Litteratur.
Tekst for bruk 82/7

Til Litterturlista
Start bruk-tekst

INNHALD

82/7 Innlegda på Rake

Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar

82/7 Innlegda på Rake

Tekst under etablering.

Innlegda var eit småbruk med bruksnr 7 på Rake. Dette bruket vart skilt frå bruk nr 6 i 1874. Etter år 2000 har huset og nederste delen av teigen blitt skilt frå og fått bruksnr 76 (kjelde: diverse kartgrunnlag). Den delen av teigen som har bruksnr 7 i 2013 er utan hus. Her er teke med kart som viser lokaliseringa av bruk nr 7 før deling. Innlegda på Rake ligg i Solvik på nordsida av Lobukta. Natur og utsikt i Solvik er omtalt for bruk nr 3.


Det er også teke med gardskart som viser bruket etter deling (status i 2014)


Det er ingen opplysningar om at det som vart bruk nr 7 hadde vore husmannsplass tidlegare. I folketeljinga i 1865 var det ein husmann med jord på Rake. I følgje kyrkeboka døydde han barnlaus som enekmann i 1874 same året som bruk nr 7 vart etablert. Denne plassen er ikkje nemnd i bygdeboka. Ut frå slektskap og rekkefølgja i personlista frå folektelinga har eg rekna med at denne palssen var under bruk nr 5 medan bruk nr 7 vart utskilt frå bruk nr 6. Synspunkter på dette ????????

Husa på bruket er dokumentert med bilde frå 1930, 1950 og 2014, og eigedomsgrensene på 2000 talet er dokumnetert med digitale kart. Utviklinga fram til det som er dokumentert er litt usikkert. Det gamle tunet med stove og låve låg nede ved vegen heilt mot vest i teigen. Vegard Solheim meiner tunet må ha stått omtrent rett ned for huset til Jon Solvik (bruk nr 82/9). Dei på dette bruket gjekk gjennom Pettertunet for å kome opp til sitt eige hus. Husa i det gamle tunet vart rivne ved utviding av vegen på 1950-60 talet. Eit nytt lite bustadshus hus har blitt bygt litt lenger oppe og mot aust. Dette huset står no (2014) på bruk 82/76. Nedanfor er kopi av eit måleri fra ca 1930 som viser tunet på bruket. Sjå elles i bildealbumet (bildegalleriet). Ein viser også til artikkel i Årbok for Nordfjord om tyfustragedien i Solvik i 1898 i stova på dette bruket (artikkelen er med under litteratur i Loen bygdegase)


Den første som er registrert som brukar (bygdeboka) var Jon Samuelsen. Han vart eigar i 1874 same året som plassen var utksilt frå bruk nr 6. Jon Samuelsen vart fødd på Samuelbruket i Bødal i ein stor søskjenflokk der han ikkje var øverst i oldesrekkefølgja. I 1855 gifte han seg med Jannike Jensdatter på bruk nr 2 på Hogrenning. Ho hadde blitt enke året før. Dei fekk ei jente i 1857 men mora døydde i barselseng, og barnet fekk same namn som mora. Jon var ei tid brukar på Hogrenninn, men i og med at kona hans hadde hatt born med den første mannen sin, fekk Jon ikkje nokon rett til bruket. Han skaffa seg derfor plassen Innlegda på Rake. Han var eigar av plassen fram til 1898. Deretter var han kårmann på Oppheim hos dottera si. Ho var blitt gift med Abraham Lassesen Opheim på bruket Utigar.

Opplysningar fra Vegard Solheim tyder på at det var på dette bruket Mons Andersen Strand budde frå 1893 til 1898 til bruket vart selt. (Sjå om Mons Andersen på bruk nr 2 på Strand i Lokhis). Det kan derfor tenkjast at Jon Samuelsen (sjå avsnitte ovanfor) flytte til dottra si alt i 1893. I 1898 vart familien til Mons Andersen Strand råka av tyfus.Artikkel om dette står i årbok for Nordfjord 1975 og er skanna og lagt inn som litteratur under årbok for Nordfjord, og knytt til Mons Andersen i Lokhis.

Det var Peder Johannessen Brynestad som kjøpte plassen i 1898. Han var gift med Johanne Rasmusdatter Sæten, Dei fekk 2 born som levde opp, Synneve og Johannes. Det var Synneve som fekk skøyte på plassen etter faren i 1953. Ho var gift med Harald Kvamsås. Harald døydde i 1963 medan Synneve levde til 2000. Så langt er historia på bruket kjend frå bygdeboka og arkivkjelder som inngår i Lokhis.

Frå Vegard Solheim, nabo til bruket, har ein fått opplsysningar om den nyare historia for bruket: Eigedomen blei delt i to då Synneve døde i 2000. Bjørg Sæten Resvoll og mannen hennar Alf Resvoll overtok den delen av bruket som heldt fram med bruksnr 82/7. Bjørg var i slekt med Synneve (frå Jørnbruket på Sæten). Den andre halvdelen av bruket med nytt bruksnr 82/76 gjekk til Bjørg Lie og Asbjørn Lie , Bergen. Bjørg var i slekt med mannen til Synneve, Harald Kvamsås. Huset på den opprinnelege eigedomen står på det frådelte bruksnummeret. Ein har valt å la historia til bruket følgje bruksnummeret, 82/7, sjølv om huset står på den delen som har fått nytt bruksnr. Det nye bruksnummeret, 82/76 kan eventuelt bli registrert som ny bustadeigedom i Loen Bygdebase. Bjørg og Alf Resvoll er døde og det er borna deira som no (2014) er eigarar av bruk nr 82/7