Nordfjord - 4649 SeljeKart - Tekst

4649 Selje

Bygdeskildring. Selje kommune. Oversikt


Utsnitt av sattelittbilde som viser Selje kommune

Selje kommune ligg lengst mot nordvest i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen omfattar botnen av sildegapet, øyane Barmen og Selja og heile Stad-halvøya. I sør og sørvest grensar kommunen mot Vågsøy kommune. I aust og nordaust mot Sunnmørskommunane Vanylven og Sande. I nordvest har Selje yttergrensa for Noreg mot det åpne havet.

På dei 220 km2 bur det 3100 personar, og i naturen finn ein både steile fjell og kvite sandstrender.

Ein rundtur i kommunen kan starte frå Åheim på Sunnmøre til Kjøde. Turen kan gå vidare nordover Stad til Leikanger og til Vestkapp. Tilbaketuren kan ha avstikkarar til Ervika, til Hoddevika og til Drage og via Sandvikseidet ende i tettstaden Selje. Opphaldet i Selje inkluderar ein båttur til øya Selja og klosterruinane. Frå Selje kan turen gå langs kysten via Flatraket til Måløy. Sjå
Detaljkart for Selje

Olav A Loen har skrive eit skodespel der hendinga er lagd til Dragseidet i Selje. Dette skodespelet heiter Kolbein Sterke. Skodesplet er ikkje trykt og utgjeve, men det vil seinare bli lagt ut på heimesida til Audun Loen som eige tekstdokument. Om den historiske hendinga som er utgangspunktet står det følgjade i Fylkesleskonet:

"Olav Tryggvason samla i 977 bøndene frå Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke til ting på Dragseidet. Med ein stor hær i ryggen, baud kongen dei frammøtte å bli kristna, eller å halde slag med han. Bøndene såg at overmakta var for stor, og let seg tvangskristne".

Selje er ein turistkommune, og mange kjem hit for å besøkje Selje kloster som er tufta der helgenen St.Sunniva flaut i land og måtte gøyme seg vekk frå vikingane. Det er og St.Sunniva som prydar kommunevåpenet.

På Vestkapp ytterst på Stad får ein eit fabelaktig utsyn over det ville havet i området.

Sjølv om turismen er veldig stor i kommunen er også her landbruk og fiskeri viktigast saman med fleire industriverksemder. Selje har fylkets største fiskeflåte og ein landskjend plastbåtindustri. På Flatraket ligg suksessbedrifta Fiskevegn. Det var fylkets største industrigründer, Wald Drageset, som la grunnlaget for det moderne Selje.