Nordfjord - 4651 StrynKart - Tekst

4651 Stryn

Bygdeskildring. Stryn kommune. Oversikt


Utsnitt av sattelittbilde som viser Stryn kommune

Stryn kommune ligg innst i Nordfjord i det nordaustlege hjørnet av Sogn og Fjordane Fylke. Stryn er i utstrekning i underkant 1.400 kvadratkilometer og 6.700 personar bur i kommunen (2002). Rundt 2000 bur i kommunesenteret Stryn.

Stryn kommune grensar til Sunnmørskommunen Stranda med dei kjende turistbygdene Hellesylt og Geiranger i nord og Opplandskommunen Skjåk i aust. I vårt eige fylke grensar kommunen til Jølster og Luster i sør, grensa går midt over Jostedalsbreen. Naboane i vest og nord er Hornindal, Eid og Gloppen. Meir detaljert omtale for Stryn kommune er gitt i eigne kapittel for kvar av gredene (sokna) i kommunen.

Omvisninga i Stryn kommune kan starte på vegen frå Gloppen over Utvikfjellet. Frå Karistova er det utsikt over indre del av Nordfjord. Frå fjellet kjem ein ned til Utvik og kan ta ein avstikkar vestover langs fjorden til Morldreim. Deretter går turen vidare til Innvik (sjå kapittelet om Vikane).

Frå Innvik køyrer ein innover langs fjorden til Olden med tur til Oldedalen (Sjå kapittelt om Olden sokn). Turen går vidare rundt Stavnest og inn til Loen. (Sjå eig kapittel om Loen sokn som også omfatar gardane langs fjorden på vegen mot Stryn). Stryn er kommunesentner og er omtalt i kapittelet om Nedstryn sokn.

Frå Stryn kan ein reise vestover langs riksveg 15 mot Måløy, og ved Svarstad ta ein avstikkar til bygdene Faleide, Blakset, Fjelli og Hopland (sjå kapittelet om Nordsida).

Frå Stryn kan ein også reise oppover Strynedalen (sjå kapittelet om Oppstryn) over Strynefjellet og til Skjåk. Sommarstid kan ein køyre den gamle vegen om Videsæter hotell og sommarskiseteret på Strynefjellet. Før ein forlet Stryn må ein også ta ein tur på nordsida av Strynevaten til Flo.

Sjå vegkart for Stryn kommune fordelt på
Vikane og Nordsidaog
Stryn, Loen, Olden

Kommunevåpenet med dei 4 lindeblada symboliserer bygdelaga kring fjorden, og at linda er eit av treslaga i den freda nordlegaste edellauvskogen i Europa.

Innvik (Utvik, Olden og Nordsidebygdene) var eigen kommune fram til 1965. Som resultat av Skei-komiteen sitt framlegg vart Innvik kommune og Hoplandsgardane slege saman med "gamle" Stryn. Det same skjedde med Hornindal kommune. Hornindal braut ut av storkommunen at i 1977. Faleide var det gamle sentrum i Innvik kommune. I åra fram til kommunesamanslåinga var administrasjonen plassert i Innvik.

Jostedalsbreen som i stor utstrekning ligg i Stryn kommune, er største isbreen på fastlandet i Europa. Mest kjende brearmane er Kjenndalsbreen i Lodalen og Briksdalsbreen i Oldedalen. I dette området ligg også høgaste fjelltoppen i kommunen - Lodalskåpa som er 2.083 m.o.h.

For meir informasjon om Stryn kommune viser ein til Fylkesleksikonet (sjå undeer menyvalget "tekst" øverst): "http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Stryn"