NordfjordKart - Tekst

Nordfjord

Bygdeskildring. Nordfjord. Oversikt

Lokalisering, samt administrativ og geistleg inndeling

For dei som ikkje kjenner Nordfjord: Lokaliseringa er på på vestkysten av Noreg i Vestland fylke på ca 62 grader nordleg bedde og ca 6 grader austleg lengde. Sjå oversiktskart over
Europaog
Noreg

Nordfjord er den 110 kilometer lange fjorden frå Måløy til Loen. Regionen omfattar før 2020 dei 7 kommunane Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen og Stryn. Med unntak for delar av Bremanger som høyrde til Sunnfjord, tilsvara dette stort sett Nordfjord futedøme slik det er avgrensa på kart i den trykte matrikkelen frå 1647.

Nordfjord (før 1920) med kommunegrenser og kommunenamn

Det som er kalla Nordfjord i denne presentasjonen er i dag (2004) samanfallande med Nordfjord prosti etter den geistlege inndelinga. Deler av Bremanger kommune høyrde tidlegare til Sunnfjord prosti. Distriktet høyrer til Bjørgvin bispedøme.

Nordfjord prosti er inndelt i 9 prestegjeld: Bremanger, Davik, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal, Stryn og Innvik. Kvart av prestegjelda er inndelt i fleire sokn. Grensene for prestegjelda føl ikkje alltid kommunegrensene. Sjå kartutsnitt som viser
Den geistlege inndelinga for Nordfjord i 1979.