Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 3. Hungersår og tronge kår (frå 1783)

Nystove

Ho Olina og han Anders hadde moteke Sjurebruket godt på stell og med den nybygde røykstova. Men dei andre bustadhusa var og til forfall. Anders bygde difor strakst nystove på garden. Den var delt i ei stor stove, der ein hadde kister, gangklæde og sengklæde. Der var og to sengar til bruk om sommaren. Så var der eit lite kammers, men det var ikkje større enn at der var rom til ei seng og ein stol. Senga gjekk frå vegg til vegg og var fest til veggen. Det var tenestgjenta som hadde romet sitt der i sommarhalvåret. Der var eit lite glas med ei rute i veggen rett over senga. Ved sida av dette kammerset var der ein liten gong med trapp opp til loftet, der var det ymse klæder, ein høvelbenk inn med glaset. Der var og skomakar verkty og andre reidskap av ymse slag.

Når ein kom inn i gangen så var der til venstre av huset ein svalegang langs heile nystova. Der hadde dei gogn (vevstol) bom (renningestol) og fleire spinnerokkar, og andre husreidskap stod der når dei ikkje var i bruk. Der var også ei kiste og ymse andre ting i denne svalegongen.

På den andre sida av huset var det svalegang så langt som stoverommet fram til kammerset. Der var det ein open inngang mot nord. Der hadde dei rispelauv, serleg alm, som dei turka og bruka til grisefor. Sjurebruket hadde leigt ein teig med alm av Oppigardbruket på Sæten. Den låg opp under fjellet mellom Sande og Breng. Der var dei ein dag årleg og rispa lauv, dei bar det på ryggen i sekker eller gamle kvitlar (sengteppe) ned til vatnet, rodde det til Vassenden oq køyrde det der ifrå og heim. Der måtte dei legge det utover til turkings på kvorv før dei kunne legge det saman i stål inne i svalgangen. Dette slutta dei med kring 1915.