefjell bustadfelt.
Før jordskiftet i 1968 hadde bruket husa sine lengst oppe i Lotuent. Dette var også tilfelle før jordskiftet i 1898. (på 1950- talet hadde bruket desse husa:---- må sjekke opp dette-----) I dag er heile det gamle tunet borte. Dettte starta med at Julia Loen som var brukar på 1950-talet, etablerte campingplass i Lovik etter at den nye riksvegen vart flytta dit. Ved jordkiftet i 1968 fekk bruket lagt meir av innmarak si i området ved campingplassen, og det vart bygt våningshus der.
Skissen nedanfor viser husa på Løndabruket før jordskiftet i 1898. (Må sjekke om det var gamlestova frå før jordskiftet i 1898 som stod heilt til tunet vart flytta)
Frå 1898 til 1968 hadde Løndabruket innmarka si lengst nord i Loen under Lofjellet. Etter skifte av utmarka i 1927 fekk Løndabruket innmarksteig der som campingplassen no er plassert.
(Bør det stå noko om utbygginga av campingplassen, noverande eigar)