Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Vedlikehald av hesjane

Dei hadde og ei anna vinne som vi skal nemna noko om. Den gjekk for seg etter at ein hadde gjort seg ferdig med møkabreiinga på bøen om våren, og alle åkrane var pløgde og tilsådde. Då skulle alle hesjane på slåttebøen bindast og setjast i stand til slåtten. Dei hadde trehesjar på all slåttebøen som stod ute heile året. Dei hadde så mange hesjar ståande at dei i gode år rekna med å fylle dei med høy tre gongar, det sa dei slik: "I år fekk vi tre fyllgje med høy". Var det dårlegare år kunne det verte berre to "fyllgjer", men jamt over var det årvisst med høy.

Til desse hesjane nytta dei einestaur til å setje ned i marka, og det var kring 1 aln (63 dm) mellom kvar staur. Til å hengje høyet på nytta dei helst oretrode, det er tynne snarvaksne stenger av kvitor. Dei kunne også nytte rogn og kanskje selje, men det var sjaldan brukt her. Ein batt så trodene på einestauren med bjørkeband i 5 høygder. Desse banda var av tynne bjørkekvister som ein skar av i bladsprettinga. Ein kløvde dei i to etter mergen, det gjorde ein frå den tynnaste og fram over. Var det tjukke kvister, fekk ein meir enn to band av kvar kvist. Desse banda knytte ein så troda til stauren med.

Det var ein spesiell knut ein nytta til dette, ein hadde bandet ein eller to gonger i kring etter som det var langt til, så tok ein toppen på greina og braut saman til ei sløyfe, og batt så tjukkenden av bandet ikring og smette denne enden ned mellom troda og stauren og feste det på den måten så knuten ikkje gjekk opp igjen.

Dei hadde mange hesjar så det tok ofte to fulle dagar å binda alle hesjane om våren. For når bjørkerullane på bandet vart turre og sprø, hadde dei lett for å gå av, og når trodene stod slik ute i alt slags ver vinter som sommar, var det ikkje så lenge dei varde. Det laut difor ha sitt tilsyn kvart,einaste år.

Når ein fyllte dei med gras så kalla dei det graset dei la på ei trode mellom to staurar for ein "kvolm", -og alle 5 kvolmane mellom to staurar kalla ein eit "golv". Når ein skulle ta det igjen og leggje i børar kalla ein kvart fang som ein la i toget for ei "fengje".

Etter at dei hadde overteke nye bruka etter utskiftinga i 1898 og tok til å dyrke opp nyland og gamal eng som dei la igjen med grasfrø, vart det ikkje oppsette hesjar der, anna enn etter kvart dei hadde slege det, og hesjane tok dei ned etter at høyet og håa var kome i hus. Den stauren var oftast av kvit-or, og det var ca. 1 m mellom dei. No tok ein til å nytta ymse slags tog og snøre, men dei var lite varige, og ein gjekk over til å nytte hesjestreng etter kvart. Men ein heldt fram som før med trehesjar på den andre bøen. På Sjurebruket heldt ein fram med dette til dei siste hesjane vart tekna ned i 1933. Når ein no mest nytta slåmaskina alle stader ein kunne kome til var desse hesjane til stor møde. Også av den grunn var ein gla då dei kom bort.