Loen sokn - Loen - Sjurebruket - Ola Andersen LoenDetalj - Bilde - Kilde - Tekst

Ola Andersen Loen

Garden og ætta. Sjurebruket i Loen 5. Omskifte i jordbruk og levevis (før 1900)

Slakting og gjestebod

Han Ola slakta alle sine dyr sjøl, både storfe og sauer. Då turisttrafikken tok seg sterkt opp sist i 90 åra, trong hotellet mykje kjøt til gjestene om sommaren. Då kjøpte han Ola inn oksar som han slakta og leverte kjøtet på hotellet. Griser hadde han berre til husbruk, og det var helst berre ein for året. Han måtte vere både stor og feit, så det kunne verte drygt å skjere av til spekeflesk.

Det var ei ekstra høgtid når julegrisen skulle slaktast. Den dagen vart vald med ettertanke. Det måtte vere veksande måne, og flødande sjø, for elles skrumpa flesket inn når ein koka det. Han Mons kom og var med og slakta., det gjekk etter det gamle ritualet så lenge han Ola styrde med griseslaktinga slik det hadde vore gjort i fleire generasjonar før han. Dei var som regel tidleg oppe, alt i fem tida var dei oppe, om det passa med sjøen. Då kom dei mannsterke med sjålykt ut i grisehuset. Først var det å få band på eine bakfoten og drage i så grisen sette i eit hyl og opna kjeften. Då galdt det å vere parat og få på trantebandet, og det måtte ein få så langt opp på overkjeften og bak tennene så det ikkje for av. Medan grisen skreik og streta imot var det å draga han over heile tunet.

Grisen skulle like inn i stova. Han Mons gjekk føre og drog i trantebandet og han Ola skuva etter med tog på grisefoten, og så kom han Andreas med sjålykta og lyste for dei. Inne i stova stod ein bryggjeså eller noko liknande og oppå den låg ei dør, og der skulle grisen leggjast når dei skålda han og lema han sund.

I gruva i gangen hadde dei ein tunnekjel over varmen som dei heta skoldevatnet i. Det skulle vere nett under kokepunktet. Såg dei det kokte, slo dei ein skvett kaldevatn opp i kjelen. Det var og ein fast tradisjon korleis grisen skulle delast. Bukflesket skar dei av for seg sjøl, det vart kalla "boka". Det høvde ikkje til spekeflesk, og skulle vere til kokeflesk som ein bruka først. Ein tok og av toppen av sidebeina som eit stykke for seg sjøl, det kalla ein "kråka". Når ein hadde fått ut den andre innmaten så tok ein ut feittet "småltet" til sist. Det tjukkaste bruka ein til klubbefeitt, det andre samla ein saman. I eldre tid saksa ein det med ei lita øks, men seinare mol ein det med kjøtkvern. Så kokte ein det og når feittet hadde bråna tok ein og sila det slik at ein fekk kjøtmaten og det som ikkje var feitt ifrå. Når feittet hadde størkna så salta ein det og hadde det i skåler eller krukker. Dette var det ein kalla "smålt", og ein bruka det i staden for smør serleg på flatbrød att åt fisk, men ein brukte det og på brødskiver. Det som ein sila ifrå kalla ein "skræde", og det vart nytta til middagsmat med flatbrød til og fisk og poteter.

Når ein skulle leme opp grisen så skar ein sidebeina og ryggbeinet ut av flesket. Fleskehalvene med bog og skinke vart lagde i saltetroget med den eine opp på den andre og vart godt overstrødde med salt. Når saltet laka seg,måtte ein passe på at begge halvene vart passeleg salta. Når ein etter saltinga hengde det opp til turkings hadde ein ei bjørkeved i skinka og ei i bogen som ein drog ein hatlestav inn i for å hengje det etter når ein hadde det på staburet. Her skulle det hengje til det var spike og ferdig til bruk. Alt som var vinterslakta kring jul og ut over sa ein var speke når gauken gol.

Ho Olina og terna fekk eit stort arbeid å vaske ut or mage og tarmar, og få det forvelt og reinska så dei kunne male det og få det til pølser. Ein laga alltid spekepølser, sjøl om ikkje pølser av gris var så godt likt som av sau og storfe, så kunne ein ikkje kaste all denne gode maten bort.

Hovudet og labbar vart avskorne med busta på. Han Ola fekk varmen på igjen i gruva, og sette hovudet på ein trestake og heldt det inn i varmen og sveid busta av. Det same gjorde han med labbane. Hovudet vart kokt og oppskore til sylteflesk. Labbane salta dei og kokte til middag skjertorsdag.

Denne griseslaktardagen var ein hard dag, for same kvelden skulle det haldast stort klubbegjestebod i same stova. Slaktaren skulle så kome attende, og han Mons som var nærmaste slekta skulle kome med heile huslyden sin.

Då kvelden kom, var stova nyvaska og rein og fjelga, og alle merke etter slaktinga var borte. Det kom vel med for ho Olina at dei hadde vore tidleg oppe, for dagen vart ikkje for lang til å få gjere alt som skulle gjerast. Lampa var kveikt og talglys hadde dei både på bordet og ved omnen, for no hadde dei alt lenge hatt malmomn der røykomnen hadde vore. Over heile stova breidde det seg ein fin matein, frå den store gryta som stod og koka.

Høgdepunktet for borna var då han Mons kom med huslyden sin, og dei sette seg kring bordet. På eit stort fat låg den rykande mørke blodklubben saman med store stykke av bokeflesket og griselever og nyre. I klubben var det kvitt og fint feitt som mest bråna på tunga. Til denne svære fleskematen var det kokte poteter og kålrabi. Ein fekk sod som klubben og flesket var kokt i til suppe, og det var godt og velsmakande. Feittet som flaut opp på sodet hadde ein flått av og hadde sett på bordet i ei skål som ein kunne forsyne seg av saman med klubben.

Dette var eit storetar gjestebod, for den ferske maten var løstemat bade for born og vaksne. Det var eit måltid som serleg borna hugsa lenge. Eg har tenkt på det sidan, det likna på dei store gjesteboda det er fortalt om frå Valhall, der og var det den nyslagta grisen som var festmat, eller det var som eit gamaldags blotgilde. Dette var sikkert ein gamal skikk som hadde vart gjennom lange tider. Denne skikken varde på Sjurebruket til kring 1900.