Litteratur.
Tekst for bruk 70/15

Til Litterturlista
Start bruk-tekst

INNHALD

70/15 Halsteinbruket i Loen

Til "Reise i kart/bilde"
Bildegalleri
Bruk-detaljar

70/15 Halsteinbruket i Loen

Her legges inn teksten

Hallsteinbruket i 2012

Hallsteinbruket er eitt av hovedbruka i Loen med bruksnr 15 under gardsnr 70 i Stryn kommune. Skylda på bruket var 3,90 mark i matrikkelutskrifta frå 1968. Vikerud som var utskilt fra Hallsteinbruket i 1928 hadde 0,25 mark i skyld i 1968

Gardskartet nedanfor viser Hallsteinbruket slik det var omkring år 2012. Kjelde for visninga er gardskart frå Skog og landskap lagt over flybilde. Teigen sør for den kommunale vegen i Lovik er overtekan av Nordfjord Kjøtt og høyrer ikkje lenger til bruket


Hallsteinbruket har i dag (2012) desse teigane: Innmarksteig langs nordsida av Loelva. Tunet er plassert lengst opp mot nord i denne teigen. På tunet er det to våningshus, garasje og låvebygning. Vidare har bruket skogsteig og innmarksteig i Stranda mot Rake, skogsteig ovanfor Lotunet, skogsteig i Hagedalen, skogsteig i Lovik mot Loåsen, stølsteig på Lostøylen og nausttom ved Gjølmunna i nærleieken av damspskipskaia.

Hallsteinbruket har i dag (2012) ca 50 dekar jordbruksareal og ca 250 dekar produktivt skogareal. I 2012 er Hallsteinbruket det siste bruket på garden Loen som driv med mjølkeproduksjon, og eigaren av Hallsteinbruket har i fleire år leigt den delen av Trulsbruket som grensar inn til Hallsteinbruket ved Loelva som forgrunnlag. Det kan verte slutt på mjølkeproduksjonen på dette bruket frå årsskiftet 1912/1913 (rykte).

Historia om Hallsteinbruket (husa og jordvegen)

Loen var opprinnelg bygt med to tun: Ovnafor kyrkja med 8 bruk og nedanfor kyrkja med 6 bruk. Hallsteinbruket var mellom bruka nedanfor kyrkja. Utskiftningskartet frå 1890-åra har med alle husa i Lotunet. Det var då over 100 hus. Olav A Loen har med hjelp frå Lars.A. Loen (Arnebruket) fått registrert kva bruk dei ulike husa tilhørde og kva slags hus det var. Kartskissen nedanfor viser husa på Hallsteinbruket før jordskiftet som vart avslutta i 1898.


Det har vore 2 jordskifte på innmarka i Loen som var ferdige i 1898 og i 1968. og eitt jordskifte på utmarka i som var ferdig i 1928. Ved det siste skiftet vart utmark m.a. i Lovik lagt ut som innmark. Ved jorskiftet i 1898 vart Hallsteinbruket flytta ut frå tunet. Bruket fekk då hovedteigen sin ved Loelva på nordsida, og dei bygde opp nye hus i nærleiken av elva. I boka "Slekta frå Hallstein i Loen" av Per Rolf Johnsen er det eit godt bilde av dette tunet. Dette bilde er teke med nedanfor


Etter rasulukka i Lodalen i 1936 vart ein redd for at ei ny og større ulikke kunne føre til at husa på Hallsteinbruket kunne bli tekne av elva. Dei flytte derfor husa lenger opp. I 1937 vart det bygt nytt våningshus så langt opp som det var råd å kome på bruket sin innmarksteig.

Dei flate teigane frå Lokyrkja og innoover ligg på same høgd over havet og er truleg gammal havbotn. Desse flaten er utgrevne av elva og bekkar (Åkredalen) og det er på denne måten Revholen har blitt forma. Det er eit relativ smalt høgdedrag med flate på toppen. Denne flata er på same høgdenivå som teigane framanfor. Revholn strekkjer seg over Isakebruket og tidlegare langt nedover Hallsteinbruket. Den delen av Revholen som låg på Hallsteinbruket har blitt utgreven og nytt som masse ved utfylling ved Loenfjord hotell.

I 1982 overtok dagens brukar Hallsteinbruket. Den nye familien bygde seg nytt hus på bruket like nedanfor det gamle våningshuset (årstall for husbygging????). I dag (2012)er det odelsguten til bruket som har overteke det gamle våningshuset med sin familie.

Bildet nedanfor viser tunet på Hallsteinbruket i 2012


Slekta på bruket

Frå gamalt var garden Loen delt på 2 eigedomspartar, prestebolet (skyld 1,5 laup i 1647) og resten (skyld 12 laup i 1647). I bygdeboka er det antyda at resten trulge hadde vor aldelsgods fra mellomalderen.Hallsteinbruket var ein del av resten. Bygdeboka gjer greie for eigedomstilhøva for bruka fram til dei vart kjøpt av brukarane i siste del av 1700-talet. Før den tid var brukarane leiglendingar. Lars Samuelsen f. 1714 kjøpte Hallsteinbruket frå H.P Finde i 1767 og var den første sjølveigande brukaren om ein ser bort frå den tida Futen driv fleire av bruka. (Ei tid budde futane i Nordfjord på Arnebruket i Loen, og frå ca 1630 dreiv futen sjølv Arnebruket saman med dei andre bruka nedan for kyrkja).

Dei fleste bruka i Loen har lokale bruksnamn etter ein av brukarane. Hallsteinbruket har namn etter Hallstein Rasmussen som var brukar på Hallsteinbruket frå 1773.

Det var ei ny slekt som kom inn på Hallsteinbruket med Steffen Eriksen Sårheim. Han kjøpte bruket i 1882 frå Samuel Halstensen som emigrerte til USA med heile familien

I 2012 var det slektsstemne på Hallsteinbruket som samle 164 av etterkomarane til Elias Steffensen og kona Marie. Som ei opppfølgjing av dette stement skreiv Per Rolf Johnsen ei bok om "Slekta frå Hallstein i Loen" Dette er både ei anebok og ei ettersletsbok. Boka har med alle etterkomarar etter Elias og Marie. Denne boka er nytta som kjelde for å oppdatere slektsdelen av LOKHIS.

Nedanfor et det teke med eit samandrag om brukarane på Hallsteinbruket. Kjelde for dette er Bygdeboka supplert med diverse opplysingar frå andre kjelder. Dette samandraget er kopi av brukarlista frå slektsdatabasen Loen-Lokhis.