Nordfjord - 1577 HornindalKart - Tekst

1577 Hornindal

Bygdeskildring. Hornindal kommune. Oversikt


Utsnitt av sattelittbilde som viser Hornindal kommune

Hornindal høyrde i gamle dagar til Eid kommune, men 1. januar 1867 vart Hornindal skilt frå Eid og fekk status som eigen kommune. Hornindal omfatta då grendene på begge sider av Hornindalsvatnet nesten til utløpet i vest. I 1965 vart Hornindal delt mellom Eid og Stryn. Omtrent alle grendene på nord- og sørsida av vatnet kom til Eid kommune. Berre den inste delen av vatnet frå Kjøs til Otterdal og sjølve Hornindalen, dalføret frå kommunesentret Grodås og nordaustøver til fylkesgrensa, kom til Stryn kommune.

Men honndølene likte ikkje "ekteskapet" med Stryn, og det vart skilsmisse. Hornindal vart gjennoppretta som eigen kommune i 1977, men sterkt redusert i areal. Hornindal kommune er i dag 192 kM2, og folketalet 1220 (1.oktober 1993).

Jordbruk med husdyrhald er den viktigaste næringa i kommunen, men også skogen er viktig næringsveg, og gjev råstoff til ein god del trevareindustri. Møbelfabrikkane J.E.Ekornes A/S og Hjellegjerde møbler A/S på Sunnmøre har underavdelingar i Hornindal, som sysselset tilsaman om lag 100 menneske.

Hornindal er kjend for å ta godt vare på gamle tradisjonar. Gammal kultur vert halden i hevd, amen det gjeld musikk eller handverk.

Ein tur gjennom Hornindal kan starte frå Kjøs der ein tek av frå riksveg 15. Turen går gjennom kommunesenteret Grodås, der ein kan ta ein avstikkar til Otterdal. Vidare går turen frå Grodås norover gjennom Indre Hornindal til Hellesylt og Stranda på Sunnmøre. Sjå
vegkart for Hornindal kommune

Landskapet er ikkje så dramatisk som lenger inne i Nordfjord. Inne i sjølve Hornindalen kan det minne om Austlandet, og her ligg nokre av dei største og beste beitedalane i Nordfjord.

På dialekt er det vanleg å kalle Hornindal for Honndalen, og folket honndøler. Honndølene har stor kjærleik til bygda si, slekta, jorda, garden og tradisjonane.

I dag er det mykje kortare frå Hornindal til Stryn sentrum enn frå Vikane til Stryn.

Kjelde: Indre Nordfjord av Olav Jakob Tveit