Magnebruket
Etterslekt for personar fødde på Sjurebruket 9. Ole Andersen Loen si slekt i USA
Anna Pernille Rake (1862 - 1891)
Anna Pernille var dotter til Arent Arentson Rake og Malene Olsdotter Loen. Ho kom til Amerika i 1882 og gifte seg same året med Ole Andersen Loen som kom til Amerika året før. Dei busette seg i Blue Earth Minnesota. Dei hadde 5 born: Ida Marie, Louise, Andrew, Albert og Andreas.
- Ida Marie (1883 - 1942) gifte seg med Gene Porter (f. 1886). Dei hadde ikkje born.
- Louise (1885 - 1893) døde av difteri.
- Andrew (1887 - 1962) var ugift
- Albert (1889 -1966) gifte seg med Anna Hanson (f. 1890). Dei hadde 7 born: Agnes Ovidia (1910), Gladys Luella (1912), LLoyd Raymond (1912), Ruth Irene (1915), Margaret Helene (1920), Orville Duane (1922) og Gordon James (1925). Frå kona til Gordon James, Delores Maye Daniel, fekk vi tilsendt opplysningar om alle etterkomarane etter Albert med bilete.
- Andreas (1891 - 1965) gifte seg med Anna Abrahamson (f. 1890). Dei hadde ikkje born.
|