Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Anders Olsen skøyte 1846 og Olina Arentsdatter Rake

Ola og Janikke hadde ordna seg godt i si styringstid, men no var Janikke død i 1841, og Ola tykte at sonen fekk sleppe til, og han ville ta seg kår. Anders fekk skøyta i 1846 og gifte seg. Her har truleg foreldra hatt eit ord med i laget kven som skulle verte den nye husmora på Sjurebruket. For her fekk dei byte med Framigard på Rake br.nr. 5. Olina Arentsdotter Rake vart den nye kona på garden, og søster hans Anders, ho Malene, vart gift med Arent Arentson. Slike søskenbyte kom ofte i stand med foreldra si hjelp. Vørdnad og medel hadde mykje å seie i eldre tid. Ved at dei gjorde slike søskenbyte for ikkje heimanfølgje som ei dotter alltid måtte utstyrast med, ut på vidda. Og dei kunne på den måten verne betre om den medelen som høyrde garden til. Slike tankar kan nok ha lege til grunn for dette ekteskapet og. Han Ola var nok av dei som tenkte både på medelen og vørdnad, og hadde auka det noko i si tid. Kring 1720 hadde Arent-namnet kome frå Fosnes i Oppstryn. I denne slekta på Rake vart mange flinke og evnerike folk. Dei same evnene og framtaket finn vi og hjå borna til Malene og Arent Rake. Ei av døtrene, Gjertrud, kom nok til å bli verande på ein liten plass på Rake, men ho var den første jordemora vi veit om i Loen. Eit anna av borna, Arent, for til Amerika og slo seg ned i Iowa og tok seg land. Der grunnla han ein by som fekk namnet etter heimstaden Rake. Han fekk jarnbanestasjon der, og dreiv sjøl bankverksemd, og var den som sette alt i sving og fekk stor framgang i det distriktet. Dei var mange søsken og alle synte seg å vere framtøke med gode evner.