Målet for turen:
Skålatårnet

Til turoversikt
Forrige Neste

Lenker til eksterne data:

Tur: Skåla

Tjugen sæter .

Vegen til Skål går på nordvest-sida av elve medan Tjugen sæter ligg på den andre sida med bru over elva. Frå gamalt har brua blitt teken bort om hausten og lagt ut på nytt om våren på grunn av faren for snøras. Sætra ligg på 425 meter over havet. Frå sætra er det flott utsikt mot gardane Tjugen og Loen og ut over fjorden. Sætra høyer til gardane Tjugen og Haugen, men også Sande har hatt beiterett der. Sela har blitt haldne ved like.

1. Tjugen sæter med to av sela og utsyn mot fjorden
2. Bilde med utsyn mot Loen og fjorden. Bildet er teke nedanfor sela.
Frå Tjugen sæter går ein tilbake over brua og føl vegen på nordvestsida av elva. Her er det passe stigning og lett å gå. Neste er stopp er rett overfor staden der elva fra Fosdalen (Fosdøla) møter elva frå Skålevatnet. Dette er ein stopp berre for å vise mektig natur.