Nordfjord - 4649 EidKart - Tekst

4649 Eid

Bygdeskildring. Eid kommune. Oversikt


Utsnitt av sattelittbilde som viser Eid kommune

Eid kommune ligg midt i Nordfjord på nordsida av fjorden. Kommunen strekkjer seg frå Lefdal ved grensa mot Vågsøy i vest langs fjorden til kommunesenteret Nordfjoreid som ligg i botnen på Eidsfjorden. Eidsfjorden er ein sidefjord til Nordfjord, og i same retning som Eidsfjorden ligg Horninsdalsvatent lenger aust. Eid kommune omfattar også den vestre delen av området rundt Hornindalsvatnet og grensar der mot Hornindal kommune. I aust grensar Eid også mot Stryn kommune på den delen som vender mot Nordfjord. Ved fjorden går grensa mot Stryn austanfor Hennabygda aust for Lote. Eid kommune omfattar også halvøya mellom Eidsfjorden og Nordfjord. I sør grensar Eid til Gloppen kommune og i sørvest mot Bremanger. Grensa meot desse kommunane går i fjorden. I nord grensar Eid mot kommunane på Sunnmøre.

Rundturen i Eid kommune kan staret frå Stryn ved Kjøs. Derifrå går vegen utover langs Hornindalsvatent, forbi Holmøyane og Skredestranda til Nor ved enden av vatnet. Derifrå kan ein køyre innover på nordsida av Hornindalsvatent forbi Heggja til Navalaker. Komne tilbake til Nor, køyrer ein vidare sørover via Hjelle der ein kjem inn på E39 og derifrå til Nordfjordeid. Før ein forlet den indre delen av Eid kom,mune kan ein også ta turen til Lote og vidare innover langs Nordfjord til Hennebygda. Sjå
vegkart for indre del av Eid kommune

Frå Nordfjordeid kan ein ta ein rundtur på halvøya mellom Eidsfjorden og Nordfjord. Denne turen går rundt Hmnneset og innover på sørsida til Torheim. Der stoppar vegen. For å kome til Hundsvika må ein køyre tilbake og ta ein veg tvers over halvøya. Etter denne rundturen kan ein køyre utover på nordsida av fjorden til Haugen og der ta ein sideveg via Hjelmelandsdalen og kome tilbake til riksveg 15 ved Stårheim. Vidare går turen gjennom Kjølsdalen til Lefdal og til grensa mot Vågsøy kommune. Sjå
vegkart for ytre del av Eid kommune

Nordfjordeid er "fjordhestens Mekka". Dei årlege hingsteutstillingane samlar fjordhestefolk frå heile verda. Opera Nordfjord er eit anna årvisst høgdepunkt. På Eid låg landets eldste ekserserplass, og millionæren Singer bygde sjukehus for Nordfjord her.