Litteratur.
Tekst for bruk 82/9

Til Litterturlista
Start bruk-tekst

INNHALD

82/9 Solvik på Rake

Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar

82/9 Solvik på Rake

Her legges inn teksten

Tekst under etablering.

Solvik er eit småbruk med hoved-bruksnr 9 på Rake. Bruksnr 15 høyer til same bruket. Nr 9 vart utskilt frå nr 8 i 1884 . Nr 15 vart utskilt frå nr 4 og 5 i 1910. I følgje matriklane trykt i 1941 og 1968 tilhørde også bruksnr 17 same eigar (utskilt frå nr 8 i 1920). Bruksnr 17 finn ein imidlertid ikkje i kartgrunnlaget frå 2014. (Sammanføya eller ????????)

Det gamle tuent ligg relativt langt opp i hovedteigen. Det er også eit nyare bustadhus lenger nede i teigen.

Som bruksnament tilseier, ligg bruket i Solvik på nordsida av Lobukta. Natur og utsikt i Solvik er omtalt for bruk nr 3. Nedanfor er det teke med flyfoto, kart og bilde som viser lokalisering av bruket og plassering av husa. Ein viser elles til bildegalleriet med bilde av hus og personar.

Gardskart som viser lokalisering av teigane på bruket med flybilde som bakgrunn.

Kartutsnitt med eigedomsteigar, bruksnr og og bygninar.

Bruk 82/ 9 Solvik med huset til Jon Solvik med gamletunet i "Hamre" oppi bakkane. Foto: Vegard Solheim.

Den første som er registrert som eigar av bruket var Rasmus Andreas Olssen Strand. Før han flytte til Solvik var ham husmann på Hamreplassen på Strand under bruk nr 1. Fordi han kom frå Hamreplassen vart buket i Solvik kalla Hamrebruket lokalt medan bruksnamnet i bygdeboka er Solvik. Dette bruket i Solvik vart frådelt same året som Rasmus fekk skøyte. Vegard Solheim har fått fortalt at det første dei bygde var naustet. Det tyder på at dette ikkje var ein tidlegare plass med hus. I og med at familien hadde Hamrepalssen på Strand kunne dei bruke tid til å få opp bygningar før dei flytte. Her er det rekan med at det gamle tunet på bruket i Solvik vart bygt onkring 1885. (her får det supplerast frå dei som har fakta). Det vart seinare bygt nytt stovehus på eigdomen (når ???) lenger nede mot vegen.

Etter Rasmus var det sonen Laurits som overtok bruket (1937) og deretter var det sonen til Laurits, Jon Solvik, som vart eigar (1958). Eigar i 2014 er Leif Arne Solvik (overtok år???). Han er son til Rolf Solvik, bror til Jon. Opplysingar om famile og slekt for eigarane finn ein ellers i slektsdatabasen (Lokhis).