Målet for turen:
Skålatårnet

Til turoversikt
Forrige Neste

Lenker til eksterne data:

Tur: Skåla

Tjugenfossen nedanfor Tjugen sæter .

Tjugenfossen lever eit meir anonymt liv enn den fortenar. Frå bygda ser ein berre toppen av fossen, og frå stien er den ikkje synleg. Fossen er eigentleg ganske imponerande og hadde vore ein atraksjon om den låg ved alfarveg. For å sjå fossen treng ein berre å gå litt til høgre for stien like etter at ein er ferdig med traktorvegen på tur oppover. Vær forsiktig for plutseleg står du på kanten av stupet

1. Skåla. Utsnitt med fokus på Tjugen Sæter og juvet der fossen er
2. Tjugenfossen og sætra sett frå Sæten
3.Tjugenfossen. Frå tur til Skåla i 1968.
4. Tjugenfossen på postkort
Etter at ein har passeret Tjugenfossen er det ikkje så lenge før ein er ferdig med den bratte oppstigninga og kjem opp i eit slakar dalføre. Der er det bru over elva til Tjugen sæter. Frå Tjugen sæter er det flott utsikt over Loen. Vegen til Skåla går ikkeje over elva til Tjugen sæter, men går vidare på nordvestida av elva. Ein avstikkar til Tjugen sæter kan anbefalast. Det hender at snøfonna tek brua over elva til Tjugen sæter i snørike vintrar.