Litteratur.
Tekst for bruk 70/5

Til Litterturlista
Start bruk-tekst

INNHALD

70/5 Isakebruket i Loen

Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar

70/5 Isakebruket i Loen

Foreløpig og uferdig utkast av Audun Loen med hjelp frå Vegard Solheim.

Isakebruket er eitt av dei 14 hovedbruka på garden Loen. I følgje bygdeboka har bruket namn etter Isak Kolbeinson Haugen som fekk skjøyte på bruket i 1737. Bruket har bruksnr 5 under gardsnr 70 i Stryn kommune. I matrikkelen frå 1838 hadde bruket løpenr 120. Skylda på bruket var 4 mark 00 øre i matrikkel trykt i 1968.

Gardskartet nedanfor viser Isakbruket slik det var i 2014.


Bruket hadde desse teigane i 2014:

Før jordskiftet i 1898 hadde bruket husa sine i øvre tun ovanfor kyrkja. Isakebruket vart flytta ut av tunet ved jordskiftet i 1898. Tunet vart då bygt opp innanfor Revholen.

Ved Lodalsulukka i 1936 kom elva utover bøane til Isakebruket og rundt husa. Her kan det være naturleg å ta med ei historie som søstera mi har fortalt. Ho sov på same rommet som bestemora si på Sjurebruket. Ho vakna 13. september 1936 av at bestemora stod ved glaset og ropte: "Det er dommedag, eg ser englane springe på Revholen". Då var det folka i Isak og i Halstein som hadd flykta opp på Revholen i berre det kvite undertøyet.

Etter ulukka vart husa på bruket flytta så langt fram mot teigane som bruket åtte vestover. Der ligg tunet i dag

Skissen nedanfor viser husa på Isakebruket før jordskiftet i 1898. Plasseringa av husa seinare går fram av bildegalleriet.