Sjurebruket Etterslekt.
Generasjon 1867-1882

Til Litterturlista
Start Sjurebr. slekt


INNHALD

Gen 1867-1882

Generelt om familien

Andreas f. 1880
Neste gen. 1902-1907

Olina f. 1867
Slektsoversikt
Monsbruket
Olga f.1900, USA

Kristine f.1870, Andrine f.1874 og Anders f.1877
Slekta i Amerika Del 2, Start.
Kristina f. 1870
Andrine f. 1870
Anders f. 1877

Slekter frå Sjurebruket i Loen

Generasjon fødde 1867-1882.
(Ola Anderson f.1847 og Olina Antonsdotter f. 1840 sin familie)


Ola var ikkje meir enn 18 år då han fekk skøyte på garden, og i sitt 20. år gifte han seg med Olina frå Antunsbruket (1840-1901). Også denne gongen var det søskenbyte på Sjurebruket. Ho Jannike, søster hans Ola, vart gift med Antuns-Ola. Han Ola og ho Olina fekk snart ein stor huslyd. Far og mor hans livde som kårfolk, og så hadde dei både dreng og terne i teneste heile året, og dei hadde i alt 6 born som voks opp. Han Ola fortalde at dei var 12 menneske til bords i mange år. Han Ola hadde godt arbeidsmod, og ho Olina hadde husstellet, spann og vov og sytte for klæde til alle.

Han Ola hadde og god helse like til sin høge alderdom. I hans tid var det utskiftning som slutta i 1898. Då bygde han alle fjøsane og lada under eitt tak.

Ola og Olina hadde fekk i alt 8 born. To av desse døydde som spedbarn (Christina f. 1869 og Anders f. 1873 ) og er ikkje med i tekstdelen. Desse namna vart gjevne til born som vart fødde etterpå og viser kor viktig det var å føre namnetradisjonane vidare. Dei borna som voks opp var Olina f. 1867, Kristine f. 1870, Andrine f. 1874, Anders f. 1877, Andreas f. 1880 og Lars f. 1882. Lars døydde ung, medan dei andre 5 vart vaksne og stifta eigen familie.

Olina f.1867 vart gift inn på Monsbruket i Loen (sjå om henne under Monsslekta).

Kristine f. 1874 , Andrine f. 1874 og Anders f. 1877 reiste til Amerika (sjå om dei i bolken om Sjureslekta i Amerika. Del II).

Andreas f. 1880 overtok Sjurebruket i Loen i og med at den eldste guten riste til Amerika og sa frå seg odelsretten. (sjå om han under neste generasjon på sjurebruket 1902-1907)

Til dokumentstart

Olina Olsdatter (f. 1867) si slek

Olina Olsdatter (f. 1867). Slektsoversikt


Olina vart fødd på Sjurebruket i Loen i 1867 og var den eldste av borna til Ola Andersen og Olina Antonsdatter. Ho gifte seg med Mons Anderson Loen (1877 - 1948) på Monsbruket i Loen. Frå og med dette eksteskapet vart slekta på Monsbruket ei grein av slektene frå Sjurebruket.

Mons var elste sonen til Anders og Anne på Monsbruket. Han var berre 4 år då faren døde, og då mora gifte seg opp igjen, var det skifte og Mons fekk skøyte på bruket i 1882. Stefaren døydde i 1891 og i følgje bygdeboka overtok då Mons som brukar berre knapt 14 år gamal.

Dei hadde 3 born: Anna, Olga (f. 1900) og Anders (f. 1903). Anna døde i konfirmasjonsalderen av tuberkulose. Olga for til Amerika, og Anders overtok Monsbruket. Både Olga og Anders gifte seg og fekk born.

Nedanfor er det fortalt om Monsbruket, og dessutan meir om Olina og Mons og om deire etterkomarar.

Til dokumentstart

Monsbruket, gnr 70 bnr. 7 i Loen
Brukarane før Mons Andersen (f. 1877) overtok.

Monsbruket har som mange andre av bruka i Loen svert gamle slekter som har halde fram på gardane like til vår tid. Den første brukaren vi høyrer om på Monsbruket i "Bygdeboka" heitte Rasmus Abrahamson, han var brukar i 1664 og bruket var då rekna til 3 1/2 pd. Etter han vart bruket kalla Rasmusbruket i lang tid. I Bygdeboka står det ikkje noko om kona hans, korkje namn eller kvar ho var ifrå, men i 1686 var son hans vorten brukar. Om han får vi vite at han var gift to gonger. Første kona, Anne, står det ikkje noko om kvar ho var ifrå, men andre kona hans var Marte Jokumsdotter Auflem.

Namna til brukarane skifte frå Rasmus til Jakob og Anders. Han som var brukar i 1744 heitte Anders Rasmusson. Om han fortelst det at han betalte 1/3 meir enn vanleg bygsel på grunn av det gode sildefikset som då var i Loen. Dette fisket var i lange tider eit godt lunnende til garden. Sameleis hadde alle brukarane i Loen ei storenot saman, som dei og kunne nytte til anna fiske. Såleis fortelst det at når det skulle vere gravøl tok dei storenota for å få gravølsmat. Det var og denne brukaren som løyste inn bruket i 1767 frå H.P. Finde i Holmestrand for 90 rdl. og vart den første sjølveigaren på bruket.Anders Rasmussen var gift 2 gonger, først med Dorte Rasmusdotter Roset og sidan men Barbrå Olsdotter Hilde

Rasmus, son til Anders Rasmussen, vart gift med Ingeborg Rasmusdotter N.B (Nedreberg ?). Det ser ut til at dei ikkje hadde søner som kunne ta over garden, for ei dotter deira, Dorte, vart gift med Anders Monsen Folven, og dei fekk skøyte i 1800. Då far hennar alt var død i 1772, har truleg kona hans styrd i uskifta bu til dottera gifte seg og overtok bruket.

Ein av sønene til Dorte Rasmussen og Anders Monsen heitte Anders. Då han var på vedahogging i Markuskleiva på sørsida av Lobukta fall han ut for ein hamar og slo seg i hel i 1844.Den elste sonen deira, Rasmus, tok over bruket og fekk skøyte i 1824. Han og ein yngre bror vart tekne av fonna og miste livet. Det fortelst at dei var av etter høy frå skogaslåtten og skulle drage det heim på snøføre då fonna kom over dei. Ein yngre bror, Mons, fekk då skøyte i 1832. Han er den første som har namnet Mons på dette bruket, og etter han har bruket skift namn frå Rasmus- til Monsbruket. Han var gift med Kari Ingebregtsdotter Beines. Ho vart svert gamal og døde i 1909. Det ser ut til at det gjekk godt for dei i deira styringstid. Sonen Anders fekk skøyte i 1872. Han gifte seg med Anne Andersdotter Hogrenning. Han døde ung, 30 år gamal , av tuberkulose. Denne sjukdomen herja i desse åra over heile landet, og det var helst unge folk som vart tekne bort. Kona gifte seg opp att med Arne Jørgenson Nesdal, men han vart teken av same sjukdomen 33 år gamal i 1891, og Anne, kona hans, døde av det same 44 år gamal i 1897. Ein av sønene deira, Anders fekk og denne sotta og døde i ung alder. I Bygdeboka bind 1 1974 står det på side 590: "Ei stove som kom frå Hilde trur dei har vore årsk til at så mange døde i sin beste alder her på bruket".

Til dokumentstart

Olina Olsdotter (f. 1867) og Mons Andersen på Monsbruket (f.1877).

Olina frå Sjurebruket (1867 - 1921) gifte seg med Mons Anderson Loen (1877 - 1948) og kom dermed inn i Monsslekta. Mons var elste sonen til Anders Monsen og Anne Andersdatter på Monsbruket. Han var berre 4 år då faren døde, og då mora gifte seg opp igjen, var det skifte og Mons fekk skøyte på bruket i 1882.

Mons var stor og sterk og måtte tidleg gå med i arbidslivet på garden. Før han var 20 år, var både stykfaren (død 1891) og mor hans (død 1897) døde. Han var då den einaste vaksne saman med den gamle bestemora, og hadde andsvaret både for garden og søskena sine som enno ikkje var vaksne. Samstundes vart det og utskiftning på garden Loen i 1897, med overskjønn i 1898. Då vart Monsbruket pålagd å fløtte ut av det gamle tunet, og byggje opp igjen husa på den nye teigen dei hadde fått.

Ho Olina frå Sjurebruket var eldre enn han Mons, og ho var stor og mandomsam. Då han Mons og ho Olina gifte seg vart dei to om alle plikter og tunge tak. Dei var både sterke og strevsame, og det var etter kvart god framgang på garden. Og dei sett si ære i at alt skulle vere velstelt. Det første dei gjorde etter at ho var koma som husmor, var at dei bygde nye hus på den nye teigen, både stovehus og labygning med fjøsane og lada under eitt tak. Mons var ein trottug arbeidsmann og hjelpsam med hjelp til andre når dei hadde bruk for det. Ho Olina var sterk og eit arbeidsmenneske både inne og ute. Ho døydde vel femti år gamal, men då var alle borna vaksne. Han Mons hadde stor interesse for dyr, og han var ein god heste skjønar.

Dei hadde 3 born: Anna, Olga og Anders. Anna døde i konfirmasjonsalderen av tuberkulose. Olga for til Amerika, og Anders overtok Monsbruket.

Til dokumentstart

Anders Monsson Loen (1903)

Anders fekk skøyte på garden i 1934. Han har dyrka opp og planert mykje av garden for maskinbruk. Han har hatt store ominnreidingar både på stovehuset og ladebygningen. Det var han som stod i brodden for skiping av Loen elveigarlag, og det laget var med Bergens sportsfiskerlag og bygde laksetroppa i Lofossen i 1950 åra. Bergen Sportsfiskerlag har sidan vore leigarar av fiske i Loelva. Etter at laksetrappa var bygd, gjekk laksen også opp i den øvre elva og der og skipa dei eit elveigarlag. Dei to laga er no saman om å leige ut elva. Han Anders har og vore med i kommunestyret i Stryn og sameleis i skulestyret og andre kommunale nemnder. Han gifte seg med Ingeborg Jørgensdotter Glomnes (1898). Ho har heile tida vore ei påpasseleg og omsorgsfull husmor, og har vore med i arbeidet på garden både ute og inne. Dei bor no i gamlestova, og han Anders har som kårmann vore med i alt arbeidet på garden. Dei har 4 born: Magne, Olaug, Jørgen og Klara.

Magne Anderson Loen (1931) har gått Langvin Jordbruksskule og eit kurs i rekneskapsføring

Olaug Andersdotter Loen (1932) har gått eit sykurs. Ho har sidan gått inn i arbeidslivet som ysterske på Nordfjord meieri i Stryn.

Jørgen Andersson Loen (1935) har gått framhaldsskule og Holmøy arbeidsskule. Han fekk skøyte på bruket i 1973. Han arbeider på Stryn Møbel og styrer garden saman med kona. Han er gift med Liv Asborg Bernhardsdotter Rake (1945). Dei har 4 born: Asle (1971), Inger Martha (1972), Vigdis (1977) og Berit (1979).

Klara Andersdotter Loen (1937)har gått husstell skulen i Stryn. Ho er gift med Sverre Olson Rake og dei driv Kolbeinsbruket. Dei har 4 born: Ola (1959), Alf (1961), Kristi (1963) og Inge (1969)

Til dokumentstart

Olga Monsdotter Loen (1900 - 1931)

Då Olga var i tjugeårsalderen fekk ho tilbod frå Kristine Olson, morsøster si, om å kome til Amerika. Ho hadde ein fruktfarm i Washington på Stillehavskysten og ein farm i Nord Dakota. Ho og Elias Olson var barnlause, og dei hadde teke til seg Ole I Loen, søstersonen til Elias, då dei var heime i Loen ein tur i 1903. Ole var då 9 år.Olga reiste til Amerika i 1922, og var då på fruktfarmen til Kristine. I 1924 gifte ho seg med Frank Samuelson (1899) og dei fekk ein del av fruktfarmen

Frank Samuelson var av norske foreldre, og etter at han var vaksen arbeidde han fleire år ombord på ein dampbåt, og nokre år dreiv han med arbeid i skogen. Etter at han gifte seg med Olga, arbeidde dei saman på fruktfarmen. Dei fekk 3 gutar: Frank Melvin, Wendell Marvin og Lawrence Albert. Det gjekk ikkje så godt med fruktdyrkinga seier han, og eit par år etter at Olga døde tok han til på eit skipsvert , Bremerton Navy, der han arbeidde som elektrikar til han gjekk av med pensjon i 1962. Olga var svert snill og livleg slik søskenebarnet hennar, Arnold Loen, hugsar henne. Ho vart tidleg sjuk, og døde svert ung, medan borna enno var små. Frank stelte heimen og borna til dei var vaksne. I 1944 gifte han seg med Bernice Olson, men ho døde i 1957. Han gifte seg då med Jennie A Aursnes i 1958.

Frank Melvin Samuelson (1926) er gift med Eunice Marie Moberg (1930). Frank har gått høgskule. Han var med i krigen i Japan i 1944, men vart ikkje såra. Etter at han kom heim, arbeidde han i firmaet Brown & Hally i Tacoma i to år. Han var då maskinist om dagen og gjekk på colleg om kvelden. Han tok eksamen ved Pugot Sound Universitet. Han fekk arbeid i Crown Zellerboch i Port Towsend i fleire år, og for same firma arbeidde han i ei papirmølle i Ohio. Han tok eksamen i Cornell universitet i New york i 1972. Han har halde fram i same firmaet og er no innkjøpsjef for papirfabrikken til Autioch i California. Dei har 5 born: Frank M Samuelson (1949), Susan R Samuelson (1951), David M Samuelson (1955), Drew M Samuelson (1956), Kathryn L Samuelson (1961).

Wendell M Samuelson (1927) har gått high school og teknisk skule for TV og radiao. Han arbeidde i 10 år i Oakland radio og TV i Tacoma. Seinare arbeidde han i 17 år i si eiga TV- og radioforretning i Tacoma. I 1976 kjøpte han ein eplehage på 40 acres. Han leigde den bort i 3 år, men fløtte i 1979 til Yakima og overtok drifta av hagen sjølv. Han er gift med Ellinor Bolte. Dei har 7 born: Martin V Samuelson (1955), Michaell Allen Samuelson (1957), John Lee Samuelson (1959), Alice Patricia Samuelson (1960), Wandy Melody Samuelson (1963), Nancy Sue Samuelson (1965) og Machelle Lanore (1969)

Lawrence Albert Samuelson (1929) har high school og 1 års utdaning i elektronikk. Han er tilsett ved IBM. Kona hans, Kathryn Slig Stevens (1939), har gått eit år på college. Dei har 6 born: Toy Kathryn Samuelson (1960), Down Olga Samuelson (1961), Charity Ann Samuelson (1962), Janelle Marie Samuelson (1964), Mark Lawrence Samueslon (1966) og Kris Donald Samuelson (1972).

Til dokumentstart

Kristine, Andrine og Anders si slekt

Sjureslekta i Amerika. Del 2.
(Borna til Ola Anderson f.1847 og Olina Antonsdotter f. 1840)

Det var tre av borna til Ola og Olina på Sjurebruket som reiste til Amerika.


Bilde. Frå venstre: Kristine , Anders og Andrine.


Til dokumentstart

Kristina Olsdotter Loen (1870 - 1960)

Kristine var den første av borna til Sjur-Ola som for til Amerika. Det var kring 1890 ho reiste til farbror Rasmus i Benson i Minnesota. Ho vart gift med Elias Olson i 1892. Elias Olson (1867 - 1928) var frå Ola-bruket på Tjugen, og hadde ein farm i Brimsmade i Nord Dakota på 360 acres. Dei hadde ikkje born, og då dei var heime i Noreg i 1903 tok dei med seg søstersonen til Elias, Ole I Loen , og han vaks opp med dei som deira eigen. Han var 9 år då han kom til Amerika. I den første tida dei var i Brimsmade, kom to av søskena til Kristine, Andrine og Anders, der til dei. Andrine gifte seg seg med Rasmus Løken som hadde kjøpt farm i Brimsmade, og Anders kjøpte seg ein farm i nærleiken. Desse tre søskena med familiar budde så nær saman at dei ofte kunne finnast og vere i lag. Søndagane om sommaren møttest dei i hagen til Elias og drakk kaffi, og andre tider kunne dei samlast hjå dei andre. Utan om å tale om ver og årsvoner, kunne di samrøde om nytt og gamalt heimanfrå.

Ei tid pakta Elias Olson bort farmen i Brimsmade, og dei for til Tacoma i Washington ved Stillehavet. Der kjøpte dei ein fruktfarm på 40 acres. Etter nokre år fløtte dei attende til Brimsmade. Søsterdotter til Kristine, Olga Monsdotter Loen, hadde kome til dei i 1922, og ho gifte seg med Frank V. Samuelson. Dei fekk 20 acres av fruktfarmen til Elias. Resten av farmen selde dei til Harold Haaland (Sjå om Olga og slekta hennar i Amerika i bolken om Monsslekta i Loen)

Til dokumentstart

Andrine Olsdotter Loen (1874 - 1952)

Andrine reiste til Amerika i 1895 og i 1899 gifte ho seg med Rasmus Loken (1865 - 1939) frå Olden. Han hadde fare til Amerika i 1888 og fått seg land i Brimsmade på 360 acres. I den første tida dreiv dei med ein allsidig produksjon. Dei hadde storfe og høns og dyrka kveite og poteter og andre vokstrar. Seinare gjekk dei meir og meir over til å dyrke kveite. Dei hadde noko motgang i den første tida, mellom anna brann våningshuset deira ned, men ingen av folka kom til skade. Dei bygde seg eit nytt og gildare hus, og etter kvart vart barneflokken stor. Andrine hadde stellet med borna og huset, og ho var eit ordensmenneske så ho heldt alt i godt stell. Dei hadde desse borna: Jenny, Oscar, Olga, Valborg, Agnes, Roy og Arthur.

Til dokumentstart

Jenny Loken (1899 - 1969)

Jenny var den elste av borna. Ho gifte seg med Olaf Skarstein i 1929. Han var komen frå Olden, og han var fødd på Kristian-bruket, bruk nr 1 på Indre Skarstein. Han hadde arbeidet sitt i Statens vegdepartement i Devils Lake. Olaf døydde i 1960. Dei hadde ein son, Alfred. Han arbeidde for Western Airlines i Los Angeles i California.

Til dokumentstart

Oscar Loken (1901 - 1977)

Oscar kjøpte seg farm i Brimsmade, og har sidan auka farmen slik at han no er på 1200ac res. Han vart i 1929 gift med Alma Engen. Foreldra hennar kom hit frå Noreg, frå Jevnaker og Hadeland. Oscar og Alma har begge vore svert intereserte farmarar. I 1971 kom begge til Noreg, og vitja då Oscar si slekt i Loen og Olden og søkte etter hennar slekt på Austlandet, og var på riksarkivet i Oslo. Dei tala begge godt norsk, og Alma hadde stor interesse for slektshistorie, og ho har skaffa oss mange verdfulle opplysningar om dei som reiste frå Sjurebruket og deira slekt i Amerika til denne boka. Dei har no bygt seg hus i Leeds og overlate farmen til sonen, Arden Wayne Loken. Dei har hatt eit langt liv saman og hadde gullbrudlaup i 1979, og Oscar feira 80-årsdagen sin saman med sine i 1981. Oskar døde 11. april 1987. Dei har 4 born: Earl Le Roy, Shernman Dale, Arden Wayne og Jean Leonora

Earl Le Roy Loken (1931 ) er president i ein bank i Rolla Nord Dakota. Han vart gift med Vivian Arlene Oakland i 1955. Ho er norsk og dotter til ein farmar. Ho har litt praksis som sjukesøster. Dei har 3 born: Terri Lynn (1957), Lorry Jayne (1959) og Jodi Ann (1965)

Sherman Dale Loken (1935) arbeider for General Motors i Dayton i Ohio. Han er gift med Marilyn Hofer frå Huron Nord Dakota. Ho er dotter til ein lege og har lærarutdaning. Ho er fødd i 1941. Dei har 3 born: Brian Scott (1969), Robert Dale (1971) og Teressa Ann (1968). Teressa Ann er adoptert.

Arden Wayne Loken (1941) har faren sin farm i Brimsmade og har gått Nord Dakota Statsuniversitet i jordbruksøkonomi i Fargo. Han er gift med Delores Leonard Raddahl (1941). Ho er dotter til ein farmar, og ho er enke med 3 born, to jenter og ein gut.

Jean Leonore Loken (1948) har musikkutdaning frå Mayville State College, og der møtte ho Dennis Henry Aardal, og dei gifte seg i 1970. Dei bor i Cracy Nord Dakota. Han arbeider i forretning i Devils Lake, og ho er lærar. Dei har to born: Jason Lance og Eliza.

Til dokumentstart

Olga Loken (1903)

Olga er gift med Burton Bennes. Han er fødd i Amerika, men faren hans var frå Beinnes i Olden. Dei hadde farm og dreiv handel med daglegvare i Brimsmade. Dei har no slutta handelen og bor i Devils Lake. Dei har 3 born: Glorie, Merle og Rodney.

Gloria Bennes (1932) er gift med Clarence Keller. Han arbeider i ei underhaldningsavdeling i Devils Lake, og dei bor i Devils Lake. Dei har 4 born: Dale Keller (1957), Darvil Keller (1957), Cindy Keller (1958) og Jani Keller (1961).

Merle Bennes (1936) er gift med Walter Schmidt (1932). Han er tysk, men er fødd i Devils Lake, og han er leiar for service avdelinga i eit motorfirma i Williston i Nord Dakota. Dei har 3 born: Vesley Schmidt (1957), Wade Schmidt (1960) og Stanley Schmidt (1962).

Rodney Bennes (1941) er gift med Sherry Alexander (1946). Rodney er TV reperatør og ho arbeider ved pleieheimen i Devils Lake. Dei har 2 born: Brian Bennes (1971) og Malenda Bennes (1972).

Til dokumentstart

Valborg Loken (1907).

Valborg var gift med Joseph Sosella. Han var farmar og han døde ung. Valborg var lærar. Dei hadde 2 born: James Le Roy og Lou Jean Correan.

James Le Roy Sosella (1935) gifte seg med Beverly Johnson. Han har lærarutdanning frå Valley Citys og var lærar i 5 år. No driv han ein bar i Bowbells i Nord Dakota. Dei har to born: Jon (1962) og Crystal (1963).

Lou Jean Correan (1937) er gift med James Jorgensen. Han er sjef for sivil- ingeniøravdelinga ved Nord Dakota States universitet og har teke doktorgrad. Dei bor i Fargo i Nord Dakota. Dei har 3 born: Deborah (1958), David (1960) og Dean (1967).

Til dokumentstart

Agnes Loken (1909)

Agnes gifte seg med Carl Lysne i 1929. Carl sine foreldre kom frå Lærdal i Sogn. Carl og Agnes har heile tida drive med farming. Dei har to born: Arlys og Curtis.

Arlys Lysne (1930) er gift med Herb. Haus. Han driv med bilutleige og han eig Tivin Tire and oil co i Brimsmade. Dei har 2 søner og ei dotter: Ronny Haus (1951), Daniel Haus (1954) og Julie Haus (1956).

Courtis Lysne (1938) er gift med Janet Fox (1938). Han er leiar for ein kornelevator i Harvey i Nord Dakota. Dei har 4 born: Carna Lysne (1955), Ricky Lysne (1957), Karole Lysne (1965) og Darine Lysne (1963)

Til dokumentstart

Roy Loken (1914).

Roy er gift med Ena Piper. Han driv farmen til foreldra, Andrine og Rasmus Loken, og har kjøpt meir land etter kvart slik at han no har ein farm på 1100 acres. Han dyrkar serleg kveite. I 1967 tok han ein tur til Noreg saman med Ole I Loen. Dei var her i 3 veker og vitja all slekta i Loen og Olden. Han greidde godt å snakke norsk, og fekk seg mange vener på den tida. Han gjorde seg kjend med tilhøva mora hadde hatt då ho var heime, og han gjekk like til Høgesætra og til Støylen der ho hadde gått og mjølka kyrne og båre mjølka heim på ryggen. Det var uvante ting for han som kom frå Dakota. Roy og Ena har no overlate farmen til ein av sønene, og dei har bygt hus i Leeds og bor der. Dei har 5 born: Roger, Marion, Michael, Gary og Darin

Roger Loken (1943) er gift med Shari Ness Wynn. Shari er norsk og fødd i Minnewaukan i Nord Dakota. Ho er enkje og har to døtre. Roger driv no farmen til Roy i Brimsmade

Marion Loken (1946) er gift med Thomas Copeland (1946). Marion er sjukesøster og Thomas er mekanikar i Jackson Michigan. Dei har 2 born: Sean Copeland (1971) og Michele Copeland (1976).

Michael Loken (1946) driv hesteoppdrett på farm i Brimsmade. Gary Loken (1963) tok eksamen på high school i 1981.

Darvin Loken (1965) er adoptert. Han er indianargut.

Til dokumentstart

Arthur Loken (1917)

Artur er gift med Elsie Erie. Foreldra til Elsie kom frå Lærdal i Sogn. Arthur var den yngste av borna til Andrine og Rasmus Loken, og han styrde farmen deira ei tid. Den selde han til broren Roy. Han har sidan hatt ymse arbeid. Ei tid var han i Montana. Elsie og Athur har 7 born: Ardyce, Robert, Orlin, Carol, Paulette, David og Mari.

Ardyce Loken (1941) er gift med Daniel Neary (1936). Daniel er elektrikar. Dei har 3 born: Ricky (1961), Janet (1963) og Steven (1970).

Robert Loken (1943) er truck-førar og mekanikar. Han bor i Big Falls i Minnesota. Kona hans var enkje, og ho var fødd i 1941. Dei har 4 born: Carrie (1963), William (1965), Robin (1971) og Jennifer (1972).

Orlin Loken (1944) er gift med Kirstine (1944). Ho er fødd i Danmark og er tilsett i SAS. Ho har ei dotter, Pathricia (1963). Orlin er tilsett i Western Airlines i California. Dei var alle tre på Norgestur i 1978, og då vitja dei og Loen med ein kort visitt.

Carol Loken (1946) er gift med John Mc. Glynn (1947). John er mekanikar. Dei har 3 born: Karey (1968), Danna (1971) og Johnny Pat (1973)

Paulette Loken (1951) er gift med James Graham (1947). Paulette arbeider deltid på eit tannlækjarkontor. Jasmes er postmann. Dei har to born: James Andrew (1974) og Daniel Michel (1976)

David Loken (1955) har yrke i marinen.

Mary Loken (1957) går på skule.

Til dokumentstart

Anders Olson Loen (1877 - 1925).

Anders var fødd i Loen og var son til Ola og Olina Loen, og det var han som hadde odelsretten til Sjurebruket. Han fekk hug til å fare til Amerika, og reiste i slutten av 1890 åra. Han kjøpte seg farm i Brimsmade i nærheita av søstrene Kristine og Andrine. Etter å ha vore ei tid i Amerika sa han opp odelsretten sin heime, og broren Andreas overtok Sjurebruket. I 1908 gifte han seg med Nettie Pedersen. Foreldra hennar var komne frå Noreg, og faren Martin var truleg frå Olden. Klimaet i Nord Dakota høvde ikke godt for Anders, og i 1918 pakta han bort farmen i Brimsmade og reiste til Cromwell i Washington. Der dreiv han med fruktdyrking og laksefiske. Alle tre borna var fødde medan dei budde i Brimsmade: Ornella, Arnold og Melvin

Til dokumentstart

Ornella Loen (1909)

Ornella er gift med Leonard Strand, og dei bor i Tacoma i Washington. Leonard arbeider i kommunen si teneste

Til dokumentstart

Arnold Loen (1914)

Då Arnold så vidt var vaksen reiset han til Brimsmade for å styre farmen til faren. Dette var i tida før dei hadde teke til med motordrift på farmane, og han kjøpte inn hestar og maskinar og skulle drive etter den gamle driftsforma. Men uvandt som dette var for han, var det ofte vanskar i starten Då han var heime her på Norgestur i 1979, fortalde han mykje om den tida han arbeidde på farmen. Etter nokre år for han attende til Stillehavskysten, og han vart då medeigar i eit trevarefirma i Tacoma. Arnold er gift med Hazel Gammersvik. Då dei var på Norgestur vitja dei og Gammersvik ved Bergen der foreldra til Hazel var ifrå. Dei har ei dotter: Carolyn Loen (1947).

Til dokumentstart

Melvin Loen (1917).

Melvin dreiv ei tid forretning og hadde seinare eit møbellager. No driv han med bilsalg. Melvin er gift med Ruth Welliams. Dei har 3 born, 2 gutar og ei gjente: Kenneth Loen, Donald Loen og Sharon Loen