Storerunden
Punkt: Gjølmunna.

Tilbake til turoversikt
Forrige punkt
Neste punkt
(eller velg punkt nedanfor)

Lenker til eksterne data

Tur: Storerunden i Loen
Informasjonspunkt: Gjølmunna.
.

Gjølmunna var ikkje med som informasjonspunkt då den digitale presentasjonen av Storerunden vart laga. Dette punktet kom med ved oppdatering i 2011 for å dukumnetere eit massedeponi i nærleiken av mi nausttomt. Det var deponert masse på nausttomtane til bruk nr 15 og nr 8. Massen som var deponert kom frå utgraving av tomter i området for hotel Alexandra.

Ved oppdatering av storerunden i 2017 var det punktet ved gjølmunna det var mest nytt å fortelje om: Ny molo for naustbygging, Forebygging av Gjølmunna og Skylift Loen til Hoven. Eg prøver å dekke desse punkta med eigne bilde, men lar Fjordingen fortelje historia for kvart av desse prosjekta.

Den nye Moloen på austsida av Gjølmunna er minst omtalt av Fjordingen. Historia bak denne er at nasuttomtane mellom den gamle kaia og Gjølmunna gjekk med til utfylling av området for Hoven-prosjektet. Først var det planar om å lage til erstatningstomter på vestsida av kaia, men her vart det funne kvikkleire. Det var derfor uaktuelt med bygging av Molo der. Det vart då bestemt at det skulle byggjast ein molo på austsida av Gjølmunna med nausttomter for dei som hadde mista nausttomtane sine. Arbeidet med denne er tilnærma ferdig i 2017. Dette prosjekte er nemnt i ein artikkel om forebyggina av Gjølmunna. Det var masse frå dette prosjektet som vart nytta til bygging av moloen.

Forebygging av Gjølmunna var nødvendig for å sikre hotellet og bustader i området og gjere det forsvarleg med vidare utbyggin. Fjordingen har hatt artiklar om forebygginga frå planlegging i 2012, om utføring av arbeidet i 2014 og fullføring i 2015 .

Det store prosjektet i omårdet er Pendelbana til Hoven. I 2013 var det laga konkret planar . Prosjektet fekk merksemd ut over kommunen og i 2015 var det omtale i VG. Prosjektet oppnådde finasiering og i 2015 vart det skrive kontrakt med leverandør av pendelbana. I tillegg til sjølve bana vert det bygt restaurant på toppenog og i 2016 var bygging av restauranten . i full gang. Prosjektet har fått nament Skylift Loen og vert opna av dronning Sonja 20.5.2017. I magssinet "Byggindustrien" (bygg.no) er det en meget interessant artikkel om gjennomføring av prosjektet med ros av lokale leverandører.

Fottur Storerunden.
Punkt: Gjølmunna. Bilde

1. Massedeponiet på nausttomtane utenfor Gjølmunna 2011.
2.Utfyllinga på nausttomtane utanfor Gjølmunna i 2015
3. Moloen ved gjølmunna før ny utfylling i mai 2015.
4. Moloen ved Gjølmunna under opparbeiding i oktober 2015
5. Moloen ved Gjølmunna nesten ferdig i mai 2016.
6. Forebygging av Gjølmunna- øverst. August 2015
7. Forebygginga av Gjølmunna. Utsikt nedover frå toppen. August 2015.
8. Forebygginga av Gjølmunna. Oversikt sett frå Loåsvegen. August 2015
9. Utsikt mot den nye moloen og arbeidet med fjordstasjonen for Hoven. Hausten 2016.
10. Hoven. Fjordstasjonen før åpninga i 2017
11.Hoven. Utsikt frå restauranten på toppen før åpninga i 2017.
12. Ledig bildeplass for Hoven 2017

Neste punkt er ved inngangen til hotel Alexandra.