Litteratur.
Bruk-tekst

Til Litterturlista

Bruka i Loen

INNHALD

Innleiing

Loen
70/5 Isakebruket
70/6 Sjurebruket
70/10 Knutebruket
70/11 Trulsbruket
70/13 Løndabruket
70/14 Arnebruket
70/15 Hallsteinbruket

Tjugen
71/1 Olabruket

Rake
82/3 Solvik (Kappestad)
82/7 Innlegda
82/9 Solvik (Hamre)

Historia om bruka i Loen sokn

(med hovedvekt på dei siste 50-100 åra)

For perioden ca 1750-1940 er historia for bruka i Loen dokumentert gjennom arkivkjelder som er offentleg tilgjengelege. Opplysningar om slekter som har kome til etter 1940 og bilde kan berre skaffast med hjelp frå kontaktpersonar for kvart bruk. Det vart definert eit prosjekt for å skaffe slik informasjon, men prosjektet har ikkje blitt gjennomført. Datafangsten er derfor avgrensa til å gjelde Sjurebruket, bilder som familien på Sjurebruket har for andre bruk samt data frå 2 slektsstemne og datautveksling med eit par andre slektsgranskarar i Loen sokn.

Det var tanken å bruke materialet på den måten som er vist for Sjurebruket i Loen. I tillegg til oppdatering av slektsdatabasen vil presentasjonen bestå av følgjande 3 delar:

Den tenkte innsamlinga av bilde er rein hobby ut frå personlege interesser. Det er ikkje etablert samarbeid med noko offentleg arkiv. Det vil derfor framleis vere eigaren av bilda som har ansvaret for arkivering av originalbilda. For dette private formålet ønskjer ein berre å få digitale kopiar av bilda. Ved presentasjon av bilda kan det opplysast om kven som har originalebilda.

Historia og utvalet av bilde for kvart bruk treng ikkje følgje ein fast mal. Tvert imot vil det vere interessant å få med det som er spesielt for kvart bruk og som det er bildedekning for. Det er av interesse å få med bilde som viser bruket/bustaden med hus og jordveg, personar som har budd der og hendingar i det daglege livet.

I mitt arkiv inngår ulike presentasjonar i fleire delprosjekt. For å unngå dobbelt-lagring er det utstrakt utveksling av modular mellom delprosjekta. Når det gjeldt prosjektet om "Bruka i Loen", inngår dette tekstdokumentet i "Litteratur" medan "bildegalleri" og "brukdetaljar" inngår i pilotprosjketet for "Reise i kart/bilde".

Om det skulle være nokon som er interesserte i historia for "Bruka i Loen" er det berre å ta kontakt på e-post med audun.loen@vikenfiber.no.