Sjurebruket Etterslekt.
Generasjon 1902-1907

Tilbake til:
Litterturlista
Start Eterselt etter 1800
Gen. 1867-1882

INNHALD

Gen 1902-1907

Oversikt gen. 1902-1907
Olav f. 1907. Sjurebruket
Olina f. 1905. Markusbruket
Karen f. 1907

Lenke til Lokhis:
Andreas Olsen f. 1880. Nett ; Privat

Til dokumentstart

Slekter frå Sjurebruket i Loen

Generasjon fødde 1902-1907.
(Andreas Olsen f.1880 og Marte Eriksdatter f. 1878 sin familie)

Andreas Olsen Loen (1880-1909) og Marte Eriksdotter Skarstein (1878 - 1968)

Andreas var berre 20 år då han fekk skøyte i 1901, og same året gifte han seg med Marte Eriksdotter Skarstein. Han hadde stor interesse for krøteravl og fruktdyrking, men han døde berre 28 år gamal. Marte livde igjen med 3 små born, den elste berre 5 år. Då var det godt at han gamle Ola var frisk og sterk og gjekk inn i arbeidet som før. Marte var eit arbeidsmenneske som nytta tida vel, og ho bygde nytt stovehus på garden i si tid. Det var utskiftning på utmarka i 1928. Då fekk dei eit stort stykke av garden lagt på sørsida av elva. Anders hadde teke til å dyrke frukt og bær, og det heldt ho fram med då borna vart større. Dei hadde 4 born: Olina Leonora, Olav, Olina og Karen.Olina Leonora døydde av kikhoste som småbarn.

Til dokumentstart

Olav Andreassen Loen (1903-1984) og generasjonen f. 1933 - 1939 på Sjurebruket.

Olav har gått Voss folkehøgskule, og han har hatt interesse for kultur og litteratur, og han skreiv nokre bøker. Han var formann i Firda ungdomslag, der han vart heiderslagslem. Frå 1951 har han vore skriftstyrar for Årbok for Nordfjord til 1980. I 8 år var han med i kringkastingsrådet, og han har fått kongens forteneste medalje. Han har og vore med i kommunestyre og formannskap. Han vart brukar i 1932 og fekk skøyte i 1940. I 1932 gifte han seg med Aslaug Andreasdotter Undertun (1910-1986). Ho kom frå Eivindvik i Sogn. Ho har gått Fjordane Folkehøgskule og Stryn Husstellskule. Ho har hatt stor interese for arbeidet på garden både ute og inne. Dei bygde ny driftsbygning i 1962. Aslaug har vore studieleiar i Loen og Rake bondekvinnelag og i mange år bibliotekar i Loen bibliotek.

Dei har 3 born: Marta (f. 1933), Gjertrud (f. 1935 og Audun (f. 1939).

Marta Loen (1933) har gått Firda Gymnas og Hamar lærarskule. Sidan har ho gått Stabekk husstellskule. Ho har vore lærar i Indre Arna og på Kjelsås i Oslo. Ho er gift med Peder Havnvik (1930), og dei har kjøpt seg hus og bur i Oslo. Peder er frå Hitra. Foreldra til Peder hadde gardsbruk på Vedøy, ei lita øy nær Hitra. Peder har reist til sjøs i 10 år og var maskinist. Sidan gjekk han teknisk skule i Oslo og er noingeniør i firmaet Henriksen og Horgen i Oslo. Han har nooverteke garden på Vedøy, og stelt i stand husa, og der til reiser dei no og bur i ferien

Gjertrud Loen (1935) har gått realskule på Sandane og heimeyrkeskulen på Jølster. Har utdana seg i telefonen og har sidan hatt arbeid i televerket i Bergen og på Tingvoll. Ho er gift med Gunnar Bråttvik. Han har ein eigdom med jord og skogbruk. Han har gått jordbrukskule og handelskule, og arbeider i trygdekontoret på Tingvoll. Dei har bygt seg nytt stovehus på ei tomt utanom gardsbruket. Dei har to born: Aud Bråttvik (1963) og Anders Bråttvik (1965)

Audun Loen (1939) har gått realskule i Stryn , Langvin jordbruksskule, førebuande kurs for Ås på Hamar og Norges l andbrukshøgskule på Ås. Han fekk skøyte på garden i 1972, og har dyrka opp 27 dekar av jorda på sørsida av Loelva. Han er gift med Marit Haug frå Oslo, og dei bor i Oslo. Audun har for det meste arbeidd i Statistisk Sentralbyrå. Marit har gått realskule og kontorlærlingskule, og ho har arbeidt i forsikringsselskapet Norden. Seinare har ho overteke som barneparkleiar i nærleiken av der dei bor. Ho har stor interesse for gamal kultur og folkedans, og er aktivt med i Nordfjordlaget og i Sogn og Fjordane ringen i Oslo. Dei har to born: Olav Loen (1973) og Marte Loen (1976).

Til dokumentstart

Olina Andreasdotter Loen (1905) og Markusbruket i Loen

Olina vart gift med Karl Markusson Loen (1901 - 1951). Han var den nest yngste av borna til Markus Loen. Då faren fall frå, var det han som overtok garden i 1937, og i 1947 fekk han skøyte. Han har gått Mo jordbruksskule og hotellfagskulen i Bergen. Han var postopnar og styrde dampskipsekspedisjonen. Han styrde og Kjenndals restaurant, og fekk han bygd opp igjen etter ulukka lenger inne i Kjenndalen. På garden tok han seg serleg godt av frukthagen. Han planta nytt og fekk eit stajonært sprøyteanlegg. Han bygde hønsehus, og var interessert i alt slags husdyrbruk. Han kom tidleg med i fjøskontrollen, og hadde ein gild buskap. Han stilte ut fleire premioksar saman med Olav A Loen.

Olina hadde husstellet og gav mannen god hjelp i arbeidet på garden, og dei tok tidleg til med jordbærdyrking. Ho har gått framhaldsskulen i Loen og Norstrand husstellskule ved Oslo. Dei har desse borna: Idun, Marit, Markus Alfred og Agnar. Då Karl fall frå, var dei eldste borna så vidt vaksne, og ho Olina måtte i mange år stå for stellet på garden. Ho hadde framgang både med frukt og bær. Ho var i mange år forkvinne for Loen og Rake Bondekvinnelag.

Markus Karlson Loen (1934) var den eldste av gutane. Han gjekk Langvin jordbruksskule. I 1960 gifte han seg med Olga Matiasdotter Sæten (1939) og dei tok over drifta av bruket. Han fekk skøyte i 1968. Olga har gått realskule i Stryn og husmorvikarskule på Voss. Fruktdyrkinga har hatt stor framgang på garden, og halve garden er no utplanta med frukttre. Resten av den dyrka jorda vert nytta til grønsaker og jordbá'ár. Dette har gått ut over høyavlinga og i 1977 slutta han med mjølkeproduksjon, og dei har sidan ikkje drive med husdyr. Markus har hatt mange ombod. Han har vore i kommunestyret og i jordstyret, og han har vore mykje nytta som domar i utskiftningssaker. Dei har 4 born: Karl Ove (1961), Matias (1962), Lisbett (1966) og Gro Anita (1969)

Idun Karlsdotter Loen (1931) har gått eitt år realskule i Stryn og har sidan 1952 vore postopnar i Loen. I 1957 gifte ho seg med lá'árar Per Solheim (1919). Han har gått realskule og Firda gymnas, handelsskule i Volda og Volda lærarskule. Han har vore lærar i Erdal skule i Oppstryn, og er no rektor ved Loen skule. Han var og i mange år klokkar i Loen kyrkje og formann i Loen sokneråd. Han har vore medlem av Stryn kommunestyre. Dei har kjøpt Markheim, gnr 70, bnr 77 og bygt seg heim der. Dei har to born: May Elin (1958) og Kjell Edvin (1963).

Marit Karlsdotter Loen (1933) har gått realskulen på Sandane. Ho har arbeidt i postkontoret i Hornindal og Bryggja, og arbeidde i mange år på postgirokontoret i Oslo til 1964. I Oslo-tida var ho med i idrettslaget Vestar. Ho er gift med Sverre Lundestad (1933) frå Gloppen. Han har gått Firda Gymnas, og utskiftningsavdelinga på Ås landbrukshøgskule. Han har arbeidt ved utskiftningskontoret i Sandnes, Sarpsborg og Sandane. Han har vore utskiftningsdomar i Vadsø og er no utskiftningsdomar i Ørsta. Medan han var utskiftningsdomar i Vadsø var han vald inn i bystyret av senterpartiet. No har dei bygt seg heim i Ørsta. Dei har 2 born: Kari (1965) og Hans Karl (1966)

Alfred Karlson Loen (1937) har gått realskule i Stryn og teknisk skule i Bergen. Han arbeider no på Sogn og Fjordane vegkontor i Leikanger. Han er formann i aktieselskapet Hotel Alexandra. Der har det vore store utvidingar og nybygg medan han har vore formann. Alt er no bygt i betong og ingen av bygningane er eldre enn frå 1952. Alfred gifte seg i 1960 med Valborg Sigurdsdotter Løkeland (1939). Ho har gått handelsskule og husstellskule, og har sidan dei gifte seg vor husmor. Dei har bygt seg heim i Hermannsverk. Dei har 4 born: Liv Erene (1961), Oda Karin (1964), Vivi Anne (1968) og Heidi (1974).

Agnar Karlson Loen (1943) har gått ungdomsskule i Stryn og folkehøgskule på Manger. Postskule gjekk han i Sandefjor og Oslo. Han er no postpakkemeistar i Skien. Agnar gifte seg i 1967 med Sissel Heibø frå Skien. Ho har gått ungdomsskule og tok sjukesøsterskulen i Oslo. Ho er avdelingssjef på aldersheimen i Skien. Dei har kjøpt seg hus med jordeigedom til i Melum og bor der. Dei har 4 born: Kjetil (1968), Trond (1970), Erik (1972) og Ragnhild (1976).

Til dokumentstart

Karen Andreasdotter Loen (1907 -)

Karen var den yngste av borna til Andreas f.1880 og Marte og var ugif. Ho har gått kurs på Nordfjord folkehøgskule. Den lengste tida har ho vore på Hotel Alexandra, og ei tid var ho salsjef. I mange år styrde ho Richards Kro. Etter at ho nådde pensjonsalderen har ho ofte hatt føremiddagsarbeid på Hotel Alexandra. Når ho har vore heime har ho butt på Sjurebruket, og ho stelte med mor si den siste vinteren då ho var sjuk.