Nordfjord - 4650 GloppenKart - Tekst

4650 Gloppen

Bygdeskildring. Gloppen kommune


Utsnitt av sattelittbilde som viser Gloppen kommune

Gloppen kommune er samansett av dei tidlegare kommunane Gloppen og Breim,og ligg midt i Nordfjord, på sørsida av Nordfjorden. Rekna frå aust og med klokka grensar Gloppen til følgjande kommunar: Stryn, Jølster, Naustdal, Flora, Bremanger og Eid (på den andre sida av fjorden).

Nordfjord sin einaste flyplass ligg i Gloppen kommune på Anda. Frå Anda er det fergesamband over fjorden til Lote i Eid kommune. Kommunesenteret er Sandane som ligg i boten av Gloppefjorden, ein sidearm til Nordfjford som går sørover frå hovedfjorden. På Sandane ligg Nordfjord folkemuseum. Sjå link under Dokumentoversikt

Ein rundtur i Gloppen kommune kan starte med ferge frå Lote til Anda. Frå Anda går turen inn Gloppefjorden til Sandane. Etter eit besøk på Nordfjord Folkemusem kan turne gå ut Gloppefjorden på vestsida og inn Hyenfjorden til Hyen. Rundturen kan ha ei sløyfe innom Sunnfjord via Førde og Jølster, og kome tilbake til Gloppen kommune frå Våtedalen til Byrkjelo. Frå Byrkjelo kan ein ta ein tur på sørvest-sida av Breimsvatenet før turen går tilbake til Sandane. (Bildegalleri frå turen skal kome inn her) Sjå
Vegkart for Gloppen

Kommunen har ca 5.700 innbyggarar.

Gloppen er den største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane, og står for 10 prosent av mjølkeproduksjonen i fylket. Mykje av industrien i kommunen er skapt på grunnlag av lokale jordbruksprodukt. På Breim ligg det store sentralmeieriet. Kommunen er senter for pelsdyrproduksjonen i landsdelen.