Resten av Noreg - Sokn Gulen. Alle - Dingja i Gulen - Dingja, bruk nr 1Detalj - Eier/bruker - Bilde - Kart - Tekst

Dingja, bruk nr 1

Eier/Bruker

Nils Gregoriusson Sætre, f. 1749, bruker: 1785
Nils vart bruke ved å gifte seg med enka på bruket: Marit Sjursdatte. Nils var gift 3 gonger men alle barna var med kone nr 2, Jørnille Ivarsdatter
Gregorius Nilsson Dingja, f. 1791, bruker: 1814
Han var bruker frå 1814 til han døydde i 1820
Ola Nilsson Dingja, f. 1795, bruker: 1821
Ola overtok bruket etter broren Gregorisu. Gregoisu døydde i 1820. Han hadde berre ein son (Nils) som var ca 2 år då faren døydde. Nils døydde ugift i1834 og vart aldri brukar. Ola som overtok bruket, gifte seg med enkja etter broren, Kari Ivarsdatter, 5.1.1821 og vart brukar på Dingja bruk nr 14/1. Dei fekk 4 born
Gregorius Olson Dingja, f. 1822-05-27, eier: 1850, bruker: 1847
Gregorius kjøpte bruket og fekk skøyte 30.5.1850. I 1877 vart det fråskilt eit bruk som i dag har bruksner 14/2
Mons Monsson Indre Oppedal, f. 1856-08-29, eier: 1880
Mons vart gift 7.6.1881 med Berete Serene som var dotter til den førre brukaren på bruk nr 1 på Dingja (som hadde retten til bruket etter bror sin som vart gift til anna bruk)
Mons Monson Dingja, f. 1882-04-07, bruker: 1915
Mons d.y.tok over bruket mellom 1910 og 1920 og dreiv det til han døydde 5.2.1951. Han var ugift.
Torkell Monsson Dingja, f. 1894-09-30, eier: 1951, bruker: 1951
Søskena Trine Botilde Sætenes, Hansine Dingen og Torkell Dingen kjøpte bruket 1951 men det var Torkell som dreiv det . Han var brukar då bygdeboka vart skriven i 1973.
Hansine Monsdatter Dingja, f. 1887-09-15, eier: 1951
Søskena Trien Botilde Sætenes, Hansine Dingen og Torkell Dingen kjøpte bruket 1951 men det var Torkell som dreiv det . Han var brukar då bygdeboka vart skriven i 1973.
Trine Botilde Monsdatter Dingja, f. 1884-12-11, eier: 1951
Søskena Trien Botilde Sætenes, Hansine Dingen og Torkell Dingen kjøpte bruket 1951 men det var Torkell som dreiv det . Han var brukar då bygdeboka vart skriven i 1973.
Kjell Leif Konradson Dingja, f. 1948-05-21, eier: 1984
Kjell Leif var fødd på bruk nr 2 på Dingja. Han kjøpte ei tomt på dette bruket , tomta fekk bruksnr 11. Hovednæringa hans var fiske og fraktfart. Han gifte seg i 1969 med Linda Ellinor Liseth Kalvåg. I 1984 kjøpte dei bruk nr 1 frå Torkell Dingja. Bruket var då ikkje i drift. (Alo: Eg kan ikkje sjå at desse har slektskap til tidlegare slekt på bruk 14/1) Kjell Leif sette opp hønsehus og byrja med sau.