Målet for turen:
Skålatårnet

Til turoversikt
Forrige Neste

Lenker til eksterne data

  • Skålatårnet 100 år.
  • Tur: Skåla

    Skålatånet - målet for turen .

    Skålatårnet ligg på 1848 meter over havet. Det er bygt i stein i to høgder med soveplass til 22 personar i 2. høgda. Tårnet vart bygt i 1891 med doktor Kloumann som initiativtakar. Historia om tårnet (Skåatårnet eller Kloumanntånet) er publisert i eit eige jubileumsskrift ved 100-års jubileet.Det er også gitt ut ny jubileumsbok ved 120-års jubileet, men den er ikkje skanna. Sjå opmtale i Fjordingen

    Skålatårnet ligg på ein smal fjellrygg forma som kanten på ei skål bakanfor det som er synleg frå Lotunet. Vegen opp til tårnet går gjennom ur med trappetrinn. Mot nord er det stup ned i Fosdalen. Det er bilde frå stien opp mot tårent i Svein Lunde sitt arkiv: Skaal0509

    1. 1981. Skålatårnet. Foto: Håkon Loen
    2. Skålatårnet. Postkort
    3. 1978. Skålatårnet. Sommarbilde
    4. Skålatårnet dekt med snø. Foto Håkon Loen